Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Algot har studert blandingsprosessar i havet under isen nord for Svalbard. Gjennom observasjonar frå drivande isflak har han undersøkt kor mykje varme frå Atlanterhavsvatnet som når sjøisen, og kva prosessar som dominerer. Foto: Algot K. Peterson

Ny doktorgrad: Varmt vatn smelter is i Arktis

Algot K. Peterson disputerer fredag 11.08.2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga ”Mixing processes in the changing Arctic Ocean”.

Body

Arktis er i rask endring, med stor nedgang i både tjukkleiken og utstrekninga av sjøisen. Isens eksistens avhenger av den hårfine energibalansen mellom hav, is og atmosfære, og små endringar i varmetransport kan ha store konsekvensar for vidare endringar i isdekket. I denne avhandlinga er blandingsprosessar mellom det varme innstrømyande Atlanterhavsvatnet og overflata satt under lupa. Kan det endra isdekket, saman med auka stormaktivitet ha ført med seg ei auke i vertikal varmetransport i havet? Kva prosessar er viktige for lagnaden til havisen i Arktis? Avhandlinga baserer seg på målingar av temperatur, salt, straumar og turbulens i havområda nord for Svalbard.

Målingane viser at sjølv vinterstid, over det djupe Nansenbassenget vert underliggande varmt vatn blanda opp mot isen. Oppblanding av varmt vatn blir kopla til djupna av det innstrømande Atlanterhavsvatnet, til pådraget frå vinden, og avstanden til iskanten. Nær iskanten om våren viser målingane at mykje meir av varmen frå havet når isen samanlikna med vinterstid, som medfører at isen smeltar raskt. I samband med issmeltinga vart det observert at saltlake frå isen synk ned i pulsar. Dette er ein prosess som tidlegare ikkje har vore observert frå drivande is i Arktis, og som kan påverke varmebalansen på grenseflata mellom is og hav.

Forutan å blande overflatelaget i havet, kan passerande stormar danne indre bølgjer som kan føre til blanding av vassmassar i djupet. Frå riggdata nordvest for Svalbard har feltet av indre bølgjer blitt studert, og bølgjer som forplantar seg nedover i vassøyla vert kopla til pådrag frå vinden og tidevatnsstraumar over botn.

Denne avhandlinga gir eit blikk inn i dagens Arktis, og viser kompleksiteten av blandingsprosessar i Arktis, både ved grenseflata mellom hav og is, og i djupet. Avhandlinga gir auka innsikt i vertikal blanding av vassmassar i Nordishavet frå eit område som er vanskeleg å nå, og bidreg med sjeldne vintermålingar.