Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Bygger opp internasjonal CO2- overvåking

Det europeiske målenettverket ICOS er godt i gang med å fullføre internasjonal overvåking av CO2-utslepp. Truls Johannessen satsar på å få havovervåkinga til Bjerknessenteret. 

Bergen var byen for enda eit årleg forskningsmøte sist veke, då ICOS haldt sitt årlege møte for forskarar og beslutningstakarar. 


Totalt var det mellom 70 og 80 deltakarar på ICOS-møtet i Bergen sist veke. Her etter middag på Fløyen. Foto: Mikko Straalendorff.  

 

ICOS (Integrated Carbon Observing System) er eit europeisk målenettverk for å overvåke utslepp av drivhusgassar. Dette nettverket vart sett i gang av Det europeiske forskningsrådet i 2008. Målet er å kunne talfeste vitskapleg kor mykje dei ulike nasjonane globalt slepp ut av drivhusgassar. 

Dette er politisk viktige spørsmål, fordi ein då kan etterprøve internasjonale utsleppsavtalar. Derfor treng ein også vitskaplege svar på dei ulike nasjonale utsleppsmengdene. 

– Land som bryt utsleppsavtalar kan bli haldt ansvarlege, sa Philippe Ciais, leiar for ICOS-nettverket til Bergens Tidende. 

På grunn av den politiske sida av observasjonsnettverket, er det årlege ICOS-møtet ikkje berre eit møte for forskarane, men også for politiske interessentar og beslutningstakarar. 

– Det har aldri vore så mange beslutningstakarar med på møtet som no i år. Det viser at interesse for nettverket og at dei tar det på alvor, seier Truls Johannessen, professor i kjemisk oseanografi ved Bjerknessenteret og UiB. 


Illustrasjon: ICOS.  


To av dei tre tematiske sentra er allereie i gang. ATC det atmosfæretematiske senteret er plassert i ved CEA, atomenergibyrået i Frankrike, medan medan det tematiske senteret for landbaserte målingar (ETC – Ecosystem Thematic Centre) ligg i Italia. Det havtematiske senteret (OTC – Ocean thematic Centre ) er under planlegging, og her har Truls Johannessen og Bjerknessenteret ei sentral rolle. 

– I løpet av sommaren skal me ha klar ein søknad til Forskningsrådet for det tematiske senteret for havobservasjonar. NFR jobbar saman med Klif opp mot departement for å finne midlar til dette. Me har eit håp om at det skal kunne gå, seier Johannessen. 

Eit slikt senter vil truleg knytte til seg kring 6-8 forskarstillingar, og vere ei fjær i hatten for det bergenske havforskingsmiljøet.