Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Ny bok om havets rolle

Boka Ocean Circulation & Climate. A 21. Century perspective går i djupna på havets rolle i klimasystemet. Christoph Heinze står bak eitt av kapitla.

Den ferske boka på er ei nyskriving av den tolv år eldre Ocean Circulation & Climate. Observing and Modelling the Global Ocean frå 2001. Denne utgåva er i perspektiv av
det 21. hundreåret, og gir eit 900 sider langt samandrag av vitskapen kring havets rolle i klimasystemet, sett frå ulike ståstader.

– Det er ikkje ei redigert utgåve. Alle tekstar er skrivne på ny, og alle tekstane er fagfellevurderte, seier Christoph Heinze, professor i kjemisk oseanografi ved UiB og Bjerknessenteret.

For Heinze inneber boka eitt halv års arbeid, han er forfattar for kapittelet ”Modeling ocean biogeochemichal processes and resulting tracer distributions” saman med Marion Gehlen frå Laboratoire des Sciences du Climat et de L'Environnement UMR CEA-CNRS-UVSQ, Gif-sur-Yvette, Frankrike.

Over dei 900 sidene tar forfattarane fatt i havets rolle frå ulike perspektiv, med eit spenn frå observasjonar og overvåking av havsirkulasjon, djupvannsdannelse, termodynamikk i sjøvatn, til havets rolle i klimamodellaring, til den marine karbonsyklusen - for å nemne nokre av emna.

– Boka ei interdisiplinær bok som vil vere interessant for folk i mange fagfelt. Ein kan seie at det er som IPCC-rapporten, men her går me i djupna kring havets rolle i klimasystemet, seier Christoph Heinze.


Bokreferanse:
Siedler, Griffies, Gould, Church, Ocean Circulation and Climate, 2nd Edition. A 21st century perspective, Elsevier (2013)