Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Havet stig stadig raskare

Det globale havnivået stig i dag dobbelt så raskt som gjennomsnittet dei siste 100 åra. Dette vil få store konsekvensar for lågtliggande landområde, øygrupper, vegar, bygningar og annan infrastruktur.

Av Atle Nesje, Bjerknessenteret

Smelting av isbrear på land og stigande havtemperatur fører til at havnivået stig. Målingar syner at det globale havnivået har stige med 17 cm dei siste hundre åra. Utviklinga har akselerert sidan tidleg på 1990-talet og havnivået stig no med vel 3 millimeter i året. Dette er dobbelt så raskt som den gjennomsnittlege auken dei siste hundre åra.

Temperaturauke og issmelting
Årsaka til at havnivået stig er todelt: Om lag halvparten av stiginga skuldast at havvatnet utvidar seg på grunn av auke i havtemperaturen. Den andre halvparten skuldast at is på land smeltar. Smelting av is som flyt på havet, som til dømes havisen i Arktis, fører ikkje til at havet stig.

Nye utrekningar publisert av Meier med fleire i tidsskriftet Science tyder på at 60 prosent av issmeltinga er frå brear rundt om på jorda, medan resten er frå innlandsisane i Antarktis og på Grønland. Bidraget frå mindre brear har akselerert det siste tiåret, delvis på grunn av tilbakesmelting av brear der fronten står i havet. Slike brear er dynamisk ustabile og denne ustabiliteten er vanlegvis ikkje innarbeida i masse­balanse- og klimamodellar. Smelting av mindre brear vil truleg halde fram ettersom den globale oppvarminga skjer. Auka smelting som skuldast dynamisk ustabilitet av brear utanom Grønland og Antarktis kan føre til ei ytterlegare 0,1 til 0,25 meter havnivåstiging innan 2100.

Vil stige lenge
Havet sitt langsame opptak av varme gjer at verdshava vil stige i fleire hundre år, men det er usikkert kor mykje havet vil stige i dette hundreåret. Dette er avhengig av kor raskt innlandsisane i Antarktis og på Grønland, samt mindre brear på jorda, vil smelte. For å illustrere kor mykje vatn som ligg lagra som is i Antarktis og på Grønland, vil havnivået stige høvesvis 57 og 7 meter, til saman 64 meter, dersom dei to innlandsisane smeltar.

21 storbyar ved kysten
Ifølgje rapporten frå FN sitt klimapanel i 2007 kan havnivået stige 19 til 58 centimeter i løpet av dette hundreåret. Stiginga av havnivået er ikkje jamt fordelt på kloden. Truleg vil havnivået langs norskekysten stige med rundt ti centimeter meir enn det globale gjennomsnittet. Grunnen til dette er at havstraumane truleg vil endre seg med eit varmare klima. Dessutan vil stormflo nå høgare enn i nyare tid. Det er ikkje berre byar og tettstader langs norskekysten som må tilpasse seg stigande havnivå. 23 byar i verda har meir enn åtte millionar innbyggjarar og 21 av desse ligg ved kysten. Dette illustrerer utfordringane vi står overfor dersom prognosane for framtidig havnivå slår til.
 

Berekna havnivåstiging (i millimeter) i 2050 og 2100 med og utan akselerert isbresmelting (kjelde: Mark F. Meier m fl., Science 24. august 2007, side 1065)                                                  2050                          2100

Brear og iskapper

Med dagens akselerasjon           81 ± 43                240 ± 128
Utan akselerert bresmelting       49 ± 12                104 ± 25

Grønlandsisen
Med dagens akselerasjon           65 ± 28                245 ± 106
Utan akselerert bresmelting       22 ± 4                    47 ± 8

Vest-Antarktis
Med dagens akselerasjon          34 ± 15?                120 ± 50?
Utan akselerert bresmelting      14 ± 2                      30 ± 4

Aust-Antarktis
Med dagens akselerasjon          -16 ± 12?               -56 ± 40
Utan akselerert bresmelting        -7 ± 3                    15 ± 7

Globalt
Med dagens akselerasjon         160 ± 65?               560 ± 230?
Utan akselerert bresmelting       78 ± 21                 167 ± 44  

 

 

Referanse
Mark F. Meier, Mark B. Dyurgerov, Ursula K. Rick, Shad O’Neel, W. Tad Pfeffer, Robert S. Anderson, Suzanne P. Anderson og Andrey F. Glazovsky 2007. Glaciers Dominate Eustatic Sea-Level Rise in the 21st Century. Science 317 (24. august 2007), 1064-1067.

 


Artikkelen er også publisert i Klima 3/2007.