Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Søndre del av Folgefonna. Foto: Espen Skaar, via Wikipedia 

Brevariasjonar og klimafarar frå Folgefonna til Svalbard

Torgeir Opeland Røthe disputerer 18.03.19 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Reconstructions of palaeoenvironmental variations from lacustrine sediments in sub-Arctic and Arctic lakes, and their climatic implications".

Torgeir Opeland Røthe disputerer 18.03.19 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: "Reconstructions of palaeoenvironmental variations from lacustrine sediments in sub-Arctic and Arctic lakes, and their climatic implications".

For å forstå dagens og morgondagens klimaendringar er kunnskap om fortidsklimaet nødvendig. Ved å forstå den naturlege klimavariabiliteten kan dagens globale oppvarming setjast i ein kontekst. Dette er særleg viktig for Arktis, då oppvarminga her skjer dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Røthe har i si avhandling nytta innsjøsediment til å rekonstruere brear, flaumar og skred i løpet av dei siste 10 000 åra. Dette er gjort ved å bruke høgoppløyselege metodar, t.d. X-Ray CT, til å karakterisere og kvantifisere avleiringane på botnen av innsjøane.

Røthe har studert brear på vest- og nordkysten av Svalbard (79°N). Resultata syner at breane på vest- og nordkysten av Svalbard vaks fram att for vel 4000 år sidan, og har særleg variert i storleik dei siste 2000 åra. Brear er sensitive indikatorar på endringar i sommartemperatur og nedbør, og funn frå Røthe sitt arbeid peikar på at vinternedbør er viktig for å forklare breane sin framgang og tilbakerykk på Svalbard dei siste 2000 år. Konsekvensen av smeltande brear er at nytt og ope landskap dukkar fram. Dette utgjer ein klimafare då smeltevatn kan demmast opp av breen og føre til bråe flaumar når dei tappast.

I eit arbeid frå Folgefonna har Røthe undersøkt flaumar frå bredemte sjøar i historisk tid nær Svartenutbreen, og dokumentert at dette har skjedd 14 gongar tidlegare når breen har vore på same storleik som i dag. Arbeidet belyser ei klimafare som vil bli aktuell etter kvart som breane smeltar attende og det ukjende landskapet under isen veks fram.

Det siste arbeidet til Røthe undersøkjer frekvensen av sørpeskred ved Okstindane i Nordland. Ved å kvantifisere volumet av sediment avleira frå sørpeskred har Røthe rekonstruert skredfrekvensen i området. Røthe sitt arbeid syner at skredhendingane er sterkt påverka av vinternedbør, og dette er vidare kopla til styrken på vestavindsbeltet og storskala endringar i den atmosfæriske sirkulasjonen.

Personalia

Torgeir Opeland Røthe (f. 1988) kjem frå Leikanger i Sogn og Fjordane. Røthe har ein mastergrad i kvartærgeologi og paleoklima frå Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, og vart tilsett som doktorgradsstipendiat våren 2014. Røthe har under doktorgradsarbeidet vore knytt til prosjektet EARTLAB ved Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret for klimaforsking.

Rettleiarar har vore Prof. Jostein Bakke, Dr. Eivind Wilhelm Nagel Støren og Prof. Haflidi Haflidason.