Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Ekstremnedbør og atmosfæresirkulasjon gjennom dei siste 6000 år langs Norskekysten

Ei gruppe forskarar leia av Jostein Bakke ved Bjerknessenteret har sett saman resultat av 10 års forsking og undersøkt endringar i vinternedbør langs eit transekt som strekkjer seg over 2000 km langs Norskekysten. Resultata er eineståande i sitt slag og skildrar vinterklimaet i høve til nedbørsmengde og geografisk fordeling av nedbøren gjennom dei siste 6000 åra. 

Informasjon om korleis brear har variert attende i tid er ei viktig kjelde til informasjon om korleis klimaet har utvikla seg sidan istida. Sidan både temperatur og nedbør påverkar storleiken til ein bre, er det ofte ei forenkling å seie at høgare sommar temperatur gjev mindre brear. Dette gjeld særleg for breane langs den maritime vestkysten av Noreg fordi vinternedbør utgjer ein særs viktig del av den totale massebalansen på breen. I dette nyleg publiserte arbeidet har ein nytta data frå brear i kombinasjon med rekonstruerte sommartemperaturarar frå Folgefonna i sør og til Lyngen i nord. På denne måten er det mogeleg å isolere vinterkomponenten og gje estimat av mengde vinternedbør. Denne metoden er ein av få som gjev eit direkte mål på korleis vintersesongen har utvikla seg attende i tid.

Variasjonar i vinterklimaet

Vinterklimaet langs kysten av Noreg heng nøye saman med temperaturar i havet vest for oss og med retninga og styrken på vestavindsbeltet over Nord-Atlanteren. Informasjon om vinternedbør sett inn i ein geografisk kontekst kan såleis nyttast til å seie noko om endringar i atmosfæresirkulasjon attende i tid. Resultata er dels oppsiktsvekkande då styrken på vestavindsbeltet syner stor variabilitet gjennom dei siste 6000 åra. Ein lengre periode for om lag 2000 år sidan er særleg markant og syner vinternedbør nær 150% av dagens nedbør. Desse nedørsmengdene er naudsynte for å forklare framrykk av brear langs heile kysten i ein periode der sommartemperaturen låg noko høgare enn siste klimatiske normalperiode (1961-1990). Ser ein på den geografiske fordelinga av nedbør mellom Sør og Nord-Noreg, er det også oppsiktsvekkande resultat som kjem fram.

Nedbørsfordeling langs Norskekysten

Basert på ein sør-nord indeks kan ein seie noko om skilnadane i vinternedbør mellom dei to landsdelane og det kjem fram eit mønster som syner at det i periodar på inntil 200 år er sterke anti-fasar i nedbørsfordelinga. Det vil seie at det er tørt i Nord-Noreg medan det er svært fuktig i Sør-Noreg og vise versa. Dette mønsteret kan ein også kjenne igjen frå moderne meteorologiske data, men då gjerne for kortare periodar som månader eller for ein vinter sesong. Dei store trendane dokumenterte gjennom dette arbeidet indikerer difor storskala endringar i atmosfæresirkulasjon som varer over fleire hundre år. Dersom nokre av desse periodane med auka vinternedbør kan nyttast som ein analog til framtidas klima, har vi berre sett starten på det vi kan vente oss av ekstreme nedbørsmengder i vintersesongen. For ei betre forståing av naturleg klimavariabilitet er det naudsynt med gode kvantifiseringar av fortidsklimaet utover det som er dokumentert i meteorologiske data tilbake til 1860-tallet. Gjennom nøye analysar av fortidsklimaet over tidskalaer som dekker fleire tusen år kan ein betre forstå naturleg klimavariabilitet og såleis også skilje den menneskeskapte komponenten frå det som er del av naturlege svingingar i klimasystemet. Baset på arbeidet publisert i Global and Planetary Change er det grunn til å tru at klimasystemet i den austre sektoren av Nord Atlanteren til alle tider har opplevd stor variabilitet i eit nøye samspel mellom havstraumar og vestavindsbeltet.

Referanse:
Jostein Bakke, Øyvind Lie, Svein Olaf Dahl, Atle Nesje and Anne Bjune 2007: Strength and spatial pattern of the Holocene wintertime westerlies in the NE Atlantic region. Global and Planetary Change, 60, 28-41.