Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Temperatur i havoverflata onsdag 4. august. Illustrasjon frå NOAA

Jordas varmeovn har skrudd seg på

I år er det berre dei lange lyse kveldane som minner oss om at det er sommar. Er det slutt på den globale oppvarminga?

Body

Av Tore Furevik, professor i oseanografi og direktør ved Bjerknessetenteret. Først publisert i Bergens Tidende 26. juli 2015

 

Ved slutten av juli kan me allereie slå fast at det vart ingen repetisjon av fjorårets supersommar. Med lufttemperaturar godt over 30 grader, og badetemperaturar ikkje langt etter. I år er det berre dei lange lyse kveldane som minner oss om at det er sommar. Er det slutt på den globale oppvarminga?

Ein skal ikkje reise langt før biletet ser annleis ut. Sørover i Europa har land etter land sat nye temperaturrekordar siste månad, det same har vore tilfelle i USA og i Australia. I mai var det India og Pakistan og deler av Kina som sette varmerekordar, med fleire tusen dødsfall relatert til hetebølgjene. Slike hendingar vert stadig meir vanleg etter kvart som kloden vert varmare, og kombinert med sviktande vassforsyning og mindre avlingar er dette truleg den største trusselen som klimaendringane vil utsetja oss for i dette hundreåret.

Drivhuseffekten fører til at jorda mottar meir energi frå sola enn ho sender tilbake til verdsrommet. Av denne overskotsvarmen ender det aller meste opp i havet. Målingar syner at vatnet jamt og trutt vert varmare, og at jorda i netto mottar litt meir enn ein halv watt per kvadratmeter. Dette høyrest lite ut, men summert over jordas overflate vert tala ubegripeleg store. Det svarar til effekten av 250 milliardar kokeplater, kvar på 1000 watt. Med den energien ville vi kunne få Mjøsa til å koke på 24 timar eller smelte vekk alle landets isbrear på fire dagar.

Sidan vi ikkje lever i havet, er våre lengste og beste temperaturmålingar like over landjorda eller over havet. Dei siste ti til femten åra har oppvarminga vore mindre enn forvente ut frå auken i drivhusgassar åleine. Dette har fått mange til å hevde at klimaet er mykje mindre følsamt for drivhusgassar enn det som FN sitt klimapanel kjem fram til, ei tvil som har fått fotfeste hos fleire profilerte forskarar og politikarar også her til lands. Korleis kan det ha seg at trass i rekordhøge utslepp av drivhusgassar, har temperaturen på jorda nesten ikkje auka?

Nettopp dette har vore gjenstand for veldig mange studie dei siste åra, og både målingar og modellar peikar på Stillehavet som er jokeren. Dette enorme havområdet er like stort som alle andre hav lagt saman, og større enn alle landmassar på jorda. Det er også sentrum for verdas største naturlege variasjon i klimasystemet. Det måtte ein nordmann, Jack Bjerknes, til for å forklare korleis dette hang saman.

Stillehavet er dominert av høgtrykk over kaldt vatn utanfor kysten av Chile og Peru i aust, og lågtrykk over veldig varmt vatn ved Indonesia og Malaysia i vest. Skilnaden i lufttrykk set opp passatvindane, som bles frå aust mot vest over Stillehavet. Passatvindane pressar varmt overflatevatn vestover, slik at vatnet i aust vert erstatta med kaldt og næringsrikt vatn frå djupet. Dette opprettheld skilnadane i temperatur mellom aust og vest, og desse skilnadane er igjen med på å oppretthalde skilnadane i lufttrykk.

Enkelte år vil ei tilfeldig forstyrring i havet eller lufta kunne bringe dette ut av likevekt. Fører ein passerande storm til dømes til at passatvindane vert litt svakare, vil det føre til mindre transport av vatn mot vest. Dermed vert vatnet utanfor kysten av Sør-Amerika varmare, høgtrykket blir svakare, og passatvindane endå meir svekka. Eit blaff frå ei sommarfuglvengje kan med andre ord setta i gong ein kjedereaksjon der havet og atmosfæren saman varmar opp det austlege stillehav. Slike episodar er kjent under namnet El Niño. Den sterkaste som nokon gong er målt var i 1997- 1998, då temperaturane aust i Stillehavet nådde fem grader over normalt og den globale temperaturen spratt i vêret med 0,2 grader.

Etter 1998 har Stillehavet stort sett vore dominert av sterke passatvindar, det motsette av El Niño. Dette har ført til unormalt kaldt vatn aust i Stillehavet, og mindre global oppvarming enn under elles normale forhold. Vest i Stillehavet har vatn blitt stua opp og ført til ei havstigning som her har vore dobbelt så rask som gjennomsnittet på Jorda. Mykje av det varme vatnet har blitt frakta under overflata inn i det Indiske hav der fleire forskargrupper har funne overskotsvarmen som drivhuseffekten har ført til dei siste 15 åra.

LES OGSÅ: Svakere vinder kan redde Sydhavsøyene - enn så lenge  Innsiktartikkel av Tore Furevik, Noel Keenlyside og Edvard Hvidding

Målingar og modellar viste allereie i fjor teikn på at El Niño hadde byrja å røre på seg att, og det såg lenge ut til at det skulle bli ein kraftig episode allereie same haust. Det viste seg å vera falsk alarm og det vart berre ein veldig beskjeden oppvarming i Stillehavet. Men likevel nok til at 2014, med atterhald om statistisk uvisse, vart kåra til det varmaste året som har vore målt på kloden.

Raude fargar viser unormalt varme temperaturar i havoverflata, blå fargar viser unormalt varme temperaturar. Kjelde: NOAA


I år er det derimot ingen tvil. El Niño er i gong, og utviklinga så langt liknar på situasjonen for 18 år sidan. Overflata aust i Stillehavet er allereie tre grader varmare enn normalt, og aukar raskt. Det same gjer den globale temperaturen som for januar til mai i år har vore langt høgare enn fjoråret. Sesongvarsel basert på ulike modellar og statistiske metodar sprikar ein del, men toppen vil truleg først nås mot slutten av året og El Niño halde fram eit stykke ut i 2016. Heldigvis ser det ikkje ut til at El Niño vert fullt så sterk som i 1997-1998.

Overflata aust i Stillehavet er allereie tre grader varmare enn normalt, og aukar raskt.

Konsekvensane av El Niño er store. Alle dei store versystera vert påverka, med tørke og varme over Sør-Afrika, India, Indonesia og Australia, og kraftig nedbør og ofte flom og ras langs kystane som avgrensar dei austlege delane av Stillehavet. Det første er dårleg nytt for mange område som allereie er råka av hetebølgjer og nedbørsmangel. Det siste kan vera godt nytt for tørkeramma California.

Dei direkte effektane på vêret er små her hos oss, men indirekte vil me likevel kunne merke det som skjer i Stillehavet. Chile og Peru er store fiskerinasjonar, og fisket etter ansjos utanfor Peru er det rikaste i verda. Under El Niño stoppar tilførselen av næringsrikt vatn frå djupet, med dramatisk reduksjon i fiskebestandane. Om lag 25 prosent av verdas fiskemjøl kjem frå Peru, dobbelt så mykje som det Chile på plass nummer to produserer. Når fiskemjøl frå Sør-Amerika er viktig råstoff til fiskefôr for norsk oppdrett av laks og aure, er det all grunn til å følgje med på kva som skjer med fiskeria i Chile og Peru i tida som kjem.