Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Jostein Bakke med ei gruppe geologistudentar ved Bondhusvatnet nedanfor Folgefonna. Foto: UiB 

Folgefonnsenteret opnar: Ein ode til vatnet 

Vatn er det sentrale omdreiningspunktet i det splitter nye Folgefonnsenteret i Rosendal. Neste veke står statsminister Erna Solberg for opninga. 

Body
Folgefonnsenteret på kaien i Rosendal
Bygget i svart, midt på biletet Folgefonnsenteret, mellom fjord og fjell på kaien i Rosendal. Foto: Folgefonnsenteret

I det asurblå karibiske hav er det varmt. Vatnet som fordampar her, stig opp i atmosfæren og blir til skyer. Vassdropane fer avgarde langs stormbanar tvers over Atlanteren og kræsjar inn i Norskekysten. På Vestlandet møter skyene fjella. Det ausar ned, men legg seg som snø på toppane. Over Rosendal bygger snøen seg opp til Folgefonna, Noregs tredje største isbre.

Vassdropane blir her eit par hundre år, før dei igjen smeltar, rinn nedover fjella, kanskje inn i eit kraftverk og vidare ut i fjorden, ut i havet, blir med Golfstraumen mot nord, før det søkk ned i djupet og igjen returnerer sørover. Langt nede i djupet passerer det igjen Karibia på si lange ferd med djuphavstraumane kring jordkloden.

Det er vatnets krinslaup som er sentralt i utstillinga i det nye Folgefonnsenteret i Rosendal. Til skilnad frå andre bresenter, handlar ikkje dette kun om breen, men om heile den hydrologiske syklusen. Og all forskinga som er tilknytt krinslaupet.

Forskningsmiljøet står sentralt

No står det splitter nye senteret klart på kaien i Rosendal. Meir enn ti år har det tatt, frå idestadiet til ferdig hus.

Knut Førland er styreleiar for Folgefonnsenteret og har vore med i prosessen rundt Folgefonnsenteret heilt frå starten. For initiativtakarane var det viktig at senteret skulle vere meir enn ei formidling av naturen på Folgefonnhalvøya. Med Bjerknessenteret og Havforskningsinstituttet med på laget, lukkast dei med dette, meiner Førland, senteret er også blitt ein stad for forskning og undervisning.

– Det som gjer senteret unikt er nettopp den tette forankringa inn mot forskningsmiljøet. Det er eit opplevings- og kunnskapssenter som knyter forskning og naturoppleving saman, seier Knut Førland.

Jostein Bakke og studentar på ekskursjon
Jostein Bakke er professor i geologi ved UiB og Bjerknessenteret (i midten av biletet). Han ser fram til å bruke Folgefonnsenteret i undervisninga. Foto: UiB 

Rosendal, Folgefonnhalvøya og breen har lenge vore eit område i flittig bruk for UiB. Forrige veke var Jostein Bakke i Rosendal og Folgefonnhalvøya med eit følgje geologistudentar.

– Dette er eit område me tar med oss studentar til kvart einaste år. Derfor er det også relevant å ha ein plass å samle all kunnskapen, la studentane sjå utstillinga, me kan ha forelesingar her, før me drar ut i felt, seier Bakke, professor i geologi ved UiB og Bjerknessenteret.

Han har vore ein av pådrivarane for eit forsknings- og undervisningssenter i tilknyting breen. Bakke har også fått midlar til å utvikle eit eige undervisningsopplegg for vidaregåande skular, med utgangspunkt i Folgefonnsenteret.

Ny arena for forskningsformidling

At senteret både skal vere ein stad som samlar forskning, undervisning men også formidling var utgangspunktet for at Bjerknessenteret engasjerte seg i ideen. I januar 2010 inngjekk Bjerknessenteret ein samarbeidsavtale med Folgefonnsenteret.

– At me fekk på plass avtalen med Bjerknessenteret gjorde at me verkeleg fekk fart på arbeidet, seier styreleiar Knut Førland.

–Folgefonnsenteret er ein svært god ide, det er ein ny måte å kommunisere forskning på. Bjerknessenteret og Havforskningsinstituttet bidreg med det faglege inn i utstillinga, og senteret er ein ny stad for kurs og workshops, seier Eystein Jansen som var direktør for Bjerknessenteret då arbeidet med Folgefonnsenteret starta opp.

Eit sentralt poeng i utstillinga er at mykje av innhaldet er digitalt, som enkelt kan oppdaterast, modererast og skiftast ut.

Vatn i verda

Nedbøren på Vestlandet gir oss brear og vasskraft, men også utfordringar som ekstremnedbør, ras og flaum. Når statsministeren opnar utstillinga neste veke, inkluderer den vatn som naturfare, som friluftsliv på fonna, som levestad for havdyra i djupet, og ei reise til andre deler av verda der vasstilgangen er ein heilt annan enn på Folgefonnhalvøya.

Den årlege sommarskulen på  UiB samlar phd-studentar frå heile verda. I fjor var tema vatn, klima og samfunn, og inkluderte ei reise til i det våte, vestlandske fjordlandskapet. Med som forelesar var Terje Tvedt, professor ved institutt for geografi, som også har produsert fleire dokumentarfilmar og –seriar. Tvedt har laga ein ny film til Folgefonnsenteret, og i utstillinga kan du bli med på ei reise til tre av dei besøkande sommarskulestudentane sine heimland.