Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Beatriz Balino kjenner Bjerknessenteret ut og inn, ho lovar å halde kontakt sjølv om ho no flyttar til Forskningsadministrativ avdeling på UiB. Ho har dei siste vekene tatt vel i mot etterfølgaren Ragnhild Stolt-Nielsen. Foto: Gudrun Sylte

Kontorbytte

Beatriz Balino er ein av veteranane i Bjerknessenteret. Ho går no over til ei direktørstilling ved Forskningsadministrativ avdeling, i første omgang for eitt år. Ragnhild Stolt-Nielsen overtar kontoret.

Body

Det var mange som vart overraska då nyhenda vart delt internt på Bjerknessenteret for vel ein månad sidan, at Beatriz Balino no forlet stillinga som leiar for sekretariatet. Ho er ein av veteranane på Bjerknessenteret, og kjenner organisasjonen og alle forskarane godt. Ho var med som forskningskoordinator heilt frå starten av i år 2000, då det framleis berre var eit Bjerknes-samarbeide og søknaden om eit Senter for fremragende forskning  vart utarbeidd.

Ho går over til ei ny stilling som underdirektør ved Forskningsadministrativ avdeling, og skal leie UiB sin innsats for å auke eksternfinansieringa ved universitetet.

– Eg fekk eit tilbud eg ikkje kunne seie nei til, forklarer Beatriz.

– Det er eit nytt steg i karrieren for meg. No vil eg få heile universitetet som arbeidsområde, ikkje berre Mat.Nat og klima som er dei fagområda eg kjenner. I den nye stillinga skal vi profesjonalisere den administrative tenesta ved UiB som ei hjelp til alle fakultet og institutt i forskningssøknadar. Eg synest dette er ein fornuftig bruk av ressursar ved UiB.  Det er eit eksperiment som ikkje har vore gjort før, det er fristande å prøve seg.

I første omgang har ho kun eitt års permisjon frå stillinga ved Bjerknessenteret. Om ho skulle ønske å komme tilbake om eitt års tid, har ho høve til det.

 

Politikaren overtar kontoret

I mellomtida er det Ragnhild Stolt-Nielsen som flyttar inn på Beatriz sitt kontor. Dei to har dei siste to vekene møttes jamnleg for overføring av informasjon.

– Det er med skrekkblanda fryd eg tar tak i arbeidet, ler Ragnhild Stolt-Nielsen.

– Bjerknessenteret representerer nye fagfelt for meg, men det er stor merksemd kring klimasaka og senteret fyller i høgste grad kravet om relevans.


Dei fleste kjenner Stolt-Nielsen frå lokalpolitikken i Bergen, ho var byrådsleiar i Bergen eit par år tilbake.  Men ho har også lang fartstid frå UiB før ho trådte ut i politikken, då på SV-fakultetet og i sentraladministrasjonen. Stolt-Nielsen er cand.polit i samanliknande politikk frå UiB.

Ho kjenner likevel Bjerknessenteret utanfrå frå politikkens side.

– Bjerknessenteret har klart å opparbeide seg eit stort namn rundt klima ute i samfunnet. Det betyr ein del for Bergen og UiB at senteret ligg nettopp her.


Eit vemodig flyttelass

I første omgang blir Stolt-Nielsen å finne på kontoret til Beatriz det kommande året. Bjerknesveteranen innser at det vert vemodig å forlate senteret.

– Det blir enormt vemodig, Bjerknes er på ein måte min familie. Men eg kjem til å halde kontakt, om enn frå ein annan vinkel. Vårt team vil hjelpe til i store søknadar, seier Balino.

Og før Beatriz forlet skuta, er det no på sin plass å høyre frå ein veteran sitt perspektiv kva som er det beste og verste med Bjerknessenteret?

– Det beste er absolutt forskarane. Dei har ein lidenskap, ein entusiasme og tro på ideen om eit samarbeid. Det er ikkje alltid ein dans på roser, men viljen til å samarbeide er enorm. Det er eit privilegium og motiverande å jobbe med ein slik entusiastisk gjeng.

Det verste med Bjerknessenteret har likevel vore organiseringa – I say no more, ler Beatriz.

 

I dag fredag 29. April er det Beatriz Balino sin siste dag på kontoret i Allegaten 70. Som seg hør og bør blir det avskjedsfest på kontoret, og me ønsker henne alle lykke til vidare i den nye jobben!