English
Nettkart
Intranett
Forside : Formidling :
Nyheter på engelsk
NYHETER
KLIMASNAKK
KOMMENTAR
FNS KLIMAPANEL (IPCC)
PRESSEROM
LÆR OM KLIMA
MULTIMEDIA
KLIMAFORUM
BJERKNES I MEDIA
NYHETSBREV
KALENDER
15.06.2011
Kick off for Senter for klimadynamikk
Kring førti personar var samla i auditotiet i GFIs austfløy til då forskingsprosjekta i Senter for klimadynamikk offisielt starta opp.

Eit smell frå ein ballong markerte starten for dei sju forskningsprosjekta som no startar opp under Senter for klimadynamikk (SKD). Torsdag var det nøyaktig eitt år sidan forskingsminister Tora Aasland annonserte regjeringa si avgjerd om å bygge opp eit nytt klimaforskingssenter i Bergen. Dette skulle vere basert på kompetansen utvikla gjennom Senter for Framifrå Forsking (SFF)  Bjerknessenteret der støtta frå forskingsrådet utgår i 2012.  


Kring førti personar tilknytt SKD samla seg i Geofysens auditorium i austfløyen torsdag. Her Jostein Bakke (frå venstre), Tore Furevik og Beatriz Balino. Foto: Gudrun Sylte

Den offisielle opninga av det nye senteret vil først finne stad i november, men med budsjetta for dei to kommande åra på plass, er det grønt lys for å sette i gang. Dei sju prosjekta vart presenterte eitt etter eitt, og dei sju er:

IPCC - IPCC AR5 Task Force. Leiar: A. Sorteberg (UiB)

IMMUNITY Integrated Model-data approach for understanding multi-decadal
natural climate variability. Leiar: O.-H.Otterå (UNI)

PRACTICE Predictability of Arctic / North Atlantic Climate. Leiar: Tor Eldevik, (UiB)

REGSCEN Regionalisation of Climate Scenarions. Leiar: B. Ådlandsvik (IMR)

DYNEWARM Dynamics of past warm climate. Leiarar: B. Risebrobakken & C.Li (UNI)

SEALEV Ice Sheet Dynamics and Sea Level Change. Leiar: S. Sandven (NERSC)

BIOFEEDBACK Biogeochemical feedbacks in the climate system - from processes to large scale effects. Leiar: C.Heinze (UiB)

På veg mot midtvegsevaluering
Senteret har ein tolvårig horisont med statlege midlar, forutsett at ein får ein god midtvegsevaluering. Midlane frå regjeringa er gitt på bakgrunn av at Senter for klimadynamikk (SKD) skal drive forskning på seks område:

* Naturlege og menneskeskapte klimaendringar
* Prosessforståing og usikkerheit
* Regionalisering og ekstremar
* Klimafølsemd og tersklar
* Fortidas, notidas og framtidige endringar i havnivå
* Karbonkretslaupet og det marine økosystem

– Med oppstart av dei sju prosjekta no, vil me drive god forsking på alle dei seks lova tematiske områda. Då vil me vere i ein god posisjon for midtvegsevalueringa, sa Tore Furevik i auditoriet i austfløyen.


Framleis fire partnarar

Dei fire partnarane i SFFen vert vidareført i SKD, styret har fem medlem med ein representant frå dei fire partnarane pluss ein ekstern leiar.

Styret er samansett av:
* Anton Eliassen (met.no, leder)
* Dag Rune Olsen (vara: Gunn Mangerud), UiB
* Solfrid Sætre Hjøllo (vara: Einar Svendsen), IMR
* Ola M Johannessen (vara: Mette Krohn-Hanssen), NERSC
* Hege Randi Eriksen vara: (Eystein Jansen), UNI

Fordeling av midlar frå SKD til dei ulike partnarane vil gå gjennom kjøp av forskartid:

”Et hovedprinsipp for styret er at midler til kjøp av forskertid over tid tilstrebes likt fordelt mellom partnerne, forutsatt levering av nødvendige resultater for prosjektenes framdrift”

Budsjettet er på 20 millionar kroner kvart år ut 2012.

Vitskapleg råd
Senter for klimadynamikk har også eit vitskapleg rådgjevande organ knytt til seg. Desse vil møtast ein gong i året, men er tilgjengeleg for rådføring når det måtte passe.

Rådet er samansett av:
* Anny Cazenave, Centre National d´Etudes Spatiales, France (Geovitskap,    havnivåvariasjon)
* Detlef Stammer, University of Hamburg, Germany (Fysisk oseanografi og fjernmåling)
* David Thompson, Colorado State University, USA (Storskaladynamikk i atmosfæren og klimavariasjon)
* Andrew Watson, University of East Anglia, UK (Biogeokjemi)
* Michael Schulz, University of Bremen, Germany (Paleo-oseanografi)
* Jens Hesselbjerg Christensen, Danish Climate Centre, Denmark (Regional klima, nedskalerling)

SKD vil under Universitetet i Bergen få ei kjernegruppe på fem personar som vil sitte samla i austfløyens første etasje. I tillegg til direktør Tore Furevik, vert det ein administrativ leiar og fire forskingsleiarar. Alle stillingane vil bli utlyst så snart som mogeleg. Dei fire forskingsleiarane skal dekke fagområda storskaladynamikk i atmosfæren, storskaladynamikk i havet/dekadisk prediktabilitet, biogeokjemi og følsemd og tersklar i klimasystemet.

Stillingane er utan undervisningsplikt, plassert som førsteamanuensis noko som igjen inneber eit høve til å søke om opprykk til professor.
 
– Eg oppmodar alle til å søke, sa Furevik i auditoriet.


Sist oppdatert: 17.06.2011
Utskriftsvennlig versjon
Tips en venn
Del
UNI NERSC IMR UIB
Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Havforskningsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research