Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Kraftig monsunregn i Mumbai, 2006. Foto: Rakesh Krishna Kumar, via Wikimedia Commons

Ekstremnedbør i India i eit varmare klima

Silje Lund Sørland disputerer fredag 24. april 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Monsoon low-pressure systems – the precipitation response to atmospheric warming”

Body

Sidan varm luft kan innehalde meir fuktighet enn kald luft, er det forventa at det kan bli meir intens nedbør i eit varmare klima. Kraftig nedbør over kort periode kan føre til flaum og jordras, og fleire slike hendingar er ein frykta konsekvens av global oppvarming. Dei siste åra har det vert alvorlege flaumkatastrofar i sørvest Asia under monsunen, som har gitt store sosiale og økonomiske konsekvensar. Denne avhandlinga viser korleis klimaendringane kan forsterke slike problem i India.

Monsun gir tørre vintrar og våte somrar i India. Nedbøren som kjem i løpet av sommarmonsunen er svært viktig for folkerike India, særleg sidan regnet bidrar til blant anna gode jordbruksavlingar. Ein god monsun betyr derfor at rikelig regn kjem på rett plass til rett tid. Lågtrykk som oppstår under monsunen er viktig for å fordele nedbøren utover det Indiske kontinentet, men med desse monsunlågtrykka kjem det også ofte ekstrem nedbør.

Nedbøren er avhengig av kor mykje fuktighet det er i atmosfæren, der varmare luft inneheld meir fuktighet enn kaldare luft. I denne avhandlinga har vi utført idealiserte eksperiment der vi studerer monsunlågtrykka i ein varmare og meir fuktig atmosfære. Det vi ser er at i ein varmare atmosfære med meir fuktighet tilgjengeleg, kan lågtrykka gi meir intens nedbør, og lågtrykka kan også gå lenger inni landet og sleppe intens nedbør i områder som nødvendigvis ikkje har opplevd så kraftig nedbør før. Konsekvensen av dette kan vere fleire flaumkatastrofar, gjerne i områder som ikkje har vert utsatt for flaum tidlegare.

Denne avhandlinga bidrar til å forstå kva mekanismar som er med å endre nedbørsintensiteten i ein varmare og meir fuktig atmosfære. Nedbøren knytta til lågtrykka er svært sensitiv til endringar i temperatur og fuktighet. Men, nedbørsintensiteten er ikkje berre er avhengig av kor mykje fuktighet det er i atmosfæren, kraftigare oppstigande luft er med på å auke nedbøren ytterligare. 

 

Silje Lund Sørland. Foto: UiBPersonalia:

Silje Lund Sørland (f. 1982) kjem frå Innvik i Stryn kommune. Ho har ein MSc. i meteorologi frå Universitetet i Oslo (2009), og delar av masterutdanninga er tatt ved University of Washington (USA). 

Silje jobba som forskar ved Meteorologisk institutt i Oslo i eit år før ho vart tilsett som stipendiat ved Universitetet i Bergen i 2010. Doktorgradsarbeidet er utført ved Geofysisk institutt og delvis ved National Center for Atmospheric Research (NCAR) i USA. Rettleiarar har vore Asgeir Sorteberg (UiB og Bjerknessenteret) og Roy Rasmussen (NCAR). 

Portrettfoto: Michael Gauss/ UiB