Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Med matvaresikkerhet på møteplanen

Framtidig matvaresikkerhet stod mellom anna på møteplanen då senterpartipolitikarane Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe besøkte Bjerknessenteret.

Stortingspolitikarane Per Olaf Lundteigen (SP) og Kjersti Toppe (Sp) besøkte Bjerknessenteret onsdag, for ei orientering om den siste IPCC-rapporten, oversikt over forskninga på Bjerknessenteret, men ikkje minst framtidig global matvaresikkerhet.

Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe møtte Eystein Jansen, Helge Drange og Tore Furevik på Bjerknessenteret onsdag. Foto: Gudrun Sylte



Ei varmare verd kan få negative følger for matproduksjonen i verda. Med fleire graders oppvarming av kloden vil store matproduksjonsområde som i dag forsyner store delar av verda vere utsatt for ekstreme varmebølger og tørke. Dette gjeld dei mest folkerike og landbruksintensive områda i Amerika, Europa, Afrika og Asia.

Nyare forskning viser at klimaendringane allereie har negative konsekvensar for matvareproduksjonen og at desse vil bli langt meir alvorlege i framtida med fortsatt global oppvarming. Berre landbruksområde mot nord vil kome positivt ut. Men desse positive verknadene vil bli kraftig overskugga av dei negative verknadene i dei folketette områda i sør.  

Senterpartipolitikarane Lundteigen og Toppe jobbar for å sikre det nasjonale landbruket, og sidan Noreg ikkje er isolert i verda, har den globale matproduksjonen og mattryggleik i eit framtidig klima også betydning for landbruket frå norsk ståstad.