Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Å forutsjå den vandrande iskanten

Den arktiske sjøisen er i bevegelse heile året. Den utvidar seg til sitt ytterste i mars, og når sitt minimum i september. Variasjonane gjennom året, og frå år til år, beror på vind, vær, og havstraumane. Men Arktis er i endring. 

Body

– Dei siste tiåra har sjøisen sakte forsvunne. Tapet er spesielt stort i Barentshavet, der nesten halvparten av sjøisen dei siste 40 åra har blitt borte, seier Jakob Dörr.

Han er ph.d.-stipendiat i Arven etter Nansen, eit stort norsk forskingsprosjekt med mål om å forstå meir om Barentshavet.

Isen, atmosfæra og havet

Ved Geofysisk institutt ved UiB og Bjerknessenteret for klimaforsking er Dörr knytta til ei forskingsgruppe som arbeider med iskantens endring, og korleis vi kan forutsjå den.

I doktorgradsavhandlinga si studerar han den naturlege variasjonen til havisen – kor mykje den endrar seg. Nokre år forsvinner havisen raskt, i andre periodar utvidar den seg. Dette er grunna interaksjonen mellom atmosfæra og havet.

Den nordatlantiske havstrømmen (NAC) tek med seg varme nordover til Barentshavet, heile vegen frå Mexico-golfen. Kor mykje varme, og intensiteten i havstraumane, varierar også frå år til år.

Atmosfæra flytter varme eller kalde luftmasser, og styrken og retninga på vinden flyttar havisen rundt. Sørlege vindar i Barentshavet vil, til dømes, flytte isen nordover. Slike bevegelsar kan skje veldig raskt.

Kva iskanten er, er ei anna historie. Ikkje ei skarp linje, som det kan høyrest ut som, men eit område meir eller mindre dekt av flak med is, definisjonane er varierte og mange.

Havisarealet i Barentshavet. Mars 2020 er det mest nylege datapunktet til høgre. (Ill.: Jakob Dörr)
Havisarealet i Barentshavet. Mars 2020 er det mest nylege datapunktet til høgre. (Ill.: Jakob Dörr)

Eksperimentering i modellane

For å forstå kor mykje desse naturlege variasjonane påverkar havisen, nytter Dörr og kollegene hans på klimamodellar. Klimamodellane inneheld ulike komponentar i det naturlege klimasystemet, deriblant mengda havis, og estimerar kor mykje isen vil endre seg basert på ulike variablar.

Når ein køyrer slike modellar gang på gang, kan ein anslå dei naturlege variasjonane i isen for framtida.

– Ved å legge til små endringar for kvar gjennomkøyring kan vi sjå kor mykje havisen endrar seg. Kvar for seg er ikkje modellkøyringane riktige, men ved å setje saman mange får vi eit godt grep om kor mykje variasjonane endrar seg, og den pågåande trenden, seier Dörr.

Og sjølv om mengda havis i nord går opp og ned, alt an på tida på året og sesongendringar, går trenden over fleire år nedover. Den arktiske havisen forsvinn, gjennom både sumaren og vinteren.

Ifølgje Jakob Dörr og kollegene hans, er den nedadgåande trenden for stor til å vere forårsaka av naturlege variasjonar, og den pågåande globale oppvarminga er den mest trulege forklaringar. Men nettop på grunn av naturlege variasjonar kan ein få veksande sjøis i periodar. Til dømes har vinterisen i Barentshavet dei fire siste åra blitt større, grunna rekordlite is i 2016. 

Isdekket i Barentshavet. (Foto: Marius Årthun)
Isdekket i Barentshavet. (Foto: Marius Årthun)