Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Tett befolka område lange europeisk kystline mot Nordsjøen vil bli råka av ei havnivåauke på 1 meter. Kartet over Nordsjøen, figur 2.5. er henta frå rapporten " A Sea of Change" side 16.  Kjelde: https://sealevel.climatecentral.org/maps/

Ny rapport: Eit Atlanterhav i endring  

Havet har vore ein buffer for global oppvarming. Men no merkar ein endringane også her.  

Body

forside easac rapportI rapporten “A Sea of Change” går eit internasjonalt ekspertutval grunding gjennom dei endringane ein har sett til no i Atlanterhavet og kva ein kan vente seg av klimaendringar. Men det ligg også eit potensial i å vere nabo til havet i vest.

Rapporten er utgitt av EASAC, som er dei europeiske vitskapsakademia sitt fellesråd.

Ekspertgruppa er leia av Tor Eldevik, professor ved UiB og Bjerknessenteret.

 

Potensial i klimavarsling

Rapporten skildrar korleis svingingar og trendar i Atlanterhavet påverkar klima i Europa og miljø og ressursar i havet og på land.


– Rapporten er tydeleg på klimarisiko i framtida, men legg like mykje vekt på korleis vi kan nyttegjere oss kunnskapen om samanheng mellom tilstandar i Atlanterhavet og klimaforhold over Europa. Dette påverker alt frå fornybar energi til fiskeri, seier Tor Eldevik.

Han peiker på at denne kunnskapen kan utnyttast langt betre enn i dag. Klimavarslinga som i dag er utvikla, har potensial til å til dømes kunne varsle om torskens vandring frå eitt år til det neste, inkludert vandring ut av norske fiskerisektorar.

Også for kraftprodusentar kan kunnskapen om samanfall mellom forhold i vestavindsbeltet i Atlanterhavet (NAO-indeksen) med norsk vasskraftproduksjon, utnyttast betre.

 

Graf med samanfall mellom kurver
Figurtekst: Norsk vasskraftproduksjon svinger saman med vestavindsbeltet i Atlanterhavet, slik tidlegare vist av Helene Asbjørnsen og Noel Keenlyside UiB og Bjerknessenteret. Vasskraftdata frå SSB, styrke på vestavind vinterstid (NAO-indeks) frå climatedataguide.ucar.edu

 

Klimarisiko

Tor Eldevik peiker på at framtidige endringar i havet heng saman med i kva grad vi klarer å stanse global oppvarming.

– Klarer vi å avgrense oppvarminga til 1.5°C, kan smelting frå Antarktis halde fram med dagens nivå. Om vi derimot går over 2°C og opp mot 3°C, kan smelting frå Antarktis aleine legge på opp til ein halv meter auke i havnivå innan 2100 globalt, seier han.

Havnivåauke har visse skilnadar regionalt, men for det mange millionar menneska som lever ved Nordsjøbassenget, byr det på ei utfordring å ta høgde for ein meter høgare havnivå.

Byar langs kysten av Nederland, Tyskland, Danmark og Storbritannia blir hardt råka.  

 

Kart over Nordsjøområdet og oversvømmede områder
Europeisk kystline langs Nordsjøen må bu seg på opp til 1 meter havnivåauke fram til år 2100. Figur frå rapporten. 

 

Viktigaste punkt i rapporten:

  • Havnivåauke
    I snitt har havnivået auka med 11-16 cm i løpet av det tjuande århundret.
    Europa må bu seg på opp til 1 meter havnivåauke innan 2100. Stormflo på eit nivå som ein kan vente seg kvart 100 år, kan innan 2100 bli årlege dersom CO2-utlepp held fram som i dag. Issmelting på Grønland og i Antarktis bidreg vesentleg til havnivåauke, saman med smelting av brear i varmare område og at sjøvatnet utvidar seg når det vert varmare. Det er knytta ein del uvisse kring smelting på Grønland og Antarktis, dette er noko ein må følge med på.
     
  • Fornybar energi
    Vind, vær og nedbør over Europa, og spesielt for Norskekysten, kan knyttast til forhold i havet. Golfstraumens styrke og vestavindsbeltet over Atlanterhavet har stor påverknad på mengde vind og nedbør over Europa, inkludert Norskekysten.  Denne kunnskapen er kritisk viktig for å kunne varsle klimasvingninger for dei kommende år og årstider – noko som her til lands vil vere særleg nyttig for kraftprodusentar, både vindkraft og vasskraft.
     
  • Havforsuring
    Temperaturauke fører til at fiskeartar er på flyttefot, opptak av CO2 gjer at sjøvatnet vert surare, det endrer livsvilkåra for livet i havet. Om dagens utslepp av klimagassar held fram som i dag, vil ein i 2100 nå eit nivå som ikkje er til å leve med.
     
  • Havsirkulasjon, havstraumar og Golfstraumen som gir oss eit mildt klima
    Spekulasjonar om at Golfstraumen vil stoppe opp er overdrive. Men Golfstraumens styrke heng saman med klima i Europa og Noreg. Det er venta ei nedgong på 20 % i transport av varme lenger sør i Atlanterhavet i løpet av dette århundret, men så langt nord som i Noreg er det mykje som tyder på at straumen vil auke og havet vil framleis varmast opp.           


Finn rapporten hos EASAC 

 

 


Klimavarsling ved Bjerknessenteret 


Les meir om forskning på klimavarsling i Bjerknes Climate Prediction Unit 


Ny studie gjer vinterklimaet i Noreg meir forutsigbart 
 






Fakta om Golfstraumen og våre havstraumar