Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Vandvik og Bjune på heimekontora sine.

Spør ein forskar på heimekontoret

Kvar fredag kan du spørre ein klimaforskar om det du lurer på. Anne Bjune og Vigdis Vandvik veit mykje om planter og klima. Siste fredag i april svarer dei på spørsmål - du kan også sende inn!   

Body

Fredag 24. april: Planter og klima

No livnar det i lundar! Men kva gjer skog og planter for klimaet? Korleis hjelper skogplanting for CO2? Korleis kan pollen og planter brukast til å forklare fortida og framtidas klima? Kva gjer skogbrannar i Australia for naturmangfald og CO2? Og kva hageplanter tek opp mest karbondioksid? Professorane Vigdis Vandvik og Anne E. Bjune om planter, klima og naturmangfald.

Fredag 17. april: Sommerværet

Klimaforskar Erik Kolstad ved NORCE og Bjerknessenteret svarar på spørsmål om sesongvarsling, korleis sommerværet blir, og korleis forskarane kjem fram til det. Les om vårens varsel frå Seasonal Forecasting Engine her 

Fredag 3. april: Havnivåstigning

Professor Helge Drange ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret svarar på spørsmål om havnivåstigning og klimaendringar.

Fredag 27. mars: Alt om klima

«Korleis ser klima ut når eg er seksti? Eg er ni år no.»

Dette var eitt av dei spørsmåla som kom inn til vår direktør Tore Furevik siste fredag i mars. 

 

Andre nettdiskusjonar om klima

Klimakvarteret 

Opptak frå webinar hos Norsk Klimastiftelse mandag 31. mars. 

 

Nettkurs: Causes of Climate Change

Ta eit nettkurs om kva som driv klimaendringar på jorda. KlimaMOOCen Causes of Climate Change startar i dag. Kurset går over tre veker, med pårekna studietid på fire timar i veka. Kurset er på engelsk, og du får oppfølging av klimaforskarar hos oss! Og heilt gratis, sjølvsagt

 

The Climate talk show på dokumentarfilmfestivalen CPH:DOX

Dokumentarfilmfestivalen i København gjekk digitalt i år, lørdag var det debatt med klimaforskarar - deriblant Hans Christian Steen-Larsen ved UiB og Bjerknessenteret.