Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Vårt eige Venezia

I framtida må det byggjast stengsler for å unngå at delar av Bergen vert liggjande under vatn.

Av Helge Drange, Bjerknessenteret, Nansensenteret, UiB og Nansen-Zhu internasjonale forskingssenter, Beijing.

Kronikken er også publisert i Bergens Tidende 25. januar 2007.

OM NOKON FOR ti år sidan hadde sagt at vatnet kjem til å stå knappe meteren over Bryggen mot slutten av dette hundreåret, hadde eg ikkje trudd det. I dag er det grunn til å frykta at så høgt vil stormfloda no

Vi veit alle at klimaet har vore og vil koma til å vera i endring. Det er det normale. Men for perioden etter siste istid, som dekkjer dei siste 10.000 åra, har vi hatt eit nokså stabilt klima, i alle fall samanlikna med dei klimaendringane som er knytt til is- og mellomistider.

Dette er no i ferd med å endra seg. Som ei følgje av aukande innhald av drivhusgassar i atmosfæren aukar lufttemperaturen, og med det temperaturen i havet. Det siste fører til at havvatnet utvidar seg og at havyta stig. Det er også godt dokumentert at så godt som alle breane i verda smeltar. Denne smeltinga, saman med observasjonar om at Grønlandsisen er i endring, fører også til at havet stig.

SKULLE ALL IS på land smelta, ville havyta stiga med rundt 70 meter. Til alt hell vil mesteparten av isen halda seg i frosen form også for dei klimaendringane vi står framfor. Det er likevel fullt mogleg at havyta kan stiga med fleire meter grunna smelting av brear, delar av Grønlandsisen og delar av ismassane i Antarktis. Ei slik stigning vil ikkje skje i dette hundreåret, men det kan skje på noko lengre sikt.

Målingar syner at havet har stige med om lag 20 cm sidan 1880, og satellittmålingar frå tidleg på nittitalet viser at havyta no stig med vel 3 mm i året. Om lag halvparten av denne stigninga skuldast aukande temperatur i havet, medan resten skuldast smelting av is på land.

I EIN NY studie i det vitskaplege tidsskriftet Science er det vist at det er ein nær samanheng mellom observert auke i lufttemperaturen og stigande hav. Ved å nytta denne samanhengen kan ein finna kor mykje havyta vil stiga for ulike framskrivingar av lufttemperaturen. Sjølv store kutt i utsleppa av klimagassar vil gjera det vanskeleg å få ei oppvarming på under to grader mot slutten av dette hundreåret. Sannsynlegvis vil oppvarminga liggja mellom to og tre grader. I så fall vil havet stiga med mellom 55 og 80 cm i dette hundreåret.

Men framtidig endring av havyta vil ikkje vera jamt fordelt. Våre farvatn får om lag 10 cm høgare havyta enn middelstigninga gjeven over. Grunnen til dette er ein kombinasjon av endra havsirkulasjon, temperatur og saltinnhald i det nordlege Atlanterhavet og i Arktis. Vi kjem då opp i ei stigning på mellom 65 og 90 cm.


Figuren er utarbeidet av Atle Nesje (basert på Rahmstoff, 2006).

VERKNADENEav stigande hav vil vera minst der landet hevar seg. Sidan Skandinavia var tynga av ei fleire km tjukk iskappe under siste istid, lyftar mesteparten av Skandinavia seg i dag. Faktisk vil landshevinga løfta områda nord i Austersjøen med heile 80 cm i dette hundreåret. Men diverre er det så å seia ikkje landsheving langs norskekysten frå Agderfylka i sør til Stadt i nord. Alle kyststroka på Sør- og Vestlandet må difor førebu seg på at havyta vil stiga med 65-90 cm mot slutten av dette hundreåret. For Troms og Finnmark vert stigninga 10 cm lågare, medan Trøndelag- og Helgelandskysten, kyststroka mot svenskegrensa og indre Oslofjord vil få 20 til 40 cm lågare stigning.

STIGNINGA OVER gjeld for både middelvasstand og ved flod og fjøre sjø. Men målet for stormflod vil auka enda meir. Grunnen til dette er at stormane om hausten og vinteren vil verta noko kraftigare utover i dette hundreåret. Lågare lufttrykk og oppstuving av vatn langs kysten inneber at stormflodmålet kan ventast å auka med om lag 10 cm jamført med stigninga over. Vi har då ei stormflod som på sør- og Vestlandet vil stiga med mellom 75 og 100 cm samanlikna med dagens situasjon.

Det er difor god grunn for alle med tilhald, aktivitetar eller byggjeplanar i kyststroka langs sør- og Vestlandet å førebu seg på at havyta vil stå knappe meteren høgare mot slutten av dette hundreåret. Å ta omsyn til dette vil vera ei - i dei fleste høve - billeg trygding mot skader knytt til stigande hav.

Som kjent går vatnet godt inn på Bryggen når det er stormflod i dag. Legg ein så ein knapp meter til dette, ser ein omfanget av problemet.

Tilsvarande utfordringar finst for mange, kanskje dei fleste, av byane og tettstadene langs kysten. Døme på stader som alt i dag får stormfloda inn på kaianlegg og gateplan er Fredrikstad, Drammen, Halden, Mandal, Stavanger, Haugesund, Odda, Florø, Måløy, Ålesund, Trondheim og Mosjøen.

SJØLV OM framskrivinga av havyta er tufta på målingar, er det fleire usikre faktorar når vi ser fram i tid. Frå eit klimasynspunkt er det sjølvsagt å håpa at klimagassutsleppa vil gå ned, og det både raskt og mykje. Men sjølv med optimistiske auge er det vanskeleg å sjå at temperaturauken vil verta mindre enn to grader mot slutten av dette hundreåret. Skulle så skje, vil havyta stiga noko mindre enn den nedre grensa gjeven over.

Det er vidare opplagt at det er manglande kunnskap om smeltinga av Grønlandsisen og iskappene i Antarktis. Det kan hende det vert mindre smelting av denne isen enn det vi trur, men det kan like gjerne verta meir. Manglande kunnskap om dette må difor ikkje vera ei sovepute, men heller eit varsel om at vi må vera ekstra førebudd.

TIL SLUTT: Havet vil ikkje slutta å stiga den dagen vi sluttar å forureine lufta med drivhusgassar. Vi vil få høg lufttemperatur i fleire hundre år og med det ei gradvis smelting av Grønlandsisen og isen i Antarktis. I tillegg vil djuphavet langsamt varmast opp. Dette gjer at havet vil halde fram med å stiga i meir enn tusen år. Det er difor truleg at delar av Bergen vert liggjande under vatn ut i det neste hundreåret om stengsler ikkje vert bygde.

Det er ein tankekross at nokre generasjonars intense brenning av kol, olje og gass fører til at havet vil stiga i lang, lang tid framover. Det er også verdt å minna om at sjølv om utfordringane mange for kyststroka i Noreg, vil ei rekkje øysamfunn i Stillehavet og lågtliggjande sletteland i til dømes India og Bangladesh få dramatisk større problem enn dei vi får. Det er også slik at desse samfunna vil ha vanskar med å tilpassa seg klimaendringane då dei gjerne rår over små økonomiske resursar. At dei heller ikkje har medverka til klimaendringane høyrer også med til historia.

OG DERSOM nokon undrar seg over om den neste istida vil redda oss, så ligg denne meir enn 20.000 år fram i tid. Ikkje noko redning der, altså.