Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Ventar fleire varmebølger og auka nedbør

Resultata frå FNs spesialrapport om ekstremvær og katastrofer, viser at ein direkte kan knytte ekstremvarme og auka nedbør til menneskeskapte utslepp av drivhusgassar.

Spesialrapporten frå FNs klimapanel om ekstremvær og katastrofar, tar for seg ulike ekstremværsituasjonar som flom, tørke og ekstremt høg vannstand. I tillegg tar den for seg korleis ein kan førebu seg mot tap og skade i ekstremværsituasjonar. Det er første gongen ein går gjennom ekstreme værforhold og katastrofar på eit slikt detaljnivå på global skala.

Asgeir Sorteberg, professor ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret er ein av hovedforfattarane i den naturvitskaplege delen av rapporten.

– Observasjonsgrunnlaget viser at det dei siste femti åra har vore fleire ekstremt varme dagar, og færre ekstremt kalde dagar. I framtida kan ein vente fleire varme dagar og auka nedbør i visse område, det gjeld til dømes på Vestlandet, seier Sorteberg.


Miljøvernminister Erik Solheim (til venstre) fekk den ferske FN-rapporten overlevert av Farrokh Nadim frå NGI (i midten) og Asgeir Sorteberg, Berknessenteret. Foto: Gudrun Sylte

Knyttast direkte til utslepp av drivhusgassar
I arbeidet med rapporten har forskarane på fleire måtar også sett at ein kan direkte knytte varme og nedbør til menneskeskapte utslepp. Dette ser ein på fleire måtar, både med termodynamiske prinsipp, og med indikasjonar frå klimamodellar.

– Deler av oppvarminga kan knyttast direkte til auke i utslepp av drivhusgassar. Ein har forsøkt å køyre dei store klimamodellane basert berre på naturlege variasjonar i klima, då stemmer ikkje klimamodellane med dei observerte data. Det er kun når ein tar med dei menneskeskapte utsleppa med i modellane at ein får observasjonane me har dei siste åra, seier Sorteberg.

Høyr Asgeir Sorteberg på NRK Her og Nå 18. november 2011 (ca 50 min ut i sendinga)

Verda i 26 regionar
I rapporten har forskarane delt verda inn i 26 regionar, der ein har samla historiske observasjonar over ekstreme hendingar. Ei rekke regionar er har ikkje gode nok data til at forskarane kan seie sikkert om det er endringar eller ikkje, dette gjeld særleg regionar i Afrika.

Fredag 18. november vart spesialrapporten offentleg, etter at FN-landa på møte i Uganda var enige om kapittelet Oppsummering for beslutningstakarar.  Dette er eit sammendragande kapittel mynta på ikkje-vitskaplege lesarar. Les dette på klimapanelet sine sider (IPCC): http://ipcc-wg2.gov/SREX/

Rapporten er totalt på 700 sider, produsert av 80 vitskaplege hovedforfattarar. Den skal no omsetjast til dei offisielle FN-språka før den i full utgåve vert offentleg tilgjengeleg.

Sjå Eystein Jansen på NRK Førkveld 18. november 2011 (ti minutt ut i sendinga)

Dytt til arbeidet med fond for klimatilpasning
Også miljøvernminister Erik Solheim deltok på den norske pressekonferansen i Oslo. Han meiner det positive i rapporten er at samfunna rundt om på kloden vert stadig betre organisert og betre førebudd til å møte ekstreme versituasjonar og påfølgande katastrofar.

– Å ta vare på økosystem er den beste beskyttelsen. Samtidig ser ein flomkatastrofen i Thailand, den har enorme konsekvensar, sjølv om Thailand ikkje er eit dårleg organisert land, sa Solheim under pressekonferansen.

Solheim trur denne rapporten vil gje ein dytt i arbeidet med å få verdas land til å bidra meir til fondet som skal hjelpe utviklingsland til klimatilpasningar. Samstundes peiker han på at den viktigaste tilpasninga er det regjeringar og befolkninga i heile verda som må stå for. I Noreg har ein ei utfordring med eit røyrsystem som ikkje er tilpassa auka nedbørsmenger og dermed auka overflatevatn.


Les meir om spesialrapporten hos Klima og forurensingsdirektoratet


Sjå forskarane Asgeir Sorteberg og Farrokh Nadim sine presentasjonar under pressekonferansen .


Sjå videoklipp med forskarane om framtidas ekstremvær her.