Understanding climate
for the benefit of society

Øyvind Paasche var hovudfagsstudent då hockeykurven kom i 1998, og har vore med Bjerknessenteret frå starten av. I dag er han seniorforskar og seniorrådgivar ved NORCE og Bjerknessenteret. (Foto: Bjerknessenteret/Andreas H. Opsvik)

Podcast: Hockeykølla – Grafen som kasta klimaforskarane ut i offentlegheita

Ei samling med nøkkelhol førte til ein ny kvardag for klimaforskinga frå 1998, men Climategate førte også til hard motstand.

Body

– Det var jo eit liv før hockeykurven kom også! seier Øyvind Paasche, seniorrådgivar og seniorforskar ved Bjerknessenteret for klimaforskning.

Mann, M., Bradley, R. & Hughes, M. Global-scale temperature patterns and climate forcing over the past six centuries. Nature 392, 779–787 (1998). https://doi.org/10.1038/33859
Mann, M., Bradley, R. & Hughes, M. Global-scale temperature patterns and climate forcing over the past six centuries. Nature 392, 779–787 (1998). https://doi.org/10.1038/33859

Hockeykurven, «the hockey stick graph», Hockeykøllegrafen, – kjært barn har mange namn.

Namneopphavet er openbart om du ser på den, ei temperaturlinje gjennom dei siste 600 åra som først går svakt nedover før den får ein knekk rundt 1900-talet – som gjer at den ser ut som skaftet og bladet på ei hockeykølle.

Kurven dukka opp i 1998, i tidsskriftet Nature i artikkelen «Global-scale temperature patterns and climate forcing over the past six centuries», og fekk stor betydning for klimaforskinga som felt.

Den møtte også stor motstand – Øyvind var blant dei som fekk e-postane sine stjelt i 2009 som ein del av det såkalla Climategate, noko han beskriver som eit strategisk angrep.

Men korleis var det før kurven kom, kva førte til at den dukka opp, og kva betydning har den fått seinare?

Øyvind Paasche tek oss i denne episoden med på gjennom hockeykøllegrafens historie – ei reise han sjølv har teke del i.

Frå eitt til mange nøkkelhol

At det finst ein samanheng mellom auka CO2 og auka temperatur på jorda, fann svensken Svante Arrhenius ut i 1896, og teorien om drivhuseffekten – eller «hot house theory» som Arrhenius snakka om då, har blitt ytterlegare forsterka dei påfølgjande åra. Men i paleoklimatologien – rekonstruksjonen av fortidsklima gjennom til dømes iskjerner eller sediment, såkalla proksiar – var data framleis forskansa på kvar sine akademiske øyer.

– På éin måte var det som at alle såg gjennom kvart sitt nøkkelhol, og forsøkte å rekonstruere den delen av huset som du ser gjennom det éine nøkkelholet. Om du jobba med å rekonstruere til dømes ein isbre i Nord-Noreg, då blei du eksperten, og du eigde den staden, seier Øyvind.

På denne tida arbeidde han på hovudoppgåva si på Svalbard i NORPEC-prosjektet, som leia av professor John Birks, og blei kort tid etter det med i det som seinare skulle bli Bjerknessenteret.

Michael Mann
Michael Mann i 2016. (Foto: Karl Withakay via Creative Commons BY-SA 4.0)

På University of Massachusetts og University of Arizona sat tre menn som forsøkte å få eit samlande overblikk – Michael Mann, Raymond Bradley, og Malcolm Hughes.

– Det dei tenkte var 'Vi har alle desse nøkkelhola, kanskje vi kan kombinere dei, og ikkje berre sjå korleis ting såg ut i eitt rom – men ei større flate, ein større region'. Dei satte dette saman i ei statistisk tilnærming som laga ei løpande kurve som viser temperaturendringane på den nordlege halvkule dei siste 600 åra.

Skapte ny etterspørsel

Resultatet kom i 1998 med artikkelen «Global-scale temperature patterns and climate forcing over the past six centuries». Namnet «hockey stick graph» kom frå professor Jerry Mahlman ved Princeton University, og slo an. Kurven markerar ei endring i korleis ein såg samla på fortida – og fann også vegen inn i IPCC (FNs klimapanel) sin tredje hovudrapport i 2001.

– Dei tok alle desse ulike typane data, og sat dei saman med det overordna spørsmålet: 'Kor uvanleg er dette?'. Då fekk ein svaret: 'Det er heilt unikt!'. Det er dette som utløyser ein storm av reaksjonar.

Artikkelen vart fulgt opp året etter med ei ny kurve, som dekte dei siste 1000 åra. Og fleire spørsmål vart stilt. Fleire data, fleire proksiar, sampling av ein større del av verda. For paleoklimatologien førte det også til ein trang etter fleire holdepunkt å feste historia i.

– Det sat i gang ein ny type etterspørsel. Det sat også igang ei rørsle innanfor klimamodellering, og den statistiske delen. I åra som fulgte vart det produsert ein heil serie med liknande type kurvar. Det er jo også noko av styrka i denne utviklinga, at dei fleste rekonstruksjonane, nær sagt alle, har bekrefta hockeykurve-utviklinga sidan den gong då.

Ein ny kvardag for klimaforskinga

Dette endra kvardagen for klimaforskarar. Den kastar klimaforskinga ut i offentlegheita, får dei til å bryte overflata.

– Eg meiner det er denne artikkelen som gjer det. Klimaforskarar blei, anten dei ville det eller ikkje, trukke inn i dette. Om eg ser tilbake 20 år, så er dette noko både klimaforskinga og samfunnet har tjent på, seier Øyvind.

– Det har skapt ei merksemd rundt, og forståelse for, formidling av kunnskapen i ei breiare forstand. Å drive med forsking er først og fremst eit privilegium, så kjem all moroa etter det. Å vere med å bringe innsikten ut til samfunnet er faktisk superviktig.

I 2007 var Bjerknessenteret framleis det einaste nordiske senteret som leverte data og til AR4, den fjerde hovudrapporten til FNs klimapanel. Rapporten er ein viktig årsak til at FNs klimapanel og Al Gore same året fekk Nobels fredspris «for deres innsats for å skape og spre større kunnskap om menneskeskapte klimaendringer, og å legge grunnlag for de tiltak som er nødvendig for å motvirke disse endringene.» Kva betydde det?

Ole Danbolt Mjøs, formann i Nobelkomiteen 2007.
Ole Danbolt Mjøs, formann i Nobelkomiteen 2007 presenterer Nobelprisen til IPCC og Al Gore. (Foto: Nobel Web AB)

– Det vart skapt ei stemning politisk der vi var kome til eit punkt at vi skulle handtere CO2-utfordringa, den globale utfordringa. Dei som stod i førstelinja då fekk føle på eit trykk som få hadde erfaring med frå før.

Climategate i 2009 blei eit vendepunkt tilbake. Over 1000 e-postar og 3000 dokument vart stolne frå klimaforskingsenheten ved University of East Anglia, og delt på internett. Øyvinds e-postar var også blant desse, og han såg diskusjonar han hadde deltatt i bli trukke frå kvarandre på internett.

– Det var inga god kjensle. Ikkje fordi det som står der ikkje toler dagens lys, men det er uansett ubehageleg. Blant anna blei det referert til eit 'triks' for å korleis ein handterte data i ei statistisk øving – som blei forstått som at ein utnytta data på ein måte dei ikkje skulle utnyttast, ein slags form for svindel. Fleire slike fraser kom opp.

Kva skjer i dag?

Øyvind meiner at sjølv om dei som benektar menneskeskapte klimaendringar har blitt mindre kraft i kvardagens politiske sfære. Samtidig ser han utviklinga i land som Ungarn, Tyrkia og også USA – der fagfelt eller heile universitet får begrensingar på kva dei kan seie.

– Det einaste positive med den utviklinga er at forskarmiljø sjølve har blitt veldig bevisste på at dei må hegne om verdien av å ha forskarar som kan snakke fritt og uhilda om det dei observerar. Det har på mange måtar sementert, styrka og konsolidert det amerikanske forskingsmiljøet, til dømes. Vi er meir og meir integrert i samfunnet rundt oss – vi må vere både forskarar og borgarar samtidig.

Så kva må forskarane kunne i framtida? Kva skal framtidas klimaforskarar ha kontroll på? Og er det universiteta og høgskulane si rolle å lære bort om denne nye verkelegheita som klimaforskninga har teke steget inn i sidan 1998?

– Universiteta har oppgåve med å utdanne studentar, og i den dannelsesprosessen er éin del å lære eit fag, men også korleis dei studentane kjem inn på andre sida. Kanskje endå meir bør vi bruke tida på å snakke med unge.

Så no, 22 år etter Michael Mann og medforfattarar sin artikkel, 20 år etter Bjerknessenterets oppstart, og 19 år etter tredje hovedrapport frå IPCC – kva seier oppdaterte data i dag?

– Det er interessant å sjå kor lite enkelte av projeksjonane har endra seg dei siste 10-15 åra. Sameleis med hockey-kurven – trass regionale skilnader, meir data, og så vidare – den overordna formen på kurva, hockeykølla, forblir den same.

Referanser

Dei to artiklane nemnd i episoden:

  • Mann, M., Bradley, R. & Hughes, M. Global-scale temperature patterns and climate forcing over the past six centuries. Nature 392, 779–787 (1998). https://doi.org/10.1038/33859
  • Rockström, J., W. Steffen, K. Noone, Å. Persson, F. S. Chapin, III, E. Lambin, T. M. Lenton, M. Scheffer, C. Folke, H. Schellnhuber, B. Nykvist, C. A. De Wit, T. Hughes, S. van der Leeuw, H. Rodhe, S. Sörlin, P. K. Snyder, R. Costanza, U. Svedin, M. Falkenmark, L. Karlberg, R. W. Corell, V. J. Fabry, J. Hansen, B. Walker, D. Liverman, K. Richardson, P. Crutzen, and J. Foley. 2009. Planetary boundaries:exploring the safe operating space for humanity. Ecology and Society 14(2): 32. [online] URL: http://www.ecologyandsociety.org/vol14/iss2/art32/