Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Animasjonene viser treårlig midlet overflatetemperatur relativt til 1951-1980, som er hva GISS bruker som standard middelperiode. Endeårene 1880 og 2015 er ikke midlet. Animasjon: Helge Drange

Året då temperaturen og champagnekorkane gjekk i taket

Jubelen etter klimaavtalen frå Paris rungar framleis. Men det er berre tre stortingsperiodar til norske utslepp skal vera nærast halvert. Og imens stig temperaturen

Body

Nyleg kom dei offisielle tala frå dei store vêrsentra i England, Japan og USA som alle stadfesta det vi har visst i lang tid – fjoråret blei det suverent varmaste året som er målt på jorda, og markerte slutten på alle spekulasjonar om den globale oppvarminga var stoppa opp. Det herskar ikkje lengre rom for tvil. Våre utslepp av drivhusgassar til atmosfæren fører til rask oppvarming, og vi ser stadig tydelegare konsekvensar i form av flom, tørke, hetebølgjer, havstigning og utfordringar knytt til tilgang på vatn og mat.  I tillegg lærer vi stadig meir om samspelet mellom menneskeskapte og naturlege klimavariasjonar, som enkelte år vil svekke, og andre år vil forsterke, den globale oppvarminga.

 

I det første tiåret etter tusenårsskiftet førte uvanleg sterke passatvindar i Stillehavet til ei avkjøling som delvis heldt den globale oppvarminga i sjakk, men i 2014 endra situasjonen seg. Då begynte modellane å varsle om svake vindar og varmare overflatevatn i Stillehavet. Dette slo berre delvis til, men den sterke avkjølingseffekten forsvann og med atterhald om statistisk uvisse vart året det varmaste som hadde vore målt så langt. I 2015 var det derimot ingen tvil. Allereie dei fyrste månadane tangerte målingane tidlegare varmerekordar, samstundes som at modellane varsla oppbygginga av ein kraftig El Niño.  Dette er kjenneteikna av usedvanleg svake passatvindar og veldig varmt overflatevatn i den tropiske Stillehavet, altså det motsette av situasjonen som hadde prega åra etter tusenårsskiftet. Frå mai og utetter gjekk det berre ein veg. Temperaturane steig og steig, og mot slutten av året vart dei gamle månadsrekordane knust med nesten ein tredjedels grad. Akkurat det var det ikkje så mange som hadde sett for seg i byrjinga av året. På grunn av meir drivhusgassar i atmosfæren er temperaturen blitt langt høgare enn sist det var ein El Niño av omlag same storleik, og berekningar syner at 2015 ville satt ny varmerekord sjølv utan El Niño mot slutten av året.  

Global temperaturs. Fig. Helge Drange
Figuren syner endring i global temperatur for dei to analysene frå NASA/GISS og Hadleysenteret relativt til 1961-1990. Søylene viser tiårs midla temperaturavvik (søyla lengst til høgre viser perioden 2010-2015). Figur: Helge Drange

Vi går inn i 2016 med rekordhøge temperaturar over store delar av jorda, og mange spår at fjorårets rekord vil bli slått allereie i år. I følgje modellane vil passatvindane gradvis ta seg opp igjen utover våren og sommaren, slik at El Niño effekten minskar og kanskje til og med vil bli svakt avkjølande. Vi kan derfor rekne med rekordhøge målingar i første halvår av dette året, mens prognosane for andre halvår er meir usikre. Det vi kan seie med stor grad av sikkerhet er at tendensen er klar. Enkeltår endrar ikkje det faktum at jorda vert varmare, og at vi stadig nærmar oss det forskarane karakteriserer som farlege klimaendringar.  

 

Trass i at den globale middeltemperaturen gjekk i taket, kom det på tampen av året likevel gode nyhende. I desember samla nesten alle lands leiarar seg i Paris og bidrog til ein historisk god klimaavtale, vedtatt til taktfast applaus og champagne eit døger på overtid. Avtalen byggjer på nasjonale planar for 186 land som dekker 94% av utsleppa av klimagassar, og tar sikte på å halde den globale temperaturauken godt under 2 grader samanlikna med før-industriell temperatur. Planane er så langt utilstrekkelege for å nå temperaturmåla, men ein klausul om å styrke ambisjonsnivåa kvart 5. år gjer det mogeleg dersom taktskiftet går raskt nok. Dette vil krevje dramatiske kutt i verdas utslepp av klimagassar, som mot slutten av dette hundreåret må bli mindre enn naturens eige nettoopptak.

Noreg har skrive under på at vi skal redusere utsleppa med 40% innan 2030. Dette er berre tre stortingsval fram i tid, og vil krevje raske og store omleggingar i særleg offshore, industri og transportsektorane. Det hastar å koma i gong, og det er med stor undring vi les at vår nye klima- og miljøminister spår at norske utslepp vil gå opp dei neste åra og meiner at utsleppa i denne perioden ikkje vert påverka av avgjerder som dagens regjering tar. Dette er i beste fall passivt, og gjer det særs vanskeleg å følgje opp intensjonane og forpliktingane i Paris-avtalen.