Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Klimadiplomaten

Hubrointervjuet: Eystein Jansen

TEKST: ELIN STENSVAND 

Sjølv om han ikkje trivst i rampelyset, har Eystein Jansen lukkast med å gjere klimaforskinga i Bergen synleg på verdsbasis.
 

LÅGMÆLT, MED EIT BRENNANDE ENGASJEMENT: – Endringane i klima er eit bodskap vi ikkje kan brenne inne med, og folk har all grunn til å få vite om det, seier klimaforskar Eystein Jansen, som nyleg gjekk av som direktør for Bjerknessenteret. FOTO: EIVIND SENNESET


Det er januar 2014 og Eystein Jansen sin kvardag er i endring. Etter 13 år har han gått av som direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking. Eit senter han har leia sidan det vart oppretta i 2000. Han gir seg etter eige ønske; på topp, vil mange seie.

Sidan vestfløya av Geofysisk institutt blir bygd om, er Jansen forvist til eit trongt grupperom for å gjere intervju. Så her sit han no, mellom kartongar og møblar, og kan ikkje anna. Han drikk grøn te. Mykje grøn te. Røysta hans er mild, men orda som kjem ut er velvalde og bestemte.

Du gir deg som direktør for Bjerknessenteret etter 13 år, så du er ikkje overtruisk?
– Nei, eg er verken religiøs eller overtruisk, smiler Jansen. – Det er tilfeldig at det blei 13 år, men det var eit veldig passande tidspunkt å gi seg no. Vi har gått gjennom ein prosess med å få ein klarare organisasjon, og då passa det fint at andre fekk sleppe til. I tillegg har vi hatt eit veldig godt år, med finansiering av mange nye prosjekt. Det er dumt å gå dersom det er krise og andre må rydde opp. Då er det mykje betre å gi i frå seg noko som fungerer bra.


Ungt engasjement
Det var ikkje gitt på førehand at det var klimaforskar han skulle bli. Den unge Eystein Jansen vurderte nemleg å studere medisin. Men nysgjerrigheita på kvifor landskapet ser ut som det gjer, kombinert med ei grunnleggjande glede over å vere i naturen, førte han inn på geologistudiane.

Som hovudfagsstudent fekk han høve til å gjere avanserte kjemiske analysar i Tyskland; dette blei eit ledd i eit ønske frå miljøet i Bergen om å byggje eit laboratorium. Ingen andre hadde den naudsynte erfaringa.

– Jobben min blei å delta i arbeidet med å skrive ein søknad som var betre enn Universitetet i Oslo sin, slik at vi fekk laboratoriet til Bergen. Då vi vant konkurransen, blei det ledig ein stilling på laboratoriet, og eg kom inn.
Pretensiøse visjonar

Dermed var løpet lagt inn mot fortidsklimaforskinga.
– Visjonane vi hadde for Bjerknessenteret då vi starta opp, var ganske pretensiøse, seier Jansen.

– Vi starta opp med eit føremål om å bli eit av dei første Sentera for framifrå forsking. Det at vi fekk denne løyvinga hausten 2002, endra heile situasjonen. Vi gjekk frå å vere eit laust nettverk av folk som ønskte å utvikle ting, til å få heilt andre musklar å jobbe med.

Jansen blir skildra som ein leiar som er flink til å få folk til å samarbeide, og får mykje av æra for at det tverrfaglege samarbeidet mellom institusjonane i Bjerknessenteret har fungert.

– Eg trur det er ein av mine styrkar. Det har vore episodar der nokre av institusjonane har meint at Bjerknessenteret har tatt for stor plass i forhold til eigen institusjon. Eg tenkjer at det er ein nødvendigheit som vi burde vere meir opne for å anerkjenne.
Du blir skildra som ein diplomatisk og mild mann, men med eit sterkt bodskap. Korleis lar dei to delane av deg seg kombinere?

– Som type er eg beskjeden, og eg trur ein kjem lengre utan spisse olbogar. Særleg når det er snakk om å få til eit samarbeid, er det i liten grad råd å nytte kommandostil. Min måte å leie på er kanskje mindre tydeleg, men eg har nok ein evne til å tenke strategisk og sjå moglegheiter på litt lengre sikt, og sjå korleis ein skal operere for å realisere dei. Men du må ha folk med deg i same retning.

Er du god til å overtyde folk?
– Eg har stor tru på gode samtalar.

Bergen på klimakartet
Bjerknessenteret bestemte seg tidleg for å levere globale klimasimuleringar i samband med FN sine klimarapportar. Ambisjonen var at Noreg skulle ha eit modellsystem som gjorde globale simuleringar.

– Miljøa i Oslo var veldig negative til dette. Dei hadde prøvd sjølve og mislukkast. Dei meinte difor det var å ta seg vatn over hovudet, fortel Jansen.

Med målretta arbeid etablerte Jansen og kollegaene eit miljø som har gjort at fleire forskarar frå Bergen i dag har sentrale roller i global klimaforsking.

– Ved den fjerde rapporten var det berre fire senter i Europa som kunne tilby globale klimascenario, og vi var eitt av dei. Dette har vore viktig for å etablere Bjerknessenteret som eit tungt internasjonalt senter.

I september 2013 la FNs klimapanel, IPCC, fram den første delrapporten i den femte klimarapporten. Jansen var ein av dei sentrale forskarane bak denne. I 2007 var han den einaste norske forskaren som deltok i sluttforhandlingane om FNs fjerde klimarapport.
– Det som er mest spanande med å vere med, er at du får eit overblikk over all tilgjengeleg klimaforsking, i tillegg til å få eit djupdykk i eige fagfelt, seier Jansen.

Kan du bli søvnlaus og uroe deg for klimaframtida?
– Det er ikkje så ille enda. Men det er all grunn til å vere uroa. Kunnskapen vi sit på er ikkje behageleg å sitte med og derfor viktig å formidle. Derfor brukar vi veldig mykje tid, i alle slags forsamlingar, til å halde foredrag om desse tinga. Etter at vi la fram rapporten har eg haldt over 30 foredrag, og det held fram med minst eitt i veka framover.

Ein ny arbeidskvardag
Ved årsskiftet starta den nye kvardagen til Jansen. Han held fram på Bjerknessenteret, no med tittelen forskar og rådgivar. Han ser fram til å få meir tid til eiga forsking.

– Eg har brukt mykje tid og krefter på å leggje til rette for andre. Eg har iblant sakna å kunne gjennomføre eigne idear frå botnen av i staden for å delegere alt vidare, seier han.
Før jul blei det klart at Bjerknessenteret får mellom 50 og 60 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), for å forske på kva som skjer med Grønlandsisen dersom sjøisen i Norskehavet og Arktis forsvinn. Av heile 450 prosjektsøknader frå alle fag, kom berre 13 gjennom nålauget.

– Det å få dette prosjektet var utruleg kjekt. Mange meinte det var meiningslaust å søke, men vi tenkte at det er eit viktig spørsmål som berre kan løysast med store ressursar tilgjengeleg. Med min bakgrunn var det spesielt fint å få dette prosjektet no mot slutten av karrieren, og få vist at paleoklimaforskinga i Bergen er i verdsklasse.

 

 

Teksten er skriven for Hubro 1/2014