Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Nyheter

1009 results

Regner på issprekker

Regner på issprekker Ellen Viste ons, 07/01/2020 - 10:15 Regner på issprekker Islandske Einar Ólason er isforsker. Vi har bedt ham om istips.

Hva slags is er du mest interessert i?

– Sjøis. Jeg jobber med å finne ut hvordan man kan modellere hvordan isen i Arktis beveger seg når det blåser. Isen sprekker i linjer som kan være hundrevis av kilometer lange. På slutten av 1990-tallet ble satellittmålingene av isbevegelser så nøyaktige at man kunne se at dette skjedde. Plutselig beveget is på hver side av sprekken seg hver sin vei. Da skjønte man at ismodellene ikke var gode nok, for der så man ingen slike brå skift. At råkene bare er fra noen få meter til noen kilometer brede, var ikke den eneste utfordringen. For å få dem frem i modellene, måtte man finne en ny måte å beregne isbevegelser på.

Har dere fått det til?

– For seks måneder siden var vi ikke særlig optimistiske, men nå er vi veldig glade. Vi har klart det meste. I samarbeid med forskere i Frankrike har vi bygget opp en ismodell med en helt ny isdynamikk. Vi har jobbet med å beskrive kreftene inne i isen når vinden drar i den fra oversiden og havet fra undersiden. Det er basert på hvordan steiner knekkes. 

Hva skal dere gjøre nå?

– Vi vil bruke modellen vi har utviklet som et verktøy for å studere hva som skjer når isen sprekker. Råkene er ikke brede, men temperaturforskjellen mellom luften over og havet som åpner seg, er enorm. Det kan være 30–40 kuldegrader i luften og –2 i vannet. Vi vet at det kan ha veldig stor påvirkning lokalt, men ikke hvor mye det betyr på regional skala. Det kan vanskelig måles, men nå kan vi modellere det.

Når er det gøyest å være isforsker?

– Når ting endelig virker og når jeg forstår noe jeg ikke forsto fra før. Det skjer ikke så ofte, men når det skjer, er det noe helt spesielt. 

Hva slags is vil du anbefale?

– Kroneis med sjokolade. Den ligner på isen Topper, som jeg spiste på Island som barn. En liten butikk der jeg vokste opp, solgte også softis. Om vinteren var maskinen stengt, og sommeren begynte når softisen kom. Siste skoledag gikk vi alltid dit.

I Bjerknessenterets podkast forteller Einar Ólason mer om arbeidet med å modellere fremtidens sjøis.

 

Glidarar under isen i Barentshavet

Glidarar under isen i Barentshavet Anonymous (ikke bekreftet) tor, 06/25/2020 - 13:34 Glidarar under isen i Barentshavet Å sende sjølvgåande torpedoliknande målerobotar under sjøisen har gitt heilt nye og unike data. Eivind H. Kolås skriv om ein operasjon med stor risiko, men med uvurderleg forskningsverdi når ein lukkast.

Av Eivind Kolås, phd.student ved UiB, BCCR og Arven etter Nansen. 

Sjøsetting av glider Foto: Rudi Caeyers UiT
Sjøsetting av ein Seaglider frå Kronprins Håkon. Foto: Rudi Caeyers, UiT/ Nansen Legacy

Iskantsona, episenteret for algevekst og formeiring av plankton, er hjørnesteinen i det arktiske økosystemet. Difor er det også svært viktig å forstå kva som styrer variasjonar i iskantsona. Av spesiell interesse er området i Barentshavet der varme og salte vassmassar frå Atlanterhavet, møter kalde, og ikkje fult så salte, vassmassar frå Arktis. Fronten mellom desse vassmassane styrer i stor grad utstrekkinga av sjøisen i Barentshavet. Is som vert blåst ut i vassmassane frå Atlanterhavet smeltar nokså raskt.

Men kva styrer fronten sin posisjon og korleis bevegar vassmassane seg i eit område som store delar av året er dekka av sjøis? Dette er nokre av spørsmåla vi ynskjer å finne svar på når vi sender verdifulle instrument under isen, utan å vera heilt sikker på om vi får dei tilbake.

Ein sjølvgåande målerobot

Eit instrument som nyttast for å forske på nettopp dette sårbare området, er ein såkalla autonom glidar av typen Seaglider. Eit sjølvgåande, torpedoliknande objekt med vengjer, ror og antenne. Seaglideren kan gjere målingar av blant anna temperatur, trykk, saltinnhald, oksygen og fluorescens.

Autonome glidarar er svært gunstige instrument å bruke når ein forskar på havet. Dei er mykje billigare å drifte enn eit skip, og dei forureinar minimalt. Seaglideren, som er vist på biletet, kan samle data i opp til 6 månader, og bevege seg hundrevis av kilometer medan den dykkar frå overflata, ned til havbotn, og opp att til overflata. Frå tida glidaren vert sluppen i sjøen til den vert henta inn att, handlar det om å bruke minst mogleg energi på mest mogleg framdrift og lengst mogleg levetid.

Å fly under isen

Glidaren er i sin heilskap designa for å vera så strømlinjeforma som mogleg. Det vil seie at den er laga for å gli lettast mogeleg gjennom vatnet. Den har ingen rørlege delar på utsida av skroget, ikkje ein gong ein propell.

All framdrift vert laga av ein pumpe på innsida av skroget. Ei blære fylt med olje vert tappa for olje for å lage negativ oppdrift, eller fylt med olje for å lage positiv oppdrift. Dermed styrer pumpa om glidaren skal søkkje eller stige, og sjølve framoverrørsla kjem av vengjene.

Den flyg!

Vinkelen glidaren flyg gjennom vatnet med, kor fort den skal fly og korleis den svingar vert bestemt av oppdrifta og batteriet sin posisjon inne i glidaren. Batteriet kan nemleg justerast i forhold til massesenteret til glidaren for å få større eller mindre vinkel på dykket.

Batteriet kan også roterast for å få glidaren til å svinge. Normalt bevegar glidaren seg med ein vertikal fart på om lag 10 cm/s, og kan halde ei horisontal fart på opp mot 25 cm/s. I løpet av eit dykk avgjer glidaren sjølv kva manøvreringar som må til for å få dykket til å bli slik som piloten ynskjer det.

For ja, det må ein pilot til sjølv om glidaren er sjølvgåande.

Kvar gong glidaren kjem til overflata, koplar den seg opp mot ein server via ein satellitt, og lastar ned nye kommandoar før den sender all data den har samla inn i løpet av dykket. Data den sender vert så analysert av ein pilot som kan gi nye kommandoar innan neste gong glidaren koplar seg opp.

Når glidaren oppheldt seg i Barentshavet, kommuniserer piloten med glidaren om lag kvar andre time - heilt til den møter sjøis.

Utfordrande is

Ulempa med å bruke glidarar i Barentshavet er at dei i utgangspunktet ikkje var designa for å operera ved og under isen. Dette gjer datainnsamlinga i Barentshavet litt meir komplisert, og ein god del meir utfordrande for piloten. 

Ein glidar er avhengig av å koma til overflata for å få vite si eiga GPS posisjon og for å få informasjon frå piloten. Men ein glidar kan ikkje koma opp når den er under tett sjøis. Dessutan er det svært risikabelt å la glidaren gå til overflata innimellom sjøis.

Glidaren kan setje seg fast, antenna kan knekkast av isen og skroget kan knusast. Likevel sender vi glidaren inn under isen, meir eller mindre i blinde.

Utstyrt med rømmingsveg

For å unngå at glidaren kjem opp til overflata i nærleiken av sjøis, nyttast temperaturmålingar.

Der det er sjøis vil temperaturen på havoverflata vera ved frysepunktet. Dersom glidaren nærmar seg overflata og målar temperaturar svært nærme frysepunktet, vil den gjere eit nytt dykk utan å gå til overflata. Den vil i staden halda fram i den retninga den hadde ved førre dykk.

Men dersom glidaren er på veg nordover når den bevegar seg under isen, er det lite sannsynleg at det blir mindre is med det første. Glidaren må vera utstyrt med ein rømmingsveg før den forsvinn under isen. Rømmingsvegen er ein førehandsprogrammert kompassretning som skal ta glidaren vekk frå sjøisen.

Etter ei viss tid, ofte eit døgn, utan kontakt med overflata og satellitt, vil glidaren automatisk gå mot rømmingsvegen.

Dette er siste, og einaste håpet for å få glidaren tilbake. Piloten må derfor alltid vite kvar glidaren kan koma til å møte sjøis, og i kva retning den må rømma for å koma ut igjen. Frå glidaren går under isen til den dukkar opp att kan ikkje piloten gjera anna enn å følgje med på iskart og vente i spenning.

Heldigvis har bruken av glidarar under isen vore vellukka så langt. Målingane av temperatur, trykk, salt og oksygen, samla inn av glidarane i Barentshavet er heilt unike. Ingen har sendt glidarar under sjøisen her før.

Kva desse målingane kan fortelja oss om iskantsonen si variabilitet og korleis vassmassane bevegar seg blir spanande å sjå.

Sjøglideren er frisett og klar for oppdrag i havet. Foto: Rudi Caeyers
Sjøglideren er frisett og klar for oppdrag i havet. Foto: Rudi Caeyers, UiT/ Arven etter Nansen 

 

INES viderefører modellutviklingen

INES viderefører modellutviklingen gudrun lør, 08/04/2018 - 12:46 INES viderefører modellutviklingen Utvikling av den norske jordsystemmodellen NorESM er et kjernepunkt i norsk klimaforskning. Nå fortsetter i infrastrukturprosjektet INES.

Logo for ines

Den norske jordsystemmodellen NorESM er høyt anerkjent internasjonalt. Samtidig er utvikling og drift av en klimamodell er noe som krever spesialkompetanse. 

Fra 2018 etablerer Norges Forskningsråd Infrastructure for Norwegian Earth System modeling (INES) som en nasjonal forskningsinfrastruktur.

Det gjør at drift og utvikling av den norske jordsystemmodellen, eller klimamodellen NorESM, har egen finansiering.

Drift versus forskning

Både innen utvikling og bruk av klimamodellen kreves det forskning, noe som fremdeles vil bli knyttet til forskningsprosjekt. Det kan være å forstå vekselvirkninger i klimasystemet og forskning på rene geofysiske prosesser som for eksempel blandingsprosesser i havet, permafrostsmelting og skyprosesser i atmosfæren.

– Å forstå de geofysiske prosessene og formulere en matematisk modell for disse ser vi på som en forskningsoppgave. Å realisere dette i et dataprogram er en utpreget teknisk jobb som vi anser som en infratrukturoppgave. Vi tror det er nyttig å skille mellom disse oppgavene, sier Mats Bentsen, som leder prosjektet. 

Bentsen er forsker i NORCE og leder klimamodelleringsarbeidet i Bjerknessenteret. 

Når Norge nå definerer jordsystemmodellen som infrastruktur, går man samme veien som de fleste andre store klimaforskningssentre i verden.

Både Max Planck instituttet i Tyskland, Hadleysenteret i Storbritannia og IPSL i Frankrike har alle egne sentre som tar seg av drift og utvikling av modellene.

Les også: Klimamodellering blir infrastruktur 

 

Ny doktorgrad: Gjenskaper endringer i havtemperatur med mikrofossiler

Ny doktorgrad: Gjenskaper endringer i havtemperatur med mikrofossiler Anonymous (ikke bekreftet) tor, 06/25/2020 - 09:55 Ny doktorgrad: Gjenskaper endringer i havtemperatur med mikrofossiler Niklas Meinicke disputerer 25.6.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Clumped isotope thermometry in foraminifera - From calibration to Plio-Pleistocene temperature reconstructions in the Indo-Pacific Warm Pool".

I den geologiske tidsalderen Pliosen for 5.3 til 2.6 millioner år siden, var klimaet varmere enn i dag. Sannsynligvis var globale temperaturer og atmosfærisk CO2 på nivå med det vi forventer å se i kommende tiår som følge av menneskeskapte klimagassutslipp. Dette gjør Pliosen til en nyttig potensiell analog for fremtidens klima, og til en ideell tidsperiode å studere for å forstå hvordan klimasystemet oppfører seg i en varmere verden.

Meinicke har arbeidet med å videreutvikle isotopklyngetermometri, en relativt ny metode innen klimaforskning, til bruk på karbonatmikrofossiler (foraminiferer) fra havbunnssedimenter. Denne teknikken har så blitt brukt til å gjenskape endringer i havtemperaturer fra Pliosen og frem til i dag.

I avhandlingens første studie bruker Meinicke metoden for å fastslå forholdet mellom vanntemperatur og isotopklyngesignalet i foraminiferer. Fordi dette forholdet er konstant gjennom tid, kan kalibrasjonen brukes til å gjenskape temperaturer langt tilbake i tid hvor andre metoder kan være uegnede.

Den nyutviklede kalibrasjonen brukes til å rekonstruere temperaturer fra vestlige deler av det ekvatoriale Stillehavet og havområdene nord for Australia. De undersøkte regionene representerer de varmeste områdene i verdenshavet, men hvordan temperaturene har utviklet seg gjennom Pliosen har lenge vært gjenstand for debatt.

Nye resultater ble brukt til å gjenskape havtemperaturer og øke forståelsen om hvordan sirkulasjonen mellom Stillehavet og det indiske hav har endret seg over tid. Meinickes resultater viser at de vestlige delene av det ekvatoriale Stillehavet antagelig ikke var betydelig varmere i Pliosen enn i dag, til tross for et globalt varmere klima.

Med disse resultatene bidrar Meinicke til å løse en langvarig vitenskapelig debatt. Disse funnene kan ha viktige implikasjoner for vår forståelse av atmosfærisk sirkulasjon i fortiden, samt for vår kunnskap om både tidligere og fremtidige klimaendringer.

Medaljesamlinga til tre generasjonar Bjerknes-forskarar får no sin naturlege plass ved Bjerknessenteret for klimaforsking og Geofysisk institutt på UiB. Sjå opninga av utstillinga her 23. juni.

Sunniva har vunnet geoforskning.no sin formidlingskonkurranse

Sunniva har vunnet geoforskning.no sin formidlingskonkurranse andreas tor, 06/18/2020 - 11:34 Sunniva har vunnet geoforskning.no sin formidlingskonkurranse Vant med bidraget «Kan flere tusen år gammel aske bidra til å løse klimagåten?»

Sunniva Rutledal er ph.d.-stipendiat ved Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret, tilknyttet ice2ice-prosjektet.

Les Sunniva Rutledals bidrag her: 

Vulkansk aske opptrer som en tidsmarkør i ulike geologiske klimaarkiv, her illustrert ved iskjerner fra Grønland og sedimentkjerner fra Nord-Atlanteren. Illustrasjon: Rutledal, S.
Vulkansk aske opptrer som en tidsmarkør i ulike geologiske klimaarkiv, her illustrert ved iskjerner fra Grønland og sedimentkjerner fra Nord-Atlanteren. Illustrasjon: Rutledal, S.

«Konkurransen ble arrangert av geoforskning.no i samarbeid med landets geofaglige institutter og Aftenposten Viten for sjette året på rad.

Målet for konkurransen å skape blest rundt geofaglig forskning, hedre gode formidlere og oppmuntre forskningsmiljøene til å fortelle om forskningen sin til omverdenen. Et forskningsprosjekt er som kjent ikke avsluttet før det er formidlet.»

Les om konkurransa, og alle bidraga på geoforskning.no.

Vi kan fortsatt begrense den globale oppvarmingen til 1,5 grader. Men da må vi fjerne klimagasser fra atmosfæren, i tillegg til å redusere utslippene. Forskere skal finne ut om havbasert negativ utslippsteknologi kan spille en essensiell og bærekraftig rolle. 

Iskanten: Femten er ikke midt mellom tredve og aldri

Iskanten: Femten er ikke midt mellom tredve og aldri Anonymous (ikke bekreftet) tir, 06/09/2020 - 13:00 Iskantsonen: Femten er ikke midt mellom tredve og aldri "Femten er faktisk ikke midt mellom tredve og aldri. Tallet er heller fire. Og dagens utvinningstillatelser er uansett snart klar av iskanten", skriver Tor Eldevik i Dagens Næringsliv

Innlegg av Tor Eldevik, publisert i Dagens Næringsliv 4. juni 2020

Det er tre ting vi vet om isen i Barentshavet. Vi vet hvor isen er i dag. Vi vet at det blir mindre av den i fremtiden. Og vi vet at hastigheten på istapet avtar når verden beveger seg i retning av Parisavtalen. Regjeringens foreslåtte iskant treffer dårlig på alle tre. Den er hverken et balansert kompromiss mellom faglige alternativ eller en grense egnet til å beskytte iskantsonens sårbare økosystem i den fremtiden forvaltningsplanen setter rammene for.

Her er fire forutsetninger de folkevalgte bør legge til grunn når forvaltningsplanens iskant skal vedtas av Stortinget 18. juni.

1. Det Erna sa.

Det er vanskelig å holde seg med geografiske grenser basert på naturgitte forhold når de naturgitte forholdene endrer seg. Dette var regjeringens utfordring i 2015. Det er regjeringen og Stortingets utfordring i dag.

Hvis en ser bort fra det faktum at nettopp menneskeskapte klimaendringer flytter isen, er statsminister Erna Solbergs oppsummering fra 2015 god: «Vi har ikke flyttet iskanten. Den har flyttet seg selv». Men forståelsen av et isdekke i systematisk tilbakegang synes nå fraværende. Vi har en politisk debatt om hvorvidt et fåtall av dagens utvinningstillatelser berøres av en revidert iskant per dags dato. Hvor denne iskanten vil befinne seg i forvaltningens nødvendige fremtidsperspektiv, kan få gjøre rede for.

2. Dagens lisenser er snart ute av isen.

Hvis Stortinget ønsker å sette en fast geografisk grense for fortsatt utvinning av olje og gass, så bør Stortinget absolutt gjøre det. Men et bevegelig mål som iskanten er fullstendig uegnet til dette. Den vil trekke nordover med isens generelle tilbaketrekning når forvaltningsplanen jevnlig oppdateres med tiden og isens gang.

Dagens lisenser vil uansett gå klar av en iskant basert på de observerte forhold i løpet av relativt få år. Jo lavere isfrekvens, dess lengre tid vil det ta, men utfallet er gitt.

Det uforståelige – for ikke å si meningsløse – i det hele understrekes av at Arbeiderpartiet nå har besluttet å støtte regjeringens iskant som en nordlig grense for petroleumsvirksomhet, men samtidig ønsker en mer sydlig grense for det «særlig verdifulle og sårbare området» denne iskanten per definisjon skal avgrense.

3. Femten er ikke midt mellom trett og aldri.

Forvaltningens «Faglig forum» er delt i sitt syn på iskanten; enten stå ved nåværende praksis på 30 prosent isfrekvens, en linje som i dag går ved Bjørnøya og nordøstover, eller redusere drastisk til 0,5 prosent som setter grensen mye lenger sør, i praksis til isfritt hav.

Ved første øyekast kan det virke som om regjeringen – ved å lansere 15 prosent isfrekvens som forvaltningens iskant – har sikret en rimelig balanse mellom både regjeringspartienes ulike preferanser og Faglig forums sprikende råd. Men femten er ikke midt mellom tredve og aldri. Selv om femten prosent forekomst er halvparten av tredve, er det uendelig mye vanligere enn null sannsynlighet.

Regjeringens forslag er følgelig ikke en grense midt mellom Faglig forums to alternativ. I det spennet av sannsynligheter, eller risiko om man vil, er regjeringens forslag som å forbli ved dagens iskant.

Et balansert kompromiss i denne sammenhengen er en iskant satt ved fire prosent isfrekvens: 30 prosent forekomst er åtte ganger så ofte som fire prosent, og fire prosent er åtte ganger så ofte som 0,5 prosent.

4. Forvaltning handler grunnleggende om fremtiden.

Så til den vanskelige fremtiden. Som antydet av statsministerens spissformulering ovenfor, jo raskere isen trekker seg tilbake, dess mer blir iskanten hengende etter de faktiske forhold for en gitt isfrekvens. Og, motsatt, jo saktere tilbaketrekning, dess tettere kommer iskanten på det «særlig verdifulle og sårbare området» forvaltningen er ment å beskytte.

Således femdobles risikoen for at det virkelige isdekket går utover forvaltningsplanens iskant når en beveger seg fra dagens klimaendringer til en fremtid mer i tråd med Parisavtalen.

Det er dette risikonivået forvaltningsplanen må ta høyde for – som igjen understreker at Stortinget må sette en betydelig mer restriktiv grense enn regjeringens forslag.

Har folks bekymringer for klimaendringene endret seg det siste året? Thea Gregersen fra Norsk medborgerpanel presenterer deres siste resultater fra undersøkelsen om norske klimaholdninger. 

Dobbel trøbbel i Sibir: Heitebølgje pluss karantene

Dobbel trøbbel i Sibir: Heitebølgje pluss karantene Anonymous (ikke bekreftet) fre, 05/29/2020 - 14:08 Dobbel trøbbel i Sibir: Heitebølgje pluss karantene I Sibir er mai-temperaturen 12 grader over normalt. Dei sørlege delane av Sibir opplevde temperaturar målt til 35 grader C.  Den unormale varmeperioden i det nordlege Russland har pågått sidan januar, skriv Igos Ezau.  

Skriven av Igor Ezau, forskar ved Nansensenteret og Bjerknessenteret.

Høg lufttemperatur i sumarlege heitebølgjer kan påverke dødstal mykje. Bybebuarar er spesielt sårbare, ettersom bygningar og såkalla «street canyons» (gater flankert av høgare bygningar), fangar og held på varme lengre. 

Eit teikn på vår notidige globale oppvarming er at heitebølgjer har blitt sterkare og fleire dei siste åra. Heitebølgja i Moskva i 2010 dobla dødsraten for den russiske hovudstaden i forhold til gjennomsnittstalet.

Overskotsdødsfall blei også rapportert etter heitebølgjene i 2003, 2018, 2019. Sumaren 2020 er no på veg med nye temperaturrekordar.

12 grader over førre mairekord

Denne veka er Sibir arenaen for rekordar. Sjølv nord for polarsirkelen, er temperaturen målt til 25 plussgrader over snødekt tundra – over 12 gradar høgare enn den førre rekorden for mai i Norilsk og Igarka. Uvanleg tidlege brannar er observerte.

Samtidig ser sørlege regionar i Sibir temperaturar over 35 grader. Heitebølgja fortset den varme temperaturanomalien som har holdt på sidan januar 2020.

Den tidlege heitebølgja treffer fleire storbyar som er i lockdown grunna sterke russiske karantenetiltak. Det er vanskeleg å sitje i isolasjon i små overoppvarma leielgheiter, sjølv utan begrensingar på transport og reise. Om brannane blir like store som i 2019, forsterkar også kvelande røyk helserisikoane. I den noverande situasjonen kan slike drastiske svekkingar av levekårsstandard auke dødstala i området.

Kart over globale temperaturavvik april 2020
Globale temperaturavvik i april 2020 over land og havoverflata. Figur frå NOAA

 

Dagens situasjon gjer ein tredagars konferanse umogeleg. Som ein forsmak til neste års ordentlege konferanse, går Ocean Outlook online i møte med utfordringar for framtidas hav. 

Barentshavet har blitt eit dårlegare «kjøleskap»

Barentshavet har blitt eit dårlegare «kjøleskap» Anonymous (ikke bekreftet) man, 05/25/2020 - 10:01 Barentshavet har blitt eit dårlegare «kjøleskap» Vatnet som kjem inn i Barentshavet blir mindre nedkjølt enn før. Det har stor betydning for klimaet i området, og kan føre til at fisk og anna liv vil flytta på seg. 

Pressemelding fra Havforskningsinstituttet, av Stine Hommedal

Barentshavets klimasystem har blitt sett på som ei effektiv «nedkjølingsmaskin». 

Det varme vatnet som går nordover med Atlanterhavsstraumen har blitt kjapt nedkjølt når det kjem inn i Barentshavet, på grunn av varmetap til atmosfæren. 

– Denne nedkjølinga dempar temperaturvariasjonane i vatnet som kjem inn i Barentshavet, fortel HI- og Bjerknes-forskar Øystein Skagseth.  

Dempingsmekanismen har igjen ført til at vatnet som strøymer ut av Barentshavet, og blir ein del av den globale havsirkulasjonen, også har halde ein jamn, låg temperatur. 

Barentshavet på veg mot eit varmare havklima 

Forskarane har trudd at med varmare vatn og påfølgande mindre isdekke i Barentshavet, ville varmetapet til atmosfæren auka. Altså, at Barentshavet ville bli eit endå meir effektivt «kjøleskap». 

– Sidan 1990-talet har temperaturen på vatnet frå Atlanterhavet auka, og det har blitt mindre is, seier Skagseth. – Men meir effektivt «kjøleskap» har det ikkje blitt. Overraskande nok fann vi at den generelle nedkjølinga av atlanterhavsvatnet, på sin veg gjennom Barentshavet, har blitt redusert. Det kan skuldast meir varme, fuktige vindar frå sør, som totalt sett har ført til redusert avkjøling, forklarar HI-forskaren. 

Dette viser ei ny studie, gjort av forskarar frå HI og UiB ved Bjerknessenteret, som Skagseth har leia.  

Forskarane har undersøkt hydrografiske observasjonar frå tidsperioden 1971 til 2018.

Hydrografiske observasjonar er målingar av kjemiske og fysiske forhold i havvatnet, som eksempelvis saltinnhald, temperatur og sirkulasjon. 

 – Dersom denne tendensen held seg frametter, har vi fått ein mekanisme som vil driva Barentshavet mot eit generelt varmare havklima.

Store konsekvensar for fisk og livet i havet 

Eit varmare havklima vil få konsekvensar, både i Arktis og globalt. 

 – Eit eksempel er at dersom botnvatnet blir varmare, kan det påverka utbreiinga av enkelte fiskeartar, som torsk og hyse. Den produktive delen av økosystemet i Barentshavet kan forskyva seg austover, mot russisk sone, seier forskaren. 

Ein annan konsekvens kan få globale følger; I klimasystemet er Barentshavet ein viktig del av den globale havsirkulasjonen.

Når ein kombinerer ein varmare Atlanterhavsstraum med mindre nedkjøling, betyr det at vatnet som strøymer ut frå Barentshavet til Norskehavet og Polhavet har blitt mykje varmare – som igjen kan påverke straumar i havet langt utover Barentshavet.  

Må overvaka over lengre tid 

Skagseth understrekar at ein enno ikkje kan slå fast at havklimaet i Barentshavet har endra seg for godt. 

–  Jamfør global oppvarming, kan vi rimeleg sikkert gå ut frå at atlanterhavsvatnet vil bli varmare. Men det er usikkert korleis endringar i atmosfæren som stormbanar og dominerande vindretningar vil slå ut. I tillegg er det store naturlege variasjonar frå år til år, så difor må me følgje utviklinga over tid for å slå fast at det har skjedd eit endeleg skifte. 

– Men våre data over dei siste tjue åra, viser at Barentshavet er i endring, og går mot eit generelt varmare havklima.  

Referanse: 

Skagseth, Ø, Eldevik, T, Årthun, M, Asbjørnsen, H, Lien,VS, Smedsrud, LH (2020) Decreasing efficiency of the Barents Sea cooling machine. Nature Climate Change, DOI:10.1038/s41558-020-0772-6

 

Den arktiske sjøisen er i bevegelse heile året. Den utvidar seg til sitt ytterste i mars, og når sitt minimum i september. Variasjonane gjennom året, og frå år til år, beror på vind, vær, og havstraumane. Men Arktis er i endring. 

Hageplanter er ikke effektive karbonlagre. Men det er ikke uviktig hvilken type jord du kjøper på hagesenteret. Torvbasert jord ødelegger eldgamle karbonlagre.