Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Sårbar klimaframtid i Karibia

Michel Mesquitas hadde sju cubanarar på besøk sist veke, til den offisielle starten på det samarbeidsprosjektet XCube.

Body

Forskingsprosjekt XCube stiller spørsmålet: Kor sårbar er Karibia for framtidige klimatiske ekstremhendingar? 

På Cuba kan ein i eit framtidig klima vente sterkare orkanar og fleire tørkeepisodar. 

Verdsbanken har estimert at den cubanske befolkninga har auka med 4 millionar frå 1960- 2010. Ei aukande befolkning i orkanutsatte område og tilgang på vatn ved tørke er nokre av dei utfordringane Cuba no må bu seg på. 

Prosjektet er finansiert av Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap (DSB) gjennom UD, og er eit samarbeidsprosjekt både om forskinga og for kunnskapsbygging. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bjerknessenteret og det cubanske meteorologiske institutt (INSMET – Instituto de Meteorología)

–Dette forskingssamarbeidet har mange interessante aspekt for oss. Meteorologisk insitutt er ansvarleg for for vervarslinga på Cuba og me vil forbetre vermeldingar, særleg på sesongskala når det gjeld orkanar og tørke.  Gjennom dette prosjektet vil me auke vår eigen kapasitet og kvalitet og kunne gje betre tenester til det cubanske publikumet og styresmaktene, seier Abel Centella, forskningsdirektør for INSMET.  


Me håpar dette er byrjinga på eit langt samarbeid, seier Abel Centella, forskningsdirektør ved INSMET. Frå venstre i bildet: Ramon Perez (INSMET), Abel Centella (INSMET), prosjektleiar for XCube Michel d.S. Mesquita (Bjerknessenteret og Uni Research), Braulio Lapinel (INSMET), Israel Borrajero INSMET), Lourdes Alvarez Escudero (INSMET), Paolo Ortiz (INSMET), Juan Carlos Antuna Marrero (GOAC). Foto: Gudrun Sylte   

Kapasitetsbygging er ein viktig del av forskningssamarbeidet, Centella ser fram til å forbetre deira kunnskapar om klimamodellering til nytte i deira forskning. 

Som ein del av kapasitetsbygginga er det også budsjettert med innkjøp av viktig datainfrastruktur. Det inkluderer både Linux cluster til å køyre klimamodellar og analysere resultat frå modellkøyringane, og ei rekke berbare maskinar til forskarar og studentar.