Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

I januar vil Mathew Stiller-Reeve og kollegaer ta i mot deltakere på klimaworkshopen på litteraturhuset. Foto: Gudrun Sylte

Bli med på klimaworkshop

Om ei veke går fristen ut for å melde seg på Klimathon – ein klimaworkshop mellom forskarar, norske kommunar og næringsliv.

Body

– Vi vil dele folk i grupper slik at private aktørar, kommunalt tilsette og forskarar blir godt blanda i kvar gruppe, seier Mathew Stiller-Reeve, forskar ved Uni Research og Bjerknessenteret.

I løpet av to dagar skal dei tre gruppene jobbe saman for å finne løysingar rundt klimatilpassing, korleis ein kjem fram til gode vedtak og korleis ein kan sørge for å få nye og oppdaterte klimadata inn i avgjerdslene.

For Mathew Stiller-Reeve og hans kollegaer er det ein ny måte å jobbe på, når ein no inviterer til gruppearbeid. Normalt er forskarar mest vande med å halde foredrag når ein tar forskninga si ut til folk. Her siktar dei på eit tverrfagleg gruppearbeid, der alle i eit spenn på  arbeidsstad, sektor  og fagområde saman skal lære av kvarandre og samarbeide for gode løysingar.

Klimathon har stor pågang – men det er framleis tid til å melde seg på, det gjeld særleg for private aktørar i klimatilpassing. Meld deg på her, frist 1. desember

Følg også Klimathon på Facebook


Kjenne brukaren

Sjølv om forskarane sit på kunnskapen om modellering, meteorologi og korleis klimaet endrar seg, er det likevel ein god del forskarane også kan lære.

Erik Kolstad, forskar på Uni Research og Bjerknessenteret har sidan 2014 leia pilotprosjektet Hordaklim, der forskarane jobbar saman med utvalde Hordalandskommunar med regional nedskalering av klimamodellar.

– Vi har lært mykje i denne prosessen, ikkje minst når det gjeld kva type informasjon kommunane treng. Vi forskarar kan hente ut mykje forskjellig slags informasjon, men vi veit mindre om kva brukarane faktisk treng, seier Kolstad.

Han innleiier Klimathon i januar med eit foredrag nettopp om klimadata.

 

Regionale modellar treng lokalkunnskap

Klimamodellane er som eit digitalt bilete. Dei store bileta blir grovkorna om ein prøver å zoome inn på mindre område. Normalt har ein global klimamodell ei oppløysing der kvar kvadrat klima blir rekna ut for, er på 12 kilometer. På Vestlandet med fjordar, fjell og øylandskap langs kysten, gir dette store konsekvensar. Inni ruta på 12 kilometer kan er det store lokale variasjonar, men den globale modellen gir kun eit gjennomsnitt av dette.

– Når vi skal bygge regionale klimamodeller må me ta omsyn til slike forskjellar. Modellane får langt mindre ruter, ned til to kilometer. Då kan vi ta omsyn til lokale skilnader i vær og terreng. Lokalkunnskap er også nyttig for å tilpasse modellen til landskapet, slik at den best mogleg representerer det som faktisk skjer, seier Mathew Stiller-Reeve.

 

Plakat Klimathon

Fakta// Klimaservice

  • Klimathon er arrangert av forskarar ved Uni Research, Bjerknessenteret og Norsk Klimaservicesenter, i samarbeid med forskingsprosjekta R3, Hordaklim, HordaFlom og Hordaplan.
  • Dei tre prosjekta går under fanen klimaservice, med eit mål om å kunne hjelpe det offentlege Noreg og private aktørar med å betre kunne tilpasse seg eit klima i endring.
  • Norsk Klimaservicesenter er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, NVE, Uni Research og Bjerknessenteret.