Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Klimaforum: Nettverk for utslippsredusering

Klimapartnere Hordaland blir offisielt lansert på Litterturhuset onsdag.

Klimapartnere Hordaland er eit nettverk for private og offentlege verksemder som forpliktar seg til å identifisere og redusere sine eigne utslepp, seier Lars Henrik Paarup Michelsen i Norsk Klimastiftelse.

Klimastiftelsen er primus motor for å få i gang Klimapartnere Hordaland. Universitetet i Bergen er ein av dei tretten verksemdene som er med frå starten av.

Medlemmene i Klimapartnere Hordaland skal jobbe saman kring utsleppskutt. Ein deler praksis og erfaringar kring måtar å kutte utslepp på. 

- Dette er ein metodikk som har vore prøvd ut i Agder i fleire år. erfaringane viser at dei som har vore med har opplevd betydelege utsleppskutt. Grunnen er at ein jobbar systematisk med dette når ein er med i nettverket, seier Paarup Michelsen.

Klimapartnere i Agder starta opp i 2008, og kan vise til 32 prosent reduksjon av CO2-utslepp for dei verksemdene som har vore med lengst.

Norsk klimastiftelse håpar at nettverket også kan vere med å støtte opp om nye forretningsidear, tilbod og konsept, kanskje også til å finne nye tenester og produkt på utsleppskutt. 

- Det som er spanande med nettverket er at ein har har med både offentlege og private verksemder på kryss av bransje og sektor. det offentlege har stor innkjøpskraft, slik kan arbeidet påverke kommune og fylkeskommune til å finne produkt som er klimavennlege, seier Lars Henrik Paarup Michelsen.

 

 

Den offisielle lanseringa av Klimapartnere Hordaland er i morgon på Litteraturhuset kl 10.00-12.00 

Møtet er gratis og ope for alle, meld deg på innan tysdag 3. juni her