Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Vi må tenke nytt — og stort

Kva med ein «leiterefusjonsordning» for storstilt norsk utbygging av havvind? Det spør Tore Furevik i ein kronikk i Dagens Næringsliv.

Body

Av Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning. Først publisert i Dagens Næringsliv 9. 12. 2018

 

Eg oppmodar regjeringa og Noreg til å tenkje nytt. Og stort. Noreg har nærast uendelege ressursar like utanfor stovedøra. Ressursar som aldri tar slutt, og som aldri vil forureine.

Våre havområde er store, med svært gode vindressursar. Langt større vindmøller utnyttar vinden meir effektivt, dei kan installerast utan nye vegar i urørt natur, og det vil vera langt til næraste nabo. Framleis er det billigare å bygge på land, men raskt fallande prisar på havvind gjer at også dette gapet byrjar å tettast.

Kva med ein «leiterefusjonsordning» for storstilt norsk utbygging av havvind i staden for olje og gass?

Det gir nye, grøne arbeidsplassar og store mengder rein energi tett på marknadane i Europa. Me har verdsleiande offshoreindustri og infrastruktur til havs og til lands som kan nyttast. Og me er verdsleiande innan nullutsleppstransport.

 

Denne veka starta klimatoppmøtet i Katowice i Polen, og no får vi sjå om medlemslanda meiner alvor med avtalen som blei vedteke i Paris for tre år sidan. Kva som vert sagt og gjort i Katowice, vil vera avgjerande for klimaarbeidet i åra som kjem.

Noreg har lova å kutta 40 prosent av sine CO2-utslepp innan 2030. Men trass i alle gode intensjonar og festtalar, er me ei klimasinke. Våre naboland, og så godt som alle andre industriland, har hatt betydelege reduksjonar i utsleppa sidan 1990. Hos oss har dei derimot auka.

Hovudårsaka til denne auken er vår store olje- og gass-sektor. Utsleppa frå sektoren har nesten dobla seg sidan 1990. At vi fører ein politikk som stimulerer til meir leiteaktivitet, er for meg nesten ikkje til å fatte. Skal målsetningane i Parisavtalen nåast, må utsleppa raskt gå mot null. Klimaet toler ikkje at me hentar opp meir olje og gass enn det som allereie er under produksjon. Kvifor skal vi då leite etter meir? Og til alt overmål i sårbare område i Arktis?

Leiterefusjonsordninga og reglar for frådrag på skatt gjer at staten dekker nær 80 prosent av leitekostnadane for petroleumssektoren. Kor lenge vil me ha kjøparar til norsk olje og gass, i eit Europa som er på full fart inn i fornybarsamfunnet? Og kor stor er omdømerisikoen? Når kjem dei første søksmåla frå land eller statar råka av øydeleggjande klimaendringar?

 

Parisavtalen og den norske klimaloven legg til grunn at våre utsleppa skal ned med vel 40 prosent innan 2030, og vi skal vera eit nullutsleppssamfunn innan 2050. Regjeringas forslag til neste års statsbudsjett er truleg det mest ambisiøse vi nokongong har hatt på klima. Likevel er det langt frå tilstrekkeleg. Med dei forslaga som ligg inne, ser det ut til at me berre klarer 1/3 av dei utsleppskutta me har lova fram mot 2030. Og det er berekna at utsleppa frå olje- og gassektoren framleis vil auke dei neste par åra. Dette kan ikkje regjeringa vera fornøgd med.

 

Mange av våre havområde er så djupe at det trengst flytande vindparkar. Her er det framleis behov for mykje forsking og utvikling, men Equinor har vist at det fungerer. Dei installerte verdas første flytande vindturbin utanfor Karmøy i 2009, og dei installerte verdas første flytande vindpark som vart opna utanfor kysten av Aberdeen i 2017. Begge deler leverer meir energi enn forventa. Og har ført til norsk teknologiutvikling og skapt norske arbeidsplassar.

 

Equinor har sagt dei skal investere 100 milliardar kroner i fornybar energi fram mot 2030. Dette er berre ein brøkdel av investeringane selskapet skal gjere i fossil energi, som i 2030 framleis skal stå for meir enn 80 prosent. Til samanlikning skal danske Ørsted (tidlegare Dansk Olje og Naturgass) investere 200 milliardar danske kroner innan 2025, og 80 prosent av dette i havvind. For dette beløpet vil ein i dag kunne bygge ut eit felt på i storleiksorden 1000 store flytande vindturbinar, og produsere nok straum til å drive all norsk transport til lands og til havs.

 

Noreg er velsigna med mykje vêr i form av vatn og vind. For hundre år sidan gjorde vatnet oss til ein industrinasjon. For femti år sidan vart vi ein oljenasjon. No kan vind gjere oss til ein nullutsleppsnasjon. Vi har fantastiske ressursar, som aldri tar slutt, som ikkje vil forureine, som ikkje vil øydeleggje klima. Og som kan byggast ut utan skjemmande og uopprettelege naturinngrep. Men då må vi tenke nytt.

Vi må ta i bruk våre verdsleiande forskingsmiljø og vår verdsleiande industri innan offshore teknologi og nullutsleppstransport. Ta i bruk vår infrastruktur til havs og til lands. Vi har fantastiske mengder vindressursar som berre ventar på å bli tatt i bruk. Vi bør ta mål av oss til å bli verdas første nullutsleppssamfunn. Og til å forsyne Europa med fornybar energi. Vår heimlege vasskraft vil her kunne fungere som batteri.

Alt ligg til rette for at havvind kan vekse inn i himmelen.