Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

IPCC-rapporten «The Ocean and Cryosphere in a Changing Climate» omhandlar dei våte og kalde elementa på jorda – havet og kryosfæra.

Seks viktige punkt i IPCCs hav- og israpport

Forskarar i FNs klimapanel lanserar «The Ocean and Cryosphere in a Changing Climate», som visar klimaendringanes effekt på dei våte og kalde elementa på planeten.

Etter to års hardt arbeid lanserer FNs klimapanel (IPCC) den 25. september sin hav- og israpport. Rapporten omhandler korleis ulike delar av klimaendringane påverkar hav, kyst, isen i polare områder og fjellområder – samt økosystema som held til her, og konsekvensane for tenester og naturressursar menneska brukar.

Dette er den siste av tre spesialrapportar i kjølvatnet av Paris-avtalen. Dei to andre var 1,5-gradersrapporten oktober 2018, og landrapporten i mai 2019. Den neste er i den omfattande sjette tilstandsrapporten i 2021.

– Det opne havet, Arktis, Antarktis og fjellområder kan verke langt borte for mange. Men vi er avhengige av dei, og er påverka av dei direkte og indirekte. Det gjeld vær og klima, for mat og vatn, for energi, handel, transport, ferie og turisme, for helse og velvære, for kultur og identitet, seier Heosund Lee, leiar for FNs klimapanel i ei pressemelding i dag.

Dette er alt rapporten omhandler. (Foto: IPCC)
Dette er alt rapporten omhandler. (Foto: IPCC)

«The Ocean and Cryosphere in a Changing Climate» er denne rapportens fulle namn. Kryosfæren betyr alt av snø- og isdekke på jorda, altså alt vatn som er fryst.

– Samfunn som lever tett på havet, i Arktis, og i høge fjellområde er spesielt utsatt for risiko knytta til endringar i hav og kryosfære. 28% av alle på jorda bur langs kystane – 11% lågare enn 10 meter over havet – og cirka 10% bur i Arktis eller i høge fjellområde, seier Tore Furevik, professor ved Universitetet i Bergen og direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking.

Rapporten samanstillar mykje ny forsking omkring klimaendringane. Her er seks viktige punkt frå rapporten:

 

1. Havet varmes opp i betydelig grad, og oppvarmingen vil fortsette

Havet har teke opp meir enn 90 % av overskotsvarmen i klimasystemet, og sidan 1993 har farten på oppvarminga av havet dobla.

Lars Henrik Smedsrud, professor ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret er bidragsytende forfatter på rapportens del om polarklima. Han seier at det er stor sikkerheit knytt til oppvarminga av dei arktiske hava, og smeltinga av den arktiske sjøisen:

– Sjøstrøymane bringer inn varmen, og det vil vere større oppvarming i det atlantiske laget ved 400 meters djupn enn ved overflata. Barentshavet er hovudtilfartsåra for dette varme atlantiske vatnet, og simulasjonar viser ei stor auka her, som direkte fører til eit isfritt Barentshavet etter 2050, seier Smedsrud, som arbeidde med å gjennomgå og beskrive dei framtidige arktiske simuleringane i rapporten.

Saman med forskar Shengping He ved UiB, og havobservasjonar som senteret bidreg til, er han Bjerknessenterets representant blant bidragsytarane til FN-rapporten.

He et.al. 2019
Figuren viser arktisk amplifikasjon i Barentshavet, der varmen på nordlege halvkule aukar mest. (Ill: IPCC)

 

2. Det har blitt og blir mindre is over det hele

– På Svalbard og Grønland har vi slått alle rekorder i varmegrader og smelting av is, og nærmer oss ett kritisk punkt hvor de store isdekkene på land blir ustabile, seier Kerim Nisancioglu, professor ved Universitetet i Bergen og forskingsleiar for polarklima ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Frå rapporten kan ein lese at det mellom 2005 og 2016 smelta årleg i gjennomsnitt 278 milliardar tonn vatn frå Grønland og Vest-Antarktis. Om du fordeler dette utover Noregs areal, får du eit vasslag på 72 centimenter. Frå september 2018 til september 2019 smelta 329 milliardar tonn is i same område – det er ikkje fullt like mykje som tilsvarande periode i 2011-2012, men observasjonar visar likevel at smeltinga akselererer.

– Havet tar opp og fordeler CO2, næringssalter osv, speler fundamental rolle i den hydrologiske syklusen – nedbørsmønstera – og kryosfæra er viktig for å regulere klimaet, for havnivå, for vasstilgang og mykje anna, seier Furevik.

Biletet viser arktisk isminimum den 18. september i år. Den raude streken visar gjennomsnittsminimumet 1981-2010. (Ill: GISS/NASA)
Biletet viser arktisk isminimum den 18. september i år. Den raude streken visar gjennomsnittsminimumet 1981-2010. (Ill: GISS/NASA)

3. Det globale havnivået stiger

– Nytt sidan forrige rapport (AR5 i 2013) er at me har fått fleire målingar og meir kunnskap om dei store iskappene på Grønland og Antarktis, seier Tore Furevik, som seier at dei nye framskrivingane gir større havnivåstigning enn tidlegare anteke, men også større usikkerheit.

– Havnivået steig med cirka 20 centimeter mellom 1901 og 2010. Trenden er akselererande, med rundt 3,6 millimeter per år det siste tiåret.

Det er observert aukande havnivå i alle verdenshav, både grunna varmare hav, men også grunna istap frå Antarktis og Grønland.

– Avhengig av framtidige utslepp, ender vi truleg mellom 0,4 meter – om vi er innanfor 2-gradersmålet – og 0,8 meter – om vi når 4 grader – mot slutten av dette århundret. Dei mest pessimistiske modellane gir havnivåstigning på godt over 1 meter.

Ei heving på 0,4 meter treng ikkje alltid å bety store omveltingar over alt, men det betyr at det som i Noreg før har blitt kalla 20-, 200- og 1000-årsflaumar, vil skje hyppigare – fordi det skal mindre til for å nå dei same havnivåa.

Animasjon: Even Øie Nilsen, Nansensenteret
Animasjonen viser korleis vannstand ved Bryggen i Bergen, og flaumhendingar som 20-, 200- og 1000-årsflaumar vil bli påverka ved 50 cm havnivåstigning. (Animasjon: Even Øie Nilsen, Nansensenteret og Bjerknessenteret)

4. Havforsuringen øker

– Det er heva over eikvar tvil at havet tek opp CO tilsvarande 20-30 % av utsleppa våre, seier professor Are Olsen ved Universitetet i Bergen og forskingsleiar for karbonsystem ved Bjerknessenteret.

Dette begrensar effektane av klimaendringane, men fører samtidig til havforsuring som kan vere skadeleg for mange marine organismar og økosystem. Reduksjon av pH-en i overflatehavet er observert i alle havområder, viser rapporten. Hastigheita på dette er rundt to tusendels pH per tiår.

– Om vi ikkje gjer noko for å begrense CO-utsleppa vil store delar av verdshava bli undermetta på viktige kalkmineral før århundret er omme. Kalkminerala nyttast i skalet på mange planktontypar.

Olsen forklarar at Polhavet og Sørishavet er blant områda som vil bli undermetta først. Denne undermettinga er trugande for mange marine økosystem, som får redusert tilgang på oksygen og næringssalt – i kombinasjon med oppvarminga.

– Dette kan unngåast om CO-utsleppa begrensast i pakt med togradersmålet.

Lauvset et.al. 2018
Figuren viser spredning av menneskeskapt CO2 i havet. Fargene viser mengde karbon. Brune farger viser høye verdier. Kart ved  Siv K. Lauvset, publisert i  Lauvset et al. 2016

5. Samlet produktivitet og fiskeproduksjon går ned, selv om vi får forbigående økning i nord

– Marine økosystem påverkast av eit redusert isdekke i polhavet, både når det gjeld redusert areal og sesongsvingingar i til dømes våroppblomstring, seier Frode Vikebø, forskingssjef for marine prosessar og menneskeleg påverking ved Havforskningsinstituttet.

Arktisk amplifikasjonar frå klimaendringane gjer nordlege økosystem spesielt utsatt. Torsk beiter allereie rekordlangt nord, og fortrenger arktiske artar – også nøkkelartar i det arktiske økosystemet, som polartorsk.

– På lengre sikt vil en også kunne forvente negativ utvikling for fiskefangstpotensialet for større deler av arktiske områder, men på kort sikt ser vi allerede en breddegradsavhengig effekt hvor blant annet mellomhøye breddegrader opplever økt produksjon av høstbare ressurser, seier Vikebø.

– Smelting av is åpner nye områder for økt næringsvirksomhet knyttet til petroleumsressurser, transport, mineralutvinning, fiskeri, og turisme. Vi vet at arktiske næringsnett er kortere og enklere enn på lavere breddegrader. Mao vil samlet trykk på nøkkelarter potensielt ha større konsekvenser enn på lave breddegrader.

Endring i fiskefangstpotensiale. (Foto: IPCC)
Endring i fiskefangstpotensiale. (Foto: IPCC)

6. Vi må handle no

Ein viktig del av FNs bærekraftsmål er partnerskap og utdanning – gjennom bærekraftsmål 13 – Stoppe klimaendringene, og 17 – Samarbeid for å nå målene. Skal vi unngå alvorlige konsekvenser av klimaendringer og sikre motstandsdyktighet, må vi handle nå.

– For å lukkast i å nå bærekraftsmåla må vi utdanne ein ny generasjon med fleirfagleg kunnskap om klima og konsekvensane av dei endringane som menneska har forårsaka over dei siste 150 åra, seier Kerim Nisancioglu, som er ansvarleg for universitetskurset SDG213 – Årsaker og konsekvenser av klimaendringer, som starta opp i haust.

– Det er blitt endå tydelegare at utdanningsinstitusjonane har ei svært viktig rolle i omstillinga til eit bærekraftig samfunn. Vi må alltid vere i forkant av utviklinga når vi tenkjer utdanning og forsking.

UiB og Bjerknessenteret har eit ambisiøst program for å tilby nye tverrfaglege kurs som svarar til bærekraftsmåla, med fokus på SDG 13, SDG 14, SDG 15 og SDG 17. 

 

FNs bærekraftsmål
FNs bærekraftsmål.