Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Dei mange små detaljane er avgjerande når ein jobbar med makrofossil. Professor Hilary Birks treng detaljkunnskap om planter i eit vidt spekter som frø, blad, frukt, når ein finn eldgamle planterester i sediment. Foto: Gudrun Sylte

Det ligg i detaljane

I påsken runda professor Hilary Birks 70 år, men paleøkologen avsluttar ikkje forskinga si.

Body

”It’s all in the detail” – det er namnet på jubileumsseminaret for professor Hilary Birks som finn stad nede på HiB torsdag og fredag denne veka. Kollega Anne Bjune har i det stille samla saman forelesarar til seminaret. Det skulle vere ei overrasking for jubilanten, men det var ikkje hemmeleg så veldig lenge.

– Eg har ein ektemann som ikkje klarer å halde på ein hemmelighet, ler Hilary Birks, og legg til at ektemannen John ikkje var den einaste som røpte dette. Også instituttstyrar på Bio kom til å nemne at han skulle på seminaret hennar, før det var meininga at jubilanten skulle vite det.

– Men eg er uansett overraska og svært beæra. Det er veldig hyggjeleg at dei arrangerer dette. Og det er interessante deltakarar. Det er mange eg har samarbeida med, men som ikkje kjenner kvarandre. Det er fint å møtest i ein slik intim samankomst for å dele idear og presentere eige arbeid, seier Hilary Birks.

Professor Birks har også fått eit jubileumshefte i anledning dagen. Eit heilt nummer av Vegetation History and Archaebothany er via Hilary Birks.

– Det er veldig kjekt, her har dei sitte i krokane og skrive utan at eg har fått vite det. Det er også ein stor variasjon i heftet, ulikt frå seminaret. Eg gledar meg til å lese det, seier jubilanten.

Sjå programmet for jubileumseminaret i pdf


Tverrfagleg professor
Hilary Birks er ein veteran i Bjerknessenteret. Namnet hennar var blant det tverrfaglege teamet som utgjorde Bjerknessamarbeidet då senteret framleis berre var ein søknad hos Forskningsrådet om å bli eit SFF, eit ”Senter for fremragende forskning”.

– Målet med seminaret og festskriftet er å hedre Hilary og hennar innsats for forskinga gjennom mange år, og vise breidda og mangfaldet i det arbeidet ho har gjort, seier Anne Bjune, forsker 1 på Uni Research og Bjerknessenteret.

Hilary Birks sine hovudtema innan forskinga har vore vegetasjon og økosystem i fortida. Gjennom planterestar eller makrofossil, har ho undersøkt respons i vegetasjon på endringar i klima, miljø og påvirknad frå menneskeleg aktivitet frå siste istid og fram til i dag. Prosjekta hennar har i stor grad vore tverr- og flerfaglige, i samarbeid med forskarar innan ulike fagretningar som bilogi, geologi, geografi og arkeologi.

– I Bjerknessenteret har det vore interessant å møte folk på kryss av disiplinar. Det gir eit nytt perspektiv på eiga forskning. I forskningsgruppa møter eg forskarar på heilt andre fagfelt enn mitt eige, og det utvidar horistonten. Eg har hatt stor nytte av å samarbeide med geologar på den marine paleosida, som Trond Dokken og Bjørg Risebrobakken, seier Hilary Birks.


Tretti år i Bergen
Det er ganske nøyaktig tretti år sidan ekteparet Hilary og John Birks drog frå Cambridge til Bergen for første gang. I utgangspunktet skulle ektemannen John Birks ha eit forskningsopphald på eitt år på UiB, den gangen på det som var Botanisk institutt. Og i løpet av den tida, dukka det opp ei ledig stilling.

– Me hadde lyst til å bli. Men me var spente på kva sonen vår ville synest om det.

Sonen var tolv år, gjekk på den internasjonale skulen. Og han vart glad då mor og far spurte om dei skulle bli i Bergen. Han trivdes betre her enn i Cambridge. Dermed var valget enklare.

For Hilary Birks var det også eit spørsmål om forskarkarriere.

– Det var ein stor skilnad mellom Bergen og Cambridge. Her var det likestilling. Me vart behandla som to individ her, medan i Cambridge var eg ektemaken til John. Eg hadde ikkje sjanse til å få støtte til forskningsprosjekt, seier Hilary Birks.

I Cambridge hadde ho jobb i ein musikkforretning. Ein hyggjeleg jobb, men utan særleg forekomst av makrofossilar.

No tretti år seinare, kan ho sjå tilbake på ei karriere med fagleg interesse frå botanikk i alpine strøk og fjelltoppar, til hageplanter, makrofossil og andre planterestar i ulike typer avsetningar. Vidare til klima- og vegetasjonsendringar, bruk av insekt og insektrestar for rekonstruksjon av klima i fortida, radiokarbondatering og metodeutvikling.

CVen tel meir enn 100 vitskaplege publikasjonar, 4 bøker og ei lang rekke presentasjonar.

– Forskinga hennar er verdsleiande, seier Anne Bjune.


Bygde opp paleoøkologi på UiB
John og Hilary Birks møttest då dei studerte pollenanalyse i Cambridge. Medan John Birks spesialiserte seg i numeriske analysar og metodar innan paleoøkologi, gjekk Hilary Birks i retninga makrofossil, gjennom ein postdokstilling i Minnesota.

Då nyheten om ekteparet Birks sin tilstedeværelse på UiB spreidde seg, tok geologen Jan Mangerud kontakt med Hilary. Han hadde eit prosjekt på Svalbard saman med kollega John Inge Svendsen. Dermed var Hilary Birks igjen i gang med forsking på makrofossil. Men det tok mange år med diverse prosjektfinansiering før ho fekk fast stilling på universitetet. I 2002 fekk ho eit personleg professorat på UiB. Når ho no blir  professor emeritus, vil ho fortsette forskinga si, men blir fritatt for undervisning.

– Til hausten blir eg gjesteforelesar i John sitt kurs i paleoøkologi. Då skal eg vere gjesteforelesar, seier Hilary Birks.

Neste år går også ektemannen John over til å bli emeritus. Hilary er håpar den paleoøkologiske forskingsgruppa vil klare seg. Forskingsgruppa bygde ekteparet Birks opp saman med Knut Fægri og Peter Emil Kaland. Når også John Birks blir 70 neste år, er det få att.

– Me ventar på at ei stilling skal bli lyst ut her på Bio. Me har venta i ei god stund på det, seier Birks.