Understanding climate
for the benefit of society

Oljeboring i Arktis og ministrars kunnskapsnivå

Body
Lesarinnlegg av Tore Furevik i Bergens Tidende fredag 16.11.2012
 
Under tittelen ”Minister uten kunnskap” tar ein bekymra leiar for Bergen Natur og Ungdom, Tina Andersen Vågenes,  5. november opp spørsmålet om Norsk oljeutvinning i Arktis. 
 
Medan svært mange land tar til orde for å frede dei sårbare områda i nord, slik det er gjort i Antarktis, har vi ein olje og energiminister som på Stavanger Forum uttalar at ”Nytt areal vil bli åpnet. Det er ingen grunn til å stoppe nå. Norges grenser slutter nesten helt opp mot Nordpolen”, ein utanriksminister som i intervju med tyske Der Spiegel seier ”Arktis er bare et hav. Derfor trengs det ikke noen spesielle lover for dette området”,  og eit statleg oljeselskap som er tydelege på at målet med å tredoble satsinga på forsking rundt oljeboring i Arktis handlar om å bore under isen og om å bore i meir ekstreme område.
 
Det tar ikkje lang tid før Bergen Natur og Ungdom får svar. Først Per Rune, Henriksen statssekretær i Olje, og energidepartementet som den 7. november i korte trekk seier at ” Arktis er ikke som Vågenes synes å tro, et jomfruelig isøde uten petroleumsvirksomhet”, og deretter Torgeir Larsen, statssekretær Utanriksdepartementet, som seier at forvirringa kanskje skyldast at enkelte blander Arktis med Polhavet,  og som vidare kan “berolige Bergen Natur og Ungdom med at regjeringen ikke har planer om utvinning av olje og gass i Polhavet eller Barentshavet nord”. 
 
I motsetning til leiar for Bergen Natur og Ungdom vil eg ikkje gje meg i kast med å analysere våre ministrars kunnskapsnivå, men heller oppfordre dei to ivrige statssekretærane til å be sine respektive ministrar om å vera tydelegare når dei kommuniserer regjeringas energipolitikk i nordområda. Og samtidig be dei forklare korleis dette heng saman med det vedtekne 2-gradarsmålet  i klimapolitikken, som betyr at storparten av allereie oppdaga ressursar av olje, kol, og gass bør bli verande i bakken.  Jamfør den årlege rapporten til det internasjonale energibyrå som vart lagt fram den 12. november.