Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Ny nettside og nytt forskarteam

Det nye SKD teamet er klart. Møt dei seks på den flunkande nye nettsida: skd.bccr.no

Det er vel eit år sidan SKD-direktør Tore Furevik annonserte at fire forskarstillingar ved SKD og UiB skulle lysast ut. Etter ein lang og grundig tilsetjingsprosess er det nye teamet offentleg, SKD kjernegruppa består av: 

Tore Furevik, senterleiar 
Beatriz Balino, administrasjonssjef

Camille Li, førsteamanuensis, tiltredde stillinga 1. juni 
Kerim Nisancioglu, førsteamanuensis, tiltrer stillinga 7. juli 
Tor Eldevik, førsteamanuensis, tiltrer stillinga 1. september 
Are Olsen, tiltrer stillinga 1. desember

- Eg er stolt og glad for å leie denne gruppa av unge talentfulle forskingsleiarar. At alle er rekrutterte frå Bjerknessenteret viser kor sterkt det bergenske vitskaplege klimamiljøet er. Og med hjelp av ei rekke dytige forskarar frå partnarinstitusjonane, er eg sikker på at vi no vil vera med på å drive klimaforskningsfronten framover til stor nytte for samfunnet, seier Tore Furevik, direktør for SKD. 

Trass mange søkarar og internasjonal konkurranse er alle dei fire rekruttert internt frå Bjerknessenteret. Fire vitskaplege komitear har bistått vurderinga av kandidatane til stillingane,i tillegg til mange andre som har delteke på eit eller fleire av dei ni intervjua som har vore halde.  

Det ferske teamet flyttar inn i første etasje i austfløyen, GFI, truleg tidleg i oktober når lokala er venta ferdig oppussa. 

Den nye nettsida er å finne på skd.bccr.no og www.bjerknes.uib.no/skd