Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Fullstendige kvalitetssjekka data frå forskningstokt over verdshava, inngår i den nye versjonen av databasen GLODAPv2. Illustrasjon fra GLODAP

GLODAP er blitt ny

Data frå verdshava frå perioden 1972 til 2013 er samla og og gjort åpent tilgjengelege i den nye versjonen av forskningsdatabasen GLODAP

Body

Når no den nye versjonen av GLODAP er klar og tilgjengeleg, er det resultatet av tusenvis av timar med arbeidsinnsats  frå forskarar på karbonsyklusen verda over. GLODAPv2 er ei forkorting for Global Ocean Data Analysis Project versjon 2. Dette datasettet samlar og gjer tilgjengeleg data på karbonsyklusen i verdshava i åra 1972-2013.

Alle data er gjennomgått, kontrollert, sjekka og korrigert for systematiske feil. Resultatet er det største, samanhengande og kvalitetssjekka datasettet for marine studie innan biogeokjemi og karbonsyklusen.

Cartoon by Jo King @Bjerknes Centre for Climate Research
Cartoon by Jo King @Bjerknes Centre for Climate Research

Slike globale datasett er ikkje noko som er sjølvsagt. I forskning og akademia finnes det ein skog av ulike data med ulike standardar og dokumentasjon, frå tokt med ulike målesett og formål. For den einskilde forskaren blir det vanskeleg å finne fram.

–Å sette saman eit globalt datasett er vanskeleg. Den einaste måten å få det til er at forskarane tar tak i det sjølv, seier Are Olsen, førsteamanuensis ved UiB og Bjerknessenteret.

Den nye versjonen bygger på datasetta GLODAP frå 2004, CARINA frå 2010 og PACIFICA frå 2013. I tillegg er data frå 168 nye  vitskaplege tokt inkludert, totalt er data frå 724 tokt med i GLODAPv2. Desse dekker data for vassøyla frå 0-6000 meter.  

Datasettet samlar ikkje minst data frå dei store koordinerte programma WOCE og CLIVAR Repeat hydrography i ein database. WOCE, World Ocean Circulation Experiment, var eit stort internasjonalt arbeid som pågjekk mellom 1990 og 2002 med tokt, analyse og modellering av verdshava. CLIVAR repeterte  mange av seksjonane som vart undersøkte i WOCE.

– Data som er samla i GLODAPv2 er ein unik ressurs for forskarar verda over, og  vil utgjere grunnlaget for å talfeste mellom anna havets opptak av CO2, endringar i oksygeninnhald og omfanget av havforsuring. GLODAPv2 vil også brukast til å evaluere resultat frå klimamodellane som skal brukast i den neste rapporten fra FNs klimapanel, IPCC, seier Olsen.

 

Datasettet består av tre element:

  • Database med originale toktdata
  • Samansett dataprodukt, korrigert for systematiske målefeil
  • Ein tredimensjonal klimatologi over havet , med fleire parameter som fordeling av CO2 og mettningsgrad av kalkmineralar i vassøyla

 

Den nye versjonen av GLODAP er resultatet av eit stort internasjonalt team av forskarar finansiert gjennom ulike prosjekt, program og organisasjonar. Spesielt gjennom EU prosjektet CARBOCHANGE, US NSF, US DOE, SCOR-IOC International Ocean Carbon Coordination Project (IOCCP) og mange fleire.

Frå Bjerknessenteret har Are Olsen, Siv Lauvset og Emil Jeansson bidratt med koordinering, gridding og kvalitetskontroll av data.

 

 

Tre nye artiklar er lansert i tilknyting til GLODAP:

  • Olsen, A., R. M. Key, S. van Heuven, S. K. Lauvset, A. Velo, X. Lin, C. Schirnick, A. Kozyr, T. Tanhua, M. Hoppema, S. Jutterström, R. Steinfeldt, E. Jeansson, M. Ishii, F. F. Pérez & T. Suzuki. 2015. An internally consistent data product for the world ocean: the Global Ocean Data Analysis Project, version 2, Earth System Science Data Discussions, doi:10.5194/essd-2015-42, in review, 2016
     
  • Lauvset, S. K, R. M. Key, A. Olsen S. van Heuven, A. Velo, X. Lin, C. Schirnick, A. Kozyr, T. Tanhua, M. Hoppema, S. Jutterström, R. Steinfeldt, E. Jeansson, M. Ishii, F. F. Pérez, T. Suzuki & S. Watelet. 2015. A new global interior ocean mapped climatology, the 1°x1° GLODAP version 2, Earth System Science Data Discussions, doi:10.5194/essd-2015-43, in review, 2016.
     
  • Key, R. M, A. Olsen, S. van Heuven, S. K. Lauvset, A. Velo, X. Lin, C. Schirnick, A. Kozyr, T. Tanhua, M. Hoppema, S. Jutterström, R. Steinfeldt, E. Jeansson, M. Ishii, F. F. Perez, and T. Suzuki, 2015, Global Ocean Data Analysis Project, version 2 (GLODAPv2), ORNL/CDIAC-162, NDP-093, Carbon Dioxide Information Analysis Center, Oak Ridge National Laboratory, Oak Ridge, Tennessee, US.