Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Den endelege rapporten er klar

Etter offentleggjering i september i fjor, er den endelege versjonen av Klimapanelets "Climate change 2013 - The Physical Science Basis" klar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sidan den første delrapporten av Den femte hovedrapporten frå FNs klimapanel vart offentleg i slutten av september i fjor, har den gått gjennom siste korektur. No er den endelege versjonen klar - versjonen som vert sendt til trykking.

Her kan du lese den: http://www.climatechange2013.org/report/review-drafts/

Samstundes har klimapanelet frigitt alle endringar som har blitt gjort gjennom prosessen fram mot den endelege rapporten. Endringar er gjort på bakgrunn av meir enn 55.000 kommentarar frå ekspertar og styresmakter.

Endringar og utkast kan du sjå her http://www.climatechange2013.org/report/drafts-and-review-materials/



Rapport i tre delar
Femte hovedrapport består av tre delrapporter og ein synteserapport, som kjem i løpet av 2013 og 2014:

  • Delrapport 1: "Climate Change 2013 - The Physical Science Basis" Dette er det  naturvitskapelege grunnlaget. Denne rapporten vart offentleg 27. September 2013 i Stockholm.
  • Delrapport 2:Verknader av klimaendringane, tilpassing og sårbarhet. Rapporten vert offentleg 31. mars i Yokohama.
  • Delrapport 3: Tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp, ferdiggjering 7. til 11. april 2014 i Berlin.
  • Synteserapport: Denne vert ferdig i København 27. til 31. oktober 2014



Bjerknessenteret deltek
Forfattarane bak delrapport 1 er Klimapanelets arbeidsgruppe 1. Den består av 259 forskarar og ekspertar fra 39 land. Saman går de gjennom alt av tilgjengelig vitenskapelig materiale publisert i vitenskaplege tidskrift.

I alt er rapporten om det naturvitskaplege grunnlaget er basert på 9200 vitskaplege publikasjonar, i følge Miljødirektoratet.

Tre av Bjerknessenteret sine forskarar har bidratt til arbeidet med delrapport 1:
•    Eystein Jansen, professor ved UiB, er hovedforfatter på kapittel 5 om paleoklimatiske arkiv, på det tekniske samandraget og samandraget for beslutningstakarar.
•    Christoph Heinze, professor ved UiB, er review editor på karbon og andre biokjemiske sykluser.
•    Peter Thorne, seniorforsker Nansensenteret, hovedforfatter på kapittel 2 om observasjoner; atmosfære og overflate.

I tillegg deltok forskarane Trond Dokken, Camille Li og Jerry Tjiputra som "contributing authors", ved å levere inn bidrag på oppdrag frå hovedforfattarane.

Den første delrapporten inneheld samandraget for beslutningstakarar, eit teknisk samandrag, 14 kapittel og seks vedlegg. Blant vedlegga finn ein blant anna eit atlas for globale og regionale framskrivingar av klimaendringar.

Her er faktaark med dei viktigaste funna frå den første delrapporten: http://www.bjerknes.uib.no/filer/2173.pdf




Samandrag for beslutningstakarar
Det endelege utkastet  av delrapport 1, Det naturvitenskaplige grunnlaget vart sluppe 30. september i fjor, etter at samandraget for beslutningstakarar vart godkjent i Stockholm 27. september.

Kvar delrapport i Den femte hovedrapporten har eit samandrag for beslutningstakarar. Først når dette er godkjent, vert delrapporten gitt ut.

Sammendraget for beslutningstakarar oppsummerer dei viktigaste konklusjonan i delrapporten. Her er hovedkonklusjonane i kortform, med forklaringar. Utkastet til samandraget er skrive av dei som har forfatta hovedrapporten, men samandraget vert godkjent linje for linje i eit plenumsmøte, der representantar frå alle land i klimapanelet er invitert inn. Ifølge miljøstatus.no er det vanleg at 100 land stiller.

Diskusjonen om samandraget handlar mest om framstillingsform og prioritering av stoff. Dei sentrale forfattarane deltek på møtet og skal godkjenne alle endringar.

Klimapanelet bygger på konsensus, og når samandraget er vedteke reknar ein både samandrag og delrapport som godkjent av alle land. Dermed kan delrapporten brukast som utgangspunkt i til dømes klimaforhandlingar utan at ein her skal gå inn og diskutere sjølve rapporten.