Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Amerikanske universitet blir kjend med Noreg

 Jan Asle Olseth peiker og forklarer instrumenta på taket av Geofysisk institutt. Foto: Gudrun Sylte

Amerikanske universitet blir kjend med Noreg

Tolv amerikanske universitet avslutta si rundreise i Noreg på Bjerknessenteret.

– Careful, mind your head!

Ei smal vindeltrapp sluttar i ei dør som ikkje er stort meir enn ein meter høg. Ute på taket i tårnet på Geofysisk institutt står førsteamanuensis Jan Asle Olseth og passar på at alle dei amerikanske besøkande kjem seg gjennom utan å dunke hovudet i karmen.

Ein delegasjon på tjue rådgjevarar og fagpersonar frå tolv amerikanske universitet har vore på ei vekes rundreise i Noreg. Frå Oslo via Trondheim og Tromsø endar turen i Bergen på besøk hos UiB og Bjerknessenteret.

– Vårt amerikanske søsterkontor har tatt eit initiativ for å doble antal amerikanske studentar som reiser ut på utveksling, seier Linda Rutledal, rådgjevar på SIU, Senter for internasjonalisering av utdanning.

– Det er enklare å rettleie studentar som vil ut, når dei sjølv har vore på insitusjonen og har kjennskap til gode fagmiljø.

Tema for rundreisa er energi og miljø. Dermed falt det naturleg å legge turen til Bjerknessenteret når besøket kom til Bergen, ifølge linda ved SIU som koordinerer turen.

Gjennom to timar fredag ettermiddag gav eit knippe forskarar på Bjerknessenteret besøket eit overblikk over den pågåande forskinga.