Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Bjerknesforskarane Natalia Ivanova (NERSC), Martin Miles (Uni Research) og Jostein Bakke (UiB) organiserer den 45. Arctic Workshop. Foto: Gudrun Sylte

Amerikansk workshop på bergensk

Det bergenske klimaforskningsmiljøet markerer seg ved å arrangere Arctic Workshop 2015. 

Body

Det er eigentleg ein amerikansk workshop som pågår på Dragefjellet desse dagane, men i år ligg den i Bergen. Den tradisjonsrike workshopen har blitt arrangert førtifem år i strekk, annakvart år er den i Boulder, Colorado, og anna kvart år ein annan stad i Nord-Amerika.

– På Arctic Workshop i Boulder i fjor, gjekk diskusjonen om ikkje me i Bergen burde ta ansvaret for å arrangere workshopen. Den ballen tok me, og det vert ein måte for oss å markere seg på, seier Jostein Bakke, professor ved Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret.

Frå søndag til onsdag denne veka er kring hundre forskarar frå Europa og Nord-Amerika samla til workshop om arktisk klimaforskning. Utgangspunktet er fortidsklima, men med workshopen samlar forskarar frå heile klimaspekteret i fortid, notid og framtid.

– Me har over hundre påmeldte i år, det er eit svært godt oppmøte. Vanlegvis er det krign 70 deltakarar på workshopen. I år er det ein delegasjon på kring 30 som deltek frå Nord-Amerika, og kring 70 frå Europa, seier Martin Miles, medarrangør og forskar på Uni Research og Bjerknessenteret. 

Sjå heile programmet her
 

Fokus på dei unge

– Workshopen er eit unikt høve for unge forskarar. Noko av poenget er å trekke fram dei unge forskarane til å presentere, seier Jostein Bakke.

Ved hjelp av midlar frå ResClim, den nasjonale forskarskulen i klimaforsking, har førti stipendiatar fått støtte for å få råd til å delta på konferansen.

Ray Bradley, Arctic Workshop 2015, Foto: Gudrun Sylte
Ray Bradley på Arctic Workshop 2015. Foto: Gudrun Sylte

Blant dei eldste deltakarane er Ray Bradley, professor ved University of Massachussets, som også deltok på den aller første Arctic Workshop i 1970. Heilt sidan starten har fokuset lagt på unge forskarar og ein uformell tone, som ein stad der stipendiatar kunne presentere si forskning og få tilbakemelding frå meir erfarne forskarar.

– Det begynte med at John Andrews  sendte ei gruppe studentar til Baffin Island. Etterpå presenterte dei det dei fann. Tema då var kun på istidsklima, men sidan den gongen har workshopen vakse i omfang og tema, seier Bradley.


Samarbeid over Atlanteren

Ray Bradley er ein nestor innan fortidsklima. Han var i mange år ein del av det vitskaplege rådet for Bjerknessenteret. Bradley og Bakke har samarbeida tett dei siste åra,  Dei har drive "International Quarternary Webinar" saman, ei forelesningsrekke på tvers av Atlangeren, overført på nett mellom Boston og Bergen. Samarbeidet tok fart då Jostein Bakke i 2011 fekk stipendet Fulbright Arctic Chair, og flytta med familien til Boston for å jobbe saman med Bradley.

I fjor vart Jostein Bakke og Raymond Bradley kollegaer på UiB, då Bradley fekk ei professor II- stilling på Institutt for geovitskap.

– Programmet på workshopen er endrar seg frå år til år. I år er det stor vekt på marine tema, ettersom Bjerknessenteret og forskinga her i Bergen er store på det. Eg ser fram til å få vite meir om forskninga i dei nordiske havområda. Eg jobbar sjølv med forskingsprosjekt på  Færøyene, Svalbard og Aust-Grønland, seier Ray Bradley.