Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.


FORTSET Å FORSKE: Professor emeritus John Birks har ambisjonar for forskinga si, sjølv om han er emeritus. Foto: Jens Helleland Ådnanes, UiB

Superstipend til John Birks

Professor emeritus John Birks skal leia prosjektet HOPE, som skal finne ut kva påverknad forhistoriske menneske kan ha hatt på jorda. Prosjektet vert gjort mogeleg ved hjelp av det prestisjefylte ERC Advanced Grant frå EU.

Body

Professor emeritus John Birks ved Institutt for biologi får ERC Advanced Grant frå det europeiske forskingsrådet. Prosjektet han skal leie heiter Humans On Planet Earth - Long-term impacts on biosphere dynamics (HOPE).

Professor emeritus Birks er tilknytt Institutt for biologi og Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen.

ERC Advanced Grants er til for at framifrå forskingsleiarar i alle aldrar og med alle nasjonalitetar skal kunne gjennomføre banebrytande forskingsprosjekt med høg risiko i Europa. Særleg forskarar som alt er etablerte som dei beste uavhengige forskingsleiarar er aktuelle for stipendet, som er rekna som eit av dei mest høgthengande i Europa. Stipenda utgjer opp mot 2,5 millionar Euro (om lag 23 millionar kroner) over fem år.

Sjølv om Birks er Professor emeritus og pensjonert, har han ikkje pensjonert seg frå forskinga.

– Dette prosjektet er ambisiøst og risikabelt. Men eg likar utfordringar, seier professoren.

Endra forfedrane våre naturen?

Eit viktig vitskapleg spørsmål er korleis forhistoriske menneske påverka biosfæren eller livet på jorda.

– Vi veit at menneska har endra jorda dei siste 8000 åra, gjennom jordbruk, erosjon, vassressursar og så vidare. Det vi ikkje veit, derimot, er om menneska for lenge sidan påverka dei store økologiske prosessane, seier Birks.

Det er dette spørsmålet HOPE vil finne svar på. Svaret kan finnast ved å teste hypotesar som seier at menneskeleg aktivitet har endra økologiske prosessar i dei siste 6000 åra. Gjennom analyse av mønster i pollendata frå dei siste 11 500 år kan forskarane finne eventuelle endringar i 25 eigenskapar ved økosystema. Pollendata vil bli henta frå 2000 stadar i verda. Desse mønstra vil bli samanlikna statistisk på og mellom kontinent.

– Om me finn ut at menneska påverka desse økosystema, vil det gi verda gode grunnar til å vere forsiktig med korleis vi påverkar jorda i dag, seier Birks.

ERC er ei bragd

ERC-statusen tyder mykje for fagmiljøet ved instituttet og for instituttet som heilskap, meiner instituttleiar for biologi, Ørjan Totland.  Ikkje minst trur han prosjektet vil skape viktig kunnskap og bli ein suksess.

– Prosjektet vil avdekke om mennesket påverka økologien langt tilbake i tid. Dette er svært relevant kunnskap som kan gi eit økologisk blikk på menneskehistoria, seier Totland.

Han er ikkje overraska over at Birks fekk tilslag på søknaden sin.

– John har hatt høg status nasjonalt og internasjonalt over lang tid, og har bygd opp det paleoøkologiske miljøet her ved UiB. Dette er ei bragd.

Totland seier tidlegare instituttleiar Anders Goksøyr skal ha mykje ros for å ha lagt til rette for at Birks kunne arbeide med søknaden.

– Det veit eg at John har sett pris på, seier Totland.

Les også portrettintervju med John Birks i andledning 70 års dagen

 

Tverrfagleg og globalt

Prosjektet vil vere tverrfagleg og nytte pollen-analyse, databasar. Multivariat analyse, økologi, nye statistiske metodar og statistisk modellering. I tillegg vil det vere ei globalt prosjekt.

– Vi byggjer ei sterk forskingsgruppe, og vil samarbeide internasjonalt. Mange av forskarane eg har samarbeidd med tidlegare ønsker å vere med, forklarar Birks.

HOPE får støtte i fem år, og vil innebere tre postdoktorstillingar og ein doktorgradskandidat, i tillegg til andre partnerar.

– Prosjektet ville aldri blitt realisert utan ERC-støtta. Bo kan me setje saman eit team av utmerka forskarar, både yngre og meir erfarne, seier emeritusen.

Sjølv om han er emeritus og pensjonert, ser han fram til arbeidet som ligg framfor han.

– Dette er nok det siste prosjektet eg blir med på som forskar. Eg har vore involvert i ei rekkje prosjekt, men dette er det mest ambisiøse så langt, seier han.