Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Ekstremvêr og global oppvarming

Om ein spør om global oppvarming har gjort flaumen i Pakistan, varmebølgja over Russland og flaum med jordskred i Kina meir sannsynleg, er svaret ja, svært sannsynleg.

Av: Sigbjørn Grønås og Nils Gunnar Kvamstø, Geofysisk institutt, UiB

FN vurderer flaumkatastrofen i Pakistan som større enn dei tre største katastrofane siste tiåret til saman: Tsunamien i Asia og jordskjelva i Kashmir og Haiti. Eit viktig spørsmål som vert stilt, er om flaumen er eit signal om menneskeskapte klimaendringar og om vi vil få ein auke i slike ekstremhendingar, endåtil verre katastrofar, i Indus og i dei mange andre store elvane i Søraust-Asia. Spørsmålet gjeld òg andre ekstreme hendingar som varmebølgja i Russland og flaumen i Kina med jordskred.

 

 

 

 

Indus, den store mor

Felles for dei store elvane i Søraust-Asia er utspring i Himalaya og ei aukande vassføring gjennom sommaren og tidleg haust som følgje av regnet i sommarmonsunen, som startar i juni og varer i om lag fire månader. Denne sirkulasjonen fører fuktig luft frå Det indiske hav inn over kontinentet i vindar for det meste frå sørvestleg kant. Flaum i Indus skuldast til vanleg store nedbørsmengder utløyst i fjellskråningane opp mot Himalaya.

Om lag 100 millionar menneske skaffar seg vatn frå Indus og sideelvene. Rikeleg med vatn gjer Indus til ein ven som blir kalla
den store mor. Men i enkelte år sviktar elva innbyggjarane, med tørke når monsunregnet ikkje kjem eller med flaum når monsunregnet blir for intenst. Både tørke og flaum har gitt enorme tap av menneskeliv og eigedom gjennom historia.

 

 

 

 

 

 

Naturlege variasjonar

Indusdalen har lang erfaring med flaumar. Geologar har kartlagt flaumhistoria i elva ved å studera borekjernar av sand som elva har sett av. Gjennom ein varm periode for 6000 år sidan var elva ei monsterelv, meir intens og utsett for storflaum enn i moderne tid.

Sjøtemperaturane i Det indiske hav og styrken på monsunen bestemmer transporten av vassdamp inn over kontinentet og nedbørsmengdene. Jo høgare temperatur, desto meir fukt kan lufta halda på. Og fukta aukar sterkt med aukande temperatur, cirka 7 prosent pr. grad.

Styrken på monsunen blir først og fremst bestemt av temperaturkontrasten mellom kontinentet og Det indiske hav. I den varme perioden var solinnstrålinga om sommaren større enn no, noko som gav større temperaturkontrast og sterkare sommarmonsun. For 4000 år sidan var denne perioden over og monsunen blei monaleg svakare. Ein meiner at dette medverka til at sivilisasjonen i Indusdalen - ein av dei eldste kulturane i verda - kollapsa.

 

 

 

 

 

 

Mykje regn på kort tid

I tillegg til den regulære monsunen kjem variasjonar i nedbørsmengdene frå dag til dag etter som vêret skiftar. Flaumen i år skuldast ekstremvêr, ei sjeldan vêrhending som gav rekordned-bør i nokre dagar midt i monsunsesongen. På kort tid kom det nedbør tilsvarande normalnedbøren over heile monsunsesongen, langt meir vatn enn vassdraget kunne føre bort innafor vanlege breidder.

Flaumen er blitt forsterka ved at det naturlege miljøet i landet er blitt svekka gjennom mange år som følgje av auking i folketalet, mellom anna ved omfattande avskoging og delvis ved bygging av dammar for irrigasjon og vasskraft. I tillegg manglar landet eit adekvat flaumforsvar og varslingssystem for flaum.

 

 

 

 

 

 

Meir ekstremnedbør

Forskarane har lenge prøvd å finna ut om den globale oppvarminga vil påverka sommarmonsunen og monsunregnet og om det blir meir ekstremnedbør og flaum.

Det fins ingen sikre kvantitative svar. Det enkle svaret ligg i samanhengen mellom temperatur og fukt. Oppvarming og auka fukt i dei låge luftlaga gir auka oppdrift og dermed eit aukande potensial for meir ekstremnedbør.

Frå vårt klima kan vi illustrera dette ved at rekordane for nedbør over korte periodar, som eit døger, er høgare i Spania enn i Noreg. Ei global oppvarming legg til rette for at landområde med god tilgang på vassdamp får eit auka potensial for ekstremnedbør. Vi seier at det hydrologiske kretslaupet blir meir intenst. Om tilgangen på vassdamp manglar, blir det i staden meir tørke.

Det fins allereie teikn til aukande ekstremnedbør i Paki-stan og India, og indikasjonar på at trenden vil auka i tida som kjem. Dette, og karakteren til drivhusoppvarminga gir belegg for at flaumen i år kan vera ein del av ein langsiktig endring mot varmare klima.

 

 

 

 

 

 

Kva med monsunen?

Temperaturen i Det indiske hav vil auka, men kontinentet blir varma meir opp enn havet, noko som bidreg til sterkare sommarmonsun. Visse storstilte sirkulasjonar i Stillehavet og Det indiske hav bidreg til variasjonar i monsunen frå år til år. Det same gjer snøforholda i Himalaya og Tibet.

Vekslinga i vêret frå dag til dag er mykje knytt til variasjonar i den kraftige vestlege luftstraumen i høgda - den subtropiske jet i 10-12 km høgde - som i dette området passerer fjellområda i nord. I år forårsaka ei kortvarig sørleg forflytting av denne jeten over Pakistan til ekstremnedbøren. Forstyrringa var knytt til det langvarige høgtrykket over Russland, som gav varmebølgja. Det er eit ope spørsmål korleis variasjonar frå år til år og frå dag til dag vil endra seg i framtida.

I samsvar med synspunkta over gir klimamodellar litt meir monsunregn i projeksjonar for tida som kjem dei fleste stadene i Søraust-Asia. I tillegg viser dei større variasjon frå år til år og større variasjon i nedbørsmengdene over sesongen, noko som indikerer meir ekstreme hendingar som kan gi både flaum og tørke. Men det er svært usikkert korleis slike endringar vil fordela seg geografisk.

 

 

 

 

 

 

Flaum og varmebølgjer

Klimasystemet er forbausande komplekst og kaotisk. Dette gjer det svært vanskeleg å finna ut kva som er årsaka til ei spesiell ekstrem hending. Slik er det også nesten umogeleg å seia om denne flaumen og varmebølgja i Russland skuldast global oppvarming. Men vi kan knyta dei fysiske rammevilkåra for slike hendingar til statistisk sannsyn og uttrykkja oss gjennom sjansar for at dei oppstår.

Dette kan ein illustrera med terningkast. Om ein slår ein terning mange gonger, la oss seia 3000 gonger, forventar vi at den viser seksarar omtrent 500 gonger (1/6 av alle slaga). Anta at vi fiksar terningen, for eksempel ved å tilføra ei skjult vekt i eine hjørnet.

Anta vidare at vi igjen slår terningen 3000 gonger og no oppnår seksarar 1000 gonger. Så slår vi denne terningen ein gong til og får ein seksar. Var det vekta som gav denne seksaren? Ikkje nødvendigvis, men vekta gav eit større sannsyn for å få ein seksar.

Flaumen i Pakistan, varmebølgja over Russland og flaum med jordskred i Kina er hendingar ein ventar seg meir av under ei fortsett global oppvarming. Men om vi spør om den globale oppvarminga var årsaka til desse hendingane, er det ikkje klart kva det meinast med eit nei, ja eller kanskje. Om ein heller spør om global oppvarming har gjort desse hendingane meir sannsynlege, er svaret ja, svært sannsynleg.

Flaumen i år kan vera ein del av ei langsiktig endring mot varmare klima

Kronikken var på trykk i Bergens Tidende 14.09.10