Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Kritisk til FNs tusenårsmål

Boka blir tilgjengelig frå februar 2016. 

Kritisk til FNs tusenårsmål

Ei ny bok frå CROP diskuterer FNs tusenårsmål og måten ein definerer fattigdom på. 

Alberto Cimadamore and Thomas Pogge, at Unesco, Cop21 2015. Foto: Gudrun Sylte
Alberto Cimadamore (bak) og Thomas Pogge i fornt, er redaktørar for den nye boka frå CROP, saman med Gisela Köhler (tittel). Her frå lanseringa i Paris under klimatoppmøtet COP21. Foto: Gudrun Sylte 

– Femten år etter FN lanserte tusenårsmåla ser me i dag eit verd der ein verken har utrydda fattigdom eller som opnar for utvikling for fattige land. Framleis er svolt og fattigdom ein realitet for mange menneske og me ser aukande økonomiske. Politiske,  sosiale og miljømessige skiljer, sa Alberto Cimadamore i Paris førre veke.

Cimadamore er fagdirektør ved CROP, det internasjonale programmet for fattigdomsforskning som er styrt frå UiB.

Boka Poverty and the Millennium Development Goals: A critical look forward, samlar tilbakeblikk på FNs tusenårsmål. FNs tusenårsmål er ein måte for korleis å bekjempe fattigdom i verda. FN har definert åtte mål som ein skal nå innan dette året. (sjå figur til høgre) 

MDGs.jpg
"MDG"s Rahulkepapa via Wikimedia Commons


Alberto Cimadamore peiker på at det er naudsynt med ein ny definisjon av fattigdom, der ein også tar omsyn til fleire dimensjonar av fattigdom. Medan global fattigdom er sagt å vere halvert frå 1990 til 2010, har global hungersnaud ikkje gått ned i same skala. Dette står i motsetnad til faktum at inntektsgrensa som definerer fattigdom prinsipielt skal ligge der ein har stor nok inntekt til å ikkje gå svolten.

I følge verdsbanken og rådande har mange av måla blitt oppfyllde. Men Thomas Pogge, professor ved Yale University, er kritisk til måten ein måler fattigdom på.

– Me treng uavhengige ekspertar til å seie kor mange menneske som lever i fattigdom, og kor mange menneske som går svoltne, sa Pogge.