Understanding climate
for the benefit of society

Pingvinane (og andre) på Antarktis merkar endringane i AMOC på to ulike måtar, i to ulike tidsskalaer, viser nytt studie publisert i Nature. (Illustrasjon: Oliver Day, Oregon State University)

Oseaniske «postkort» og atmosfæriske «tekstmeldingar» påverkar polarregionane

Nytt studie publisert i Nature visar at dei to sterkaste drivkreftene bak endringar mellom våre polarregionar arbeider på ulike måtar, med stor skilnad i fart.

Body

Forskarar har dokumentert ei todels klimakopling mellom Nord-Atlanteren og Antarktis – ein rask atmosfærisk kanal, og ein mykje meir sakte havgåande – som skapte raske endringar under førre istid, og kanskje kan hende igjen.

Harald Sodemann. (Foto: UiB)
Harald Sodemann. (Foto: UiB)

– Her fokuserar vi på hav og atmosfære og korleis endringar som skjer på den eine sida av jordkloden påverka den andre sida mellom 60 000 og 12 000 år før no, seier Harald Sodemann, forskar ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret.

I eit studie publisert i Nature, har eit internasjonalt lag av forskarar skildra korleis ekstremt desse raske klimaendringane kom frå den gjentekne styrkinga og svekkinga av ein havstraum som varmar Grønland og Europa ved å bringe varmt vatn frå tropiske område via Golfstraumen til Nord-Atlanteren.

Straumen er kjend som den omveltande sirkulasjonen i det nordlige Atlanterhavet (The North Atlantic Meridional Overturning Circulation – AMOC).

«Tekstmeldingar» og «postkort»

Ny forsking visar korleis Nord-Atlanteren kommuniserar desse ekstreme hendingane til Antarktis, på motsatt side av kloden.

– Den atmosfæriske koplinga er som ei tekstmelding som ankjem med ein gong, medan det havgåande er meir som eit postkort som tek si tid for å kome dit – i dette tilfellet 200 år, som får postvesenet til å verke ganske kjapt i forhold, seier Christo Buizert, forskar ved Oregon State University, og hovudforfattar på studiet.

Illustrasjon: Oliver Day, Oregon State University
Illustrasjon: Oliver Day, Oregon State University

Når Golfstraumen går på med full styrke kan Grønland varmast med så mykje som 10-15 grader på eitt tiår, ei brå og massiv endring. Ved siste istid skjedde denne endringa rundt 25 gongar. Når dette skjer senkast temperaturen i resten av havet, og etter 200 år når temperaturendringa også Antarktis.

Ved siste istid var AMOC vanlegvis veldig svak, som dreiv Nord-Atlanteren til kaldare forhold. Studiet forklarar kvifor klimaet i Grønland og Antarktis ikkje har vore sameint over tid:

– Eit spennande aspekt er at signalet ankjem to gonger. Før hadde vi forventa at det berre er eitt signal, men no ser vi at ein må vere obs på dei to ulike kanalane, som er delvis uavhengige av kvarandre. Det hjelper også å forstå korleis og i kva rekkefølge andre prosessar reagerar på denne endringa, til dømes korleis sørlege hav tek opp CO2, seier Harald Sodemann.

The bipolar seesaw. (OSU)Undersøkte iskjerner for å finne nye data

For å gjenskape klimaet undersøkte forskarane iskjerner frå fem ulike stader i Antarktis. Kjernene vart synkroniserte i tid ved å sjå på lag med vulkansk aske. Endringane i temperatur vart målt ved å sjå på forholdet mellom vannisotopar og dei såkalla «Dansgaard-Oeschger»-hendingane i iskjernene på Grønland, for å sjå samanhengen mellom hemisfærene. Sodemann seier at bruken av desse iskjernene er det fascinerande med desse studiene for han:

– Direkte måleseriar med termometer i heile verda går berre 50 eller kanskje 120 år tilbake i tid, då ville vi ikkje kunne oppdage ei endring som tek 200 år eller meir. Det som har vore avgjerande for å få resultata her, er at forskarane med fokus på førtidsklima, med ein mykje kortare meteorologisk tidshorisont, og dei med kunnskap om klimamodellering har samarbeida. Denne verdifulle kombinasjonen av ulike kompetansar samlar vi også her hjå Bjerknessenteret.

Observasjonsdata og klimamodellar visar at AMOC-straumen blir svakare igjen grunna globale klimaendringar, som tilseier at det som hendte i førre istid kan hende igjen: 

– Tekstmeldinga blir no sendt, og postkortet er på veg, seier Buizert.

Forskarar frå USA, Sveits, Italia, Noreg, Danmark, Australia, Japan og Frankrike har bidrege til studiet.

Referanse

Christo Buizert, Michael Sigl, Mirko Severi, Bradley R. Markle, Justin J. Wettstein, Joseph R. McConnell, Joel B. Pedro, Harald Sodemann, Kumiko Goto-Azuma, Kenji Kawamura, Shuji Fujita, Hideaki Motoyama, Motohiro Hirabayashi, Ryu Uemura, Barbara Stenni, Frédéric Parrenin, Feng He, T. J. Fudge & Eric J. Steig 

Abrupt ice-age shifts in southern westerly winds and Antarctic climate forced from the north

https://doi.org/10.1038/s41586-018-0727-5