Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Ekstrem klimatisk ustabilitet tok knekken på istidene

Ein blodfersk artikkel publisert i det prestisjetunge tidsskriftet Nature Geoscience viser at perioden mot slutten av siste istid er prega av ekstreme og kortvarige variasjonar, som til slutt tok knekken på istida.

Ei gruppe forskarar ved Bjerknessenteret for klimaforsking og Universitet i Bergen utfordrar rådande kunnskap når dei påvisar at klimaet på slutten av istida var svært ustabilt. I løpet av berre ti år forverra klimaet seg med liknande tilhøve som under maksimum av siste istid, før klimaet like brått vart betre og gjekk inn i den noverande mellomistida. Aldri før har dei klimatiske mekanismane, som er kartlagt i dette arbeidet, vorte skildra i slik detalj. Ved å kople data frå land og hav har forskerteamet lykkast i å rekonstruere klimaet kring Nord-Atlanteren, år for år, mot slutten av siste istid. Denne perioden omtalas som Yngre Dryas og varte i omlag 1200 år (12900-11700 år før notid).

- Storskala endringar i hav- og atmosfæresirkulasjon må til for å forklare perioden med ekstrem ustabilitet som leda fram mot avslutninga av siste istid, fortel fyrsteforfatter Jostein Bakke ved Institutt for geografi/Bjerknessenteret.

Forskerteamet konkluderar med at den fyrste delen av Yngre Dryas hadde eit relativt stabilt, tørt og kaldt klima langs norskekysten, medan dei siste 400 åra av istida var dominert av ekstremt raske endringar i temperatur og nedbør. Desse raske endringane langs vestkysten av Noreg skuldast at vestavindsbeltet veksla frå ei sørleg bane til ei bane meir lik dagens. Endringane i vindfelt saman med endringar i innstrøyming av atlantisk vatn til dei Nordiske hav førte til eit svært variabelt sjøisdekke assosiert med sporadiske temperaturvekslingar på opp til 7 grader. I dei periodane sjøisdekket slapp taket kunne varmeutvekslinga mellom hav og atmosfære skje nærast som i dag, medan ein i periodar gjenoppretta eit kontinuerleg sjøisdekke som hindra varmeutveksling og ein returnerte til eit istidsklima.

Forskarane er overraska over dei raske skifta, som førte til at klimaet endra seg mykje og mange gonger over kort tid, noko som set dagens moteord ”ekstremvær” i skuggen.

Kanskje den viktigaste innsikta er at klimasystemet ikkje nødvendigvis oppførar seg lineært i forhold til klimapådriv. Nature artikkelen tydeleg at responsen kan være vilkårleg og koma brått på oss. Dette gjer det endå vanskeligare å predikera framtidsklimaet.

Artikkelen det refererast til:

Jostein Bakke, Øyvind Lie, Einar Heegaard, Trond Dokken, Gerald H. Haug, Hilary H. Birks, Peter Dulski & Trygve Nilsen, Rapid oceanic and atmospheric changes during the Younger Dryas cold period, Letter to Nature Geoscience, published online: 15 February 2009 | doi:10.1038/ngeo439

Kontaktperson:

1. Amanuensis Jostein Bakke, Institutt for geografi/Bjerknessenteret for klimaforskning, e-post: Jostein.Bakke@geog.uib.no, tel: 55583064/99273343