Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Pachauri og Solheim opna NorIndia-prosjektet

Då NorIndia-prosjektet hadde sitt avspark i Delhi 1. Februar, var det Rajendra Pachauri og Erik Solheim som opna dagen. 

Tidleg om morgonen, i The Habitat Centre, New Delhi Sentrum, 1. Februar.
Det summar i helsingar og handtrykk som utvekslast. Så stig Rajendra Pachauri, leiar av FNs klimapanel og leiar av det indiske TERI , inn i rommet, og får all merksemd. Så roper arrangøren stille: ”Ministeren kjem”.

Erik Solheim kjem inn som ein vind. Gjev Pachauri ein klem. Dei har møttest ofte. Dei helser på kvarandre som gamle vener. Vel ein time seinare, etter opninga av vårt arrangemet er overstått, vert Solheim utnemnt til æresdoktor på TERI University.

– Kun med gode klimamodellar kan styresmaktene få til ei god klimatilpasning. Utan dette ville ikkje politikk bli bra. Dette er ei unik mulighet for oss. Me er glade for å samarbeide med Bjerknessenteret, sa Pachauri  i sin opningstale.

 

  – Dette er to høgkvalitets forskningssentre som samarbeider, slike samarbeid vil eg gjerne sjå meir av, sa Solheim etter Pachauris opningstale. NorIndia-dagen var eit sidearrangement av den store årlege TERI-konferansen Delhi Sustainable Development Summit 2012 .

 

Det viktige vatnet
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim er hovudtalar.
– Vatn er i sentrum for menneska, og er i sentrum for klimaendringar. Nokre stader, som i Somalia, er det for lite vatn. Nokre stader som til dømes i Thailand nettopp, er det for mykje vatn, sa Solheim.

At 1,5 milliardar menneske er direkte avhengig av vatn frå Himalaya-regionen, er ein politisk kontekst til forskingsprosjektet. Både smelting av isbrear i Himalaya og endringar i monsunen kan gje alvorlege følger i India, både i form av flommar og tørke. Statistikken for India viser også at antal dagar med ekstrem nedbør har auka, medan dagar med lite og moderate mengder har gått ned.

Michel dos Santos Mesquita leier prosjektet. Han har allereie i to år arbeidd saman med TERI for å berede grunnen for dette prosjektet.

–  Fokuset er å utvikle klimatiske og hydrologiske modellar og scenario for vassikkerhet i India, seier Mesquita.

Prosjektarbeidet er delt inn i fem arbeidspakkar:

  • Storskala klimavariasjonar og endringar i den indiske monsunen.
  • Forståelse og kvantifisering av rolla til snø og overflateprosessar i den indiske sommarmonsunen.
  • Forståelse og kvantifisering av rolla til snø og smelting av isbrear på indiske vassressursar.
  • Klimaprojeksjonar i høg oppløysing
  • Hydrologiske konsekvensar

 

Kva er interessentene interesserte i å vite? Spurte Michel Mesquitas panelet av ulike brukargrupper. I panelet, frå venstre: L N Thakural, forskar ved Det indiske National Institute of Hydrology Roorkee, A.S. Walvekar, direktør ved det indiske National Hydroelectric Power Corporation, Eystein Jansen, direktør ved Bjerknessenteret, Anuj Kanwal, kommissær ved det indiske Ministry of Water Resources, og Gaurav Bhatiani, markedsdirektør for SN Power India.

 


Norsk vasskraft til Himalaya
NorIndia-prosjektet er finansiert av både Utanriksdepartementet gjennom den norske ambassaden i India, Forskningsrådet og SN Power.

Blant desse er den sistnemnte særleg interessant. SN Power er eigd av Statkraft og Norfund, som investerer i vasskraft med eit mål om økonomisk vekst og bærekraftig utvikling. I Himalayaregionen byggjer SN Power no opp vasskraft i Nepal, India og Bhutan.

For vasskraftinvestorar er det grunnleggande å kjenne vassvegane og variasjonane i desse.

Samstundes, ein av utfordringane både for vasskraftindustrien og for forskning på vassressursar i India, er tilgangen til data. Data kring vassressursane er storpolitikk for India, og er ikkje fritt tilgjengelege.

Anuj Kanwal frå dei indiske styresmaktene for vassressursar forsikrar om at det vert jobba for å betre situasjonen kring tilgang til data.

– For styresmaktene er målet å auke vasstryggleiken, sa Kanwal.