Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Populærvitskapleg suksess

Bjerknesdagen 2014 vart ein realitet onsdag 1. oktober. Sjansen er stor for at det blir ein liknande dag også neste år.


Fullsatt sal, med foredragshaldarane på første rad. Tore Furevik (frå venstre), Jan Even Øie Nilsen,  Noel Keenlyside, Svetlana Sorokina og Ellen Viste følger med når sosialantropolog Edvard Hviding fortel om folk og kultur og klimautfordringar på Stillehavsøyene.

 

 


Det var ein fullsatt sal då BIFF kjørte i gang dokumentaren ThuleTuvalu onsdag 1. oktober. På siste festivaldag gjekk filmen inn i programmet på Bjerknessenterets klimaforskningsdag. Filmen er eit portrett av folk i Thule, Nord-Grønland, og på Tuvalu, sørvest i Stillehavet. Som følge av at sjøisen smeltar må folk i Thule forlate sin jakttradisjon på isen. I Stillehavet opplever ein at sjølve eksistensen som øynasjon er truga av eit stadig stigande havnivå. Dei følgande seks, korte populærvitskaplege foredraga fulgte samme tematiske akse, frå havnivåstigning i Stillehavet og globalt, til smeltande is og oppvarming av Arktis.

Her kan du sjå innslaget om Bjerknesdagen på BIFF TV

 

 

 

 

 

 

 

Godt samarbeid

Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) er leiande på dokumentarformidling i Noreg, og har lang tradisjon for dokumentarar om miljø og klima, samla under vignetten Green Screen. http://www.biff.no/filmer/#cat_all-GreenScreen-days_all-N Festivalen har samarbeid med Bergen kommunes klimafestival.  

- I 12 år har vi presentert viktige dokumentarfilmar for skuleverket i videregåande og på ungdomstrinna. Klima og miljø som tematikk har vært fast på programmet i ei årrekke og det har derfor vore svært naturleg for oss å be Bjerknessenteret om assistanse til å forfatte og utarbeide studiemateriale som skal følge filmenes innhold fra år til annet, seier festivalleiar Tor Fosse.

BIFF flytta i år tidspunktet for festivalen ein månad fram i tid for å gjere det mogleg med eit samarbeid med Forskningsdagene. På bakgrunn av det gode samarbeidet med Bjerknessenteret ønsker BIFF å utvide kontakten med UiB, og har allereie hatt møter med rektoratet.

 

 

 

 

 

Møtearena

Bjerknessenterets klimaforskningsdag vart etablert som ein arena der alle som er interesserte i klima kan møte våre forskarar til ein uhøgtideleg ettermiddag med korte populærvitskaplege foredrag og diskusjon.

Invitasjonar gjekk ut til politikarar, næringsliv, kommune og fylkeskommune, klima- og miljøorganisasjonar og til samarbeidspartnarar i instituttsektoren. I tillegg var ein del billettar tilgjengelege i billettluka til Bergen kino, som ein del av samarbeidet med BIFF.

Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret er godt nøgd med dagen. 

- Bjerknesdagen vart etter alle målestokkar ein stor suksess. Ein fullsatt sal koste seg med film og seks glitrande foredrag, før mange tok del i ein uformell samankomst på Chagall. Her gjekk praten lystig. Alle tilbakemeldingar, inkludert frå vår styreformann, har vore unisont positive. Dette skal me gjera igjen!