English
Nettkart
Intranett
Forside : Forskning : Nåtidens klimaendringer :

Nåtidens klimaendringar

Golfstraumen og atmosfæresirkulasjonen gjev varme til kalde nord, men gjer det også utfordrande å forstå og vurdera dei naturlege variasjonar i regionen.


Nordvest-Europa kan skulde sitt milde og gunstige klima på den nordlege transporten av varme som er assosiert med dei nordatlantiske stormbanane og den nordatlantiske og norske atlanterhavsstraum, den nordlege forlenginga av Golfstraumen. Ein konsekvens av den sterke avhengigheita av varmeimport frå lågare breiddegrader, er eit sterkt variabelt klima, på alle tidsskalaer. Dette gjer det spesielt utfordrande å identifisera årsakene bak, og dynamikken til, dei naturlege variasjonsmodane i regionen, å skilje menneskeskapte klimaendringar frå naturlig variabilitet, og til å vurdera prediktabiliteten i vårt klimasystem.

Forskingsfokus

Den overordna målsettinga til denne forskingsgruppa er å auke forståinga  av dagens klimavariabilitet og klimaprediktabilitet, med fokus på den europeisk-arktiske region. Fokus vil vera på dei tidsmessige og romlege karakteristikkane og dynamikkane til dei mellomårlege til multidekadiske variasjonsmodane i atmosfæren og havet, og på  prediktabiliteten til desse modane.

Spørsmålsstillingar:

  • Kva er effekten av ulike overflatetilstandar (havtemperatur, sjøis, snødekke) på den atmosfæriske variabiliteten på høge breidder?
  • Kva er effekten av ulike atmosfæriske pådrag på havsirkulasjonen? 
  • I kva grad eksisterar det ei aktiv atmosfære-hav kopling i Nord-Atlanteren?
  • Kva er samanhengen mellom klimavariasjonane i vår region og sirkulasjonsmønster andre stadar (fjernkopling)?
  • Kva er samanhengane mellom den storstilte nord-sør havsirkulasjonen, strukturen til den subpolare/subtropiske gyren,  og straumen av masse, varme og salt inn i dei nordiske hav?
  • Kva er mekanismane som bestemmer danninga, forplantinga og utdøyinga av varme og salt anomaliar i systemet?

Forskingsprosjekt

Ledere av Forskningsgruppen RG2:

Leder: Helga (Kikki) F. Kleiven, kikki@uib.no
Nestleder: Anne Britt Sandø, anne.britt.sando@imr.no

Medlemmer i gruppen:

Amandine Tisserand , Andrea Tegzes, Anne Britt Sandø , Dagfinn Bøe , Dag Inge Blindheim Eirik Galaasen , Gunn Olsen , Helene Langehaug , Iselin Medhaug, Kikki Kleiven , Kjersti Opstad Strand , Kjetil Våge , Lea Toska Oppedal , Lingling Suo , Martin Miles , Nil Irvali , Nils Gunnar Kvamstø , Odd Helge Otterå , Odd Hansen , Ole Segtnan , Randi Ingvaldsen , Rune Søraas , Sigrid Lind Johansen , Svein Østerhus , Tor Gammelsrød , Tore Furevik , Torleif Markussen Lunde , Tor Mjell , Trond Dokken , Ulysses Ninnemann , Yongqi Gao , Øystein Skagseth , Øyvind Lie .



Utskriftsvennlig versjon
Tips en venn
Del
UNI NERSC IMR UIB
Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Havforskningsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research