Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Bjerknessenteret i Asiaekspansjon

Medan Bjerknessenteret tradisjonelt har hatt sitt nedslagsfelt i nordområda, er forskingsområdet no utvida også til Asia. BCCR har  samarbeid med institusjonar i Bangladesh, India, Kina og Thailand. 

Ein samnemnar for landa i Søraust-Asia er at dei er avhengige av monsunregnet for vatn og matproduksjon. Fell monsunen bort, blir det tørke. Blir det for mykje regn blir det store flommar. Fleire milliardar menneske lever i dei asiatiske monsunområda, men klimaforskinga har til no ikkje kunne seie klårt frå om korleis monsunen vil utvikle seg i den globale oppvarminga.
 

Eystein Jansen, direktør for Bjerknessenteret, viser til at Bjernessenteret har eit formål å studere regionale klimaendringar i eit globalt perspektiv.

– Det er både svært viktig og det er spanande faglege utfordringar knytta til å gje betre klimascenarier for områda i Sør-Asia. Ikkje minst er dette dei kanskje aller viktigaste områda i verda når det gjeld behovet for å tilpasse seg klimaendringane og å redusere klimatiske risikofaktorar. Slik sett dreier dette seg om framtida til fleire hundre milliardar menneske. Vi vil bidra til dette med kompetansen vår, seier Eystein Jansen.  

I byrjinga av juni var representantar frå alle dei fire samarbeidspartnarane tilfeldigvis tilstade i Bergen på same tid.  Tre forskarar frå India og to ph.d.-studentar frå Kina var her på utveksling i samarbeidsprosjekt. Frå Thailand og Bangladesh kom samarbeidspartnarane på prosjektbesøk. 


Framme frå venstre: Michel d. S Mesquita , Abu Syed, Eystein Jansen og Atiq Rahman. Bak frå venstre: Tore Furevik, Birgit Falch og Bichit Rattakul. Foto: Gudrun Sylte

 

Lite demokratiske klimakonsekvensar

Atiq Rahman er verdskjend for si forsking på verknadane av klimaendringar. Han er direktør for Bangladesh Centre for Advanced Studies (BCAS) i Dhaka, på besøk i Bergen haldt han også eit gjesteforedrag på Geofysisk insitutt.  

– Framtidas klimaendringar vil hardast gå ut over dei som har minst. Den globale oppvarminga er ikkje demokratisk, sa Rahman i sitt foredrag. 

I tropiske strøk, der befolkninga er tettast og mange menneske lever under fattigdomsgrensa, vil klimaendringane også få størst konsekvensar. Det er både fordi global oppvarming ikkje betyr jamn fordeling av varmen, men også fordi fattige land dårleg infrastruktur til å møte konsekvensane. Medan det er venta mindre temperaturauke her i nordlege strøk, kan ein få opp til to grader temperaturauke i Søraust-Asia. 

Klimaet i det tropiske beltet er prega av tørr vinter og nedbørrik monsun om sommaren. Dersom monsunen endrar seg, vil det gå ut over landbruket. For mykje vatn, for lite vatn, vatn til feil tid er moment som alle kan gje konsekvensar for matvareproduksjonen. 

 

Å førebu seg på klimaendringar

Rahman viser til Bangladesh som eit kroneksempel på ulykkelege omstende ved ei temperaturauke på to gradar. Elvane, som har sitt opphav i Himalayafjellkjeda, vil auke ettersom breane smeltar og nedbøren aukar, det gir større risiko for flom, og større flommar enn før. Ei auke i havoverflata på ein meter vil sette 17 prosent av Bangladesh under vatn, og skape 20 millionar klimaflyktningar. Fleire og sterkare syklonar dreg med seg saltvatn innover land og åkrar og skapar vanskar for matproduksjonen. 

– Måten me kan møte dette på er å førebu oss på klimaendringar. Det gjeld til dømes ved bygging av vegar og bygningar, mange forsøker seg på bygging av flytande hus.

Frå Bangladesh sitt perspektiv er det om å gjere å få verda med på eit spleiselag for å gjere dei som vert hardast råka og som har bidrege minst til menneskelege CO2-utslepp til å verte betre rusta til å møte ringverknadane av temperaturauke og auke i syklonar I København på COP15 var målet å få til eit fond for tilpassing til klimaendringar. Men verdas land sa det ikkje var pengar å legge inn. Rahman meiner dette vil komme likevel med tid og stunder. 

Les om Rahman også i På Høyden og hos uib.no/aktuelt
 

Trepartssamarbeid

Til møtet i Bergen saman med Rahman og Abu Syed frå BCAS kom også Rattakul Bhichit , direktør for Asian Disaster Preparedness Center (ADPC) i Bangkok. 

– Konkret arbeider vi no med å realisere eit trepartssamarbeid med både BCAS og ADPC for eit langsiktig partnarskap i regionen, seier Eystein Jansen.

I prosjektsamarbeidet med BCAS og ADPC jobbar ein med kapasitetsutvikling ved å tilføre desse miljøa kompetanse i klimamodellering og bruk av modellresultat i klimatilpassingsstudiar, i tillegg til å arbeide med å legge til rette data som kan brukast til å forbetre og kvalitetssikre modellscenari for desse områda.  Her er det særleg nedbørsauke, tørke og flomproblematikk som er sentralt.

Eit anna samarbeid mellom ADPC og Bjerknessenteret er eit prosjekt som går på nedskalering av klimadata for Nepal. Dette prosjektet går over eit år, og er finansiert av Den asiatiske utviklingsbanken. 

 

Nedskalering av globale modellar

Samarbeidsprogramma med dei asiatiske institusjonane har alle særlege likskapstrekk. Det handlar om at tropane generelt vil vere meir sårbare for klimaendringar og verknadane av desse, særleg sidan ein stor del av dei fattigaste i verda lever i tropiske regionar.

Prosjekta handlar om kapasitetsbygging i forhold til klimamodellering. Ved å nedskalere den globale Norwegian Earth System model (NorESM ) til regional skala i dei tropiske områda, kan ein få kunnskap om ein del av konsekvensane av moglege framtidige klimaendringar i dei aktuelle regionane.  

Frå India var dei tre forskarane Saurabh Bhardwaj, Nehru Machineni og Vidynmala Veldore i Bergen tre veker i slutten av mai. Her har dei jobba saman med Michel d.S. Mesquita med opplæring og nedskalering av NorESM-modellen, og nedskalering av denne til dei indiske regionane. 



Frå venstre Vidynmala Veldore, Michel d.S Mesquita, Nehru Machineni og Saurabh Bhardwaj. Foto: Gudrun Sylte

Bjerknessenteret sin samarbeidspartnar i India er det frittståande forskingsinstituttet TERI, The Energy and Resources Institute, som er leia av Dr. Rajendra K. Pauchari. Han er kanskje meir kjent som leiar for IPCC og Nobelprisvinnar i 2007.  

– Me driv med klimamodellering i statlege prosjekt, til støtte for styresmaktene si tilpassing av politikk og strategi. India er eit stort land, og kvar delstat har sine utfordringar i møtet med klimaendringar. Nokre statar møter problem med auke i havnivå, andre med flom, matvaresikkerhet, migrasjon, India har ikkje ein utfordring, men mange og dei er ulike for dei ulike statane, seier Saurabh Bhardwaj.

I eit samarbeid har dei utvikla ein animasjon over vind/ stormsystemet i det tropiske beltet kring jorda. Sjå animasjon:

 

Modellsimulert animasjon for den tropiske regionen, ved bruk av Weather Research Forecasting-modellen. Oppløysinga er 36 km. (Veldore, Mesquita, Lunde, Bhardwaj og Machineni, TERI – BCCR 2011 )

– I India ser me at stormintensiteten vil auke. Ikkje i tydinga av fleire stormar, men sterkare syklonar. Eit av prosjekta i samarbeidet er  kartleggjing av stormar, seier Vidynmala Veldore. 

 

Med rettleiar i Bergen og Beijing
Sidan midten av april har Tao Wang og Feifei Luo hatt sin arbeidsplass på GFI. Til vanleg er dei doktorgradsstudentar på Institute of Atmospheric Physics i Beijing. Dei to deltek i DecCen-prosjektet, og har dermed rettleiarar både i Bergen og Beijing.  

Prosjektet starta opp i 2009, der norske og kinesiske forskarar samarbeider for å betre forstå dei naturlege variasjonane i klimaet i Aust-Asia. Dette vert gjort gjennom ein kombinasjon av feltarbeid for å rekonstruere klimaet, modellering av klimaet og analyse av nye og eksisterande klimadata. 

– I Kina forskar me mest på Asia og monsunen. I dette prosjektet utvidar me vårt forskingsområde. Eg jobbar no med temperaturvariasjonar i Nord-Atlanteren, og korleis desse påverkar klimaet i Sør- og Aust-Asia. Samarbeidet med Bergen gjev meg eit utvida blikk på forskinga, seier Feifei Luo. 

Det er andre gong Luo og Wang besøker Bergen, dei to var her tre månader i fjor også. Denne årlege forskingsutvekslinga er ein del av avtalen for å sikre felles innsats og kontinuiteten i prosjektet. 

 

Robust mot monsunendringar
Ved hjelp av observasjonar og modellar vil ein gjennom prosjektet også studere samvariasjon i klimaet ulike stader på kloden. Gjennom ulike eksperiment med modellane vil ein forsøke å finne årsakssamanhengar i observasjonane. Det særleg aktuelt å sjå på mekanismar for korleis snø- og isdekke i nordområda, sjøtemperaturen i Nord-Atlanteren og  i tropane kan påverke lufttrykk og nedbørsmønstre over Kina. 

Ein vil i tillegg undersøkje i kva grad ytre pådriv, slik som drivhusgassar og variasjonar i solinnstråling og vulkanutbrot, kan vere med på å forklare dei observerte endringane i det austasiatiske klimaet.

Som i India er Kina den nordlege delen av Kina avhengig av monsunen. Gjennom mange tiår har det vore ein tendens til at den austasiatiske monsunen er blitt svekka. Det gjev mindre nedbør og tørke i nord, og meir nedbør og flom i sør. 


Tao Wang (frå venstre) og Feifei Luo trivest godt på besøk i Bergen, ein noko mindre by enn deira heimlege Beijing. Foto: Gudrun Sylte 

Over heile Asia er det vanleg at styrken på monsunregnet varierer frå år til år, men variasjonen kan få store konsekvensar. Det kan bli tørke og hungersnød eller flom og katastrofar.  Å vite meir om monsunsystemet er avgjerande for at samfunna skal kunne vere meir robuste mot framtidige klimaendringar. Men som Vidynmala Veldore frå Teri uttrykkjer det: ”Tropane er vanskelege å forstå, værsystemet er meir komplekst enn andre stader”.

I tillegg til dei asiaprogramma som allereie er i gang, kan det også komme fleire samarbeidsprosjekt i Asia i tida frametter. Bjerknessenteret arbeider mellom anna med ein søknad mot Indiaprogrammet til Norges Forskingsråd. 

– Vi har også planar om prosjektsøknadar frå internasjonale kjelder slik som verdsbanken, og vi håpar på framleis støtte frå UD til kapasitetsutvikling og partnarskapssamarbeid med dei leiande institusjonane i fleire land i Sør-Asia, seier Eystein Jansen.