Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

I år var Jostein Bakke med kollegaer på tokt til nordaustkysten av Svalbard for femte året på rad. Turen tar gjekk heilt opp til Nordaustlandet og tok ti dagar. Alt utstyret blir pakka i seglbåten som også er overnattingsstad for forskarane, såleis slepp ein å vere redd for isbjørn nattestid. I år lykkast dei for første gong å ta seg inn til Ringåsvatnet. Foto: Jostein Bakke

Spesialutgåve om klimaendringar i Arktis

Fem års ekspedisjonar til Svalbard er samla i ei spesialutgåve om fortidige klimaendringar i Arktis. Resultata frå Amsterdamøya på Svalbard gir eit detaljert bilete av klimaendringar frå elleve tusen år tilbake og fram til i dag. 

Body

Amsterdamøya ligg heilt mot nordvest på Svalbard. Det betyr også at landskapet ligg i eit klima der vær-og havsystema frå Nord-Atlanteren og Arktis møtest. Nettopp denne plasseringa gjer øya til ein stad der landskapet gjenspeglar endringar i hav- og værsystem.

Det er også grunnen til at Jostein Bakke, professor ved Bjerknessenteret og Institutt for geovitskap har leidd ei rekke ekspedisjonar til Svalbard og Amsterdamøya dei siste åra.

Kart over Amsterdamøya på Svalbard
Kartet viser Svalbard med havstraumar som påverker klima på Svalbard. Amsterdamøya i det vesle kartet, med mange fjell og vatn gravd ut av brear i dag og i fortida. I dag er den største breen på øya Annabreen, som kalvar inn i Gjøavatnet.  

Forskarkollegaer i Bergen og Nord-Amerika har undersøkt sedimentkjernar frå innsjøar på Amsterdamøya med ei rekkje ulike metodar. Til saman har dette blitt til fire artiklar som utgjer ei spesialutgåve i journalen Quarternary Science Reviews som dokumenterer i detalj klimautviklinga i tidsalderen Holosen, det vil seie frå elleve tusen år tilbake og fram til vår tid.

Resultatet gir eit bilete av korleis temperatur, nedbør og isbreaktivitet har vore på Amsterdamøya tilbake i tid, på grensa til Polhavet, der hav- og værsystem møtest og gjer klimaet svært sensitivt ovanfor endringar i mellom anna sjøisdekke og endringar i Golfstraumen.


Tre fasar av klimautvikling

Resultata viser at ein kan dele inn klimautviklinga frå siste istid og til i dag i tre fasar:

  • Varmt, men ustabilt klima i tidleg Holosen, altså for 10.500 – 7.800 år sidan. Mange av dei mindre breane på Svalbard var heilt vekke i denne perioden.
  • Gradvis nedkjøling av klima fram til for omlag 4.000 år sidan. Særleg interessant er det at sommartemperaturane ser ut til å ha gått nedover i eit trappetrinn liknande mønster.
  • Etter 4000 byrja breane på Svalbard å vekse seg større. Særleg dei siste 2000 åra har storleiken variert mykje frå mindre enn i dag til større enn i dag. Gjennom dei siste 600 åra, den såkalla «Vesle istid» har breane vakse seg større heilt fram til starten av 1900-talet.

Det var altså varmt i den midtre steinalderen då menneska i Norden levde i ein jeger- og sankekultur, og då bronsealderen kom til Norden byrja det å bli kaldare.

 

Store variasjonar i Arktis 

For å kunne danne seg eit komplett bilete av klimasystemet i Arktis trengs det mange målepunkt i over heile Pan Arktisk kontekst. Akkurat det er eit problem for klimaforskarane, då det både er mangel på observasjonar og det er mangel på klimarekonstruksjonar.

Dette skuldast at det er vanskeleg å hente inn data, både når det gjeld moderne tidsseriar og når ein skal hente inn materiale ein kan studere for å finne spor av klima i fortida. Fortidsklimaforskarar nyttar indirekte data for å kunne seie noko om viktige mål som temperatur og nedbør. Den låge biologiske aktiviteten i Arktis avgrensar bruken av dateringsteknikkar som radiokarbon, til dømes.

Dei fire vitskaplege artiklane i spesialutgåva, representerer fire ulike arbeid frå Amsterdamøya. Til saman har dei nytta eit vidt spekter av metodar for å undersøke innsjøsediment som isotopanalysar, fysiske og biogeokjemiske analysar, radiokarbondatering av mikrofossil, og ulike paleomagnetiske metodar for å kunne aldersfeste sedimenta.

Til saman viser resultata klare intervall med raske endringar i klima. 

– I klimarekonstruksjonane våre ser vi at til dømes temperaturen endrar seg frå ein middeltilstand til ein annan utan å gå attende til utgangspunktet. Det syner at klimasystemet i Arktis er svært sårbart og at vi truleg vil sjå vippepunkt i eit framtidig varmare Arktis. Difor er det stor grunn til uro når ein i dag ser ei dramatisk auke i temperatur både sommar og vinter, særleg i den nord-atlantiske delen av Arktisk, seier Bakke. 

Særleg på Svalbard ser ein tydelege og store endringar dei seinare åra. Sjøisen forsvinn om vinteren, temperaturen stig og nedbøren aukar. Øysamfunnet har blitt meir utsett for lavtrykk som kjem inn frå Nord-Atlanteren.

Les også Jostein Bakke og Torgeir Røthe om dagen endringar på Svalbard: Nedbøren trugar Svalbard

National Geographics-journalisten John Wendle var også med på årets ekspedisjon. Les hans reportasje her, inkludert bilete og video 


Henta frå reportasjen Expedition Braves Arctic Perils for Climate Science i National Geographics 14. november 2017 

 

Spesialutgåva 

"The Island of Amsterdamøya: A key site for studying past climate in the Arctic Archipelago of Svalbard"

  • Jostein Bakke, Nicholas Balascio, Willem G.M. van der Bilt, Raymond Bradley, William J. D' Andrea, Marthe Gjerde, Sædís Ólafsdóttir, Torgeir Røthe, Greg De Wet, The Island of Amsterdamøya: A key site for studying past climate in the Arctic Archipelago of Svalbard, Quaternary Science Reviews, 2017, https://doi.org/10.1016/j.quascirev.2017.11.005.
     
  • M. Gjerde, J. Bakke, W. D'Andrea, N. Balascio, A. Hormes, R. Bradley, K. Vasskog, S. Olafsdottir, T.B.P. Røthe Late Glacial and Holocene multi-proxy environmental reconstruction from Lake Hakluytvatnet, Amsterdamøya Island, Svalbard Quat. Sci. Rev. (2017), 10.1016/j.quascirev.2017.02.017
     
  • N. Balascio, W. D'Andrea, M. Gjerde, J. Bakke Leaf wax hydrogen isotopes reveal high Arctic hydroclimate variabilty during the Holocene Quat. Sci. Rev. (2017), 10.1016/j.quascirev.2016.11.036
     
  • W. van der Bilt, W. D'Andrea, J. Bakke, N. Balascio, J. Werner, M. Gjerde, R. Bradley Alkenone-based reconstructions reveal four-phase Holocene temperature evolution for High Arctic Svalbard Quat. Sci. Rev. (2017), 10.1016/j.quascirev.2016.10.006
     
  • G. de Wet, J. Bakke, N. Balascio, W. D'Andrea, R. Bradley, B. Perren Holocene climate change reconstructed from proglaical lake Gjøavatnet on Amsterdamøya, NW Svalbard Quat. Sci. Rev. (2017), 10.1016/j.quascirev.2017.03.018