Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

N-ICE 2015 er ein spektakulær forskningskampanje. I januar lot forskningsfartyet RV Lance seg fryse fast i sjøisen i Arktis for å drive med isen gjennom eit halvt år. Forskarar frå heile Norge og fleire andre land  deltek puljevis fram til juni . Alle foto: Algot Peterson

Avgarde til eit fastfrose skip

Forskningskipet RV Lance skal drive med sjøisen gjennom eit halvt år. Det gir ein spesiell mulighet for å fange data om dagens  tynnere sjøis i Polhavet. Og ikkje minst om korleis den smeltar.

Body

– ­Det er Algot som har hatt den mest interessante etappen. Me får meir ei sjarmøretappe, seier Lars Henrik Smedsrud, professor ved UiB og Bjerknessenteret.

I seks veker frå februar til april var stipendiat  Algot Peterson stasjonert på isen saman med forskarkollegaer ved ei lang rekke institusjonar.

Petersons mål var å hente data frå vasslaga under isen. Desse vil han bruke for å kunne seie meir om korleis vasslaga blandar seg under isen i Arktis, og korleis det varme atlanterhavsvatnet eventuelt miksar seg og smeltar sjøisen frå undersida.

– No når sola er tilbake, vil isen også smelte av solstråling. Difor er observasjonane til Algot svært interessante. Då kan me få vite meir om korleis sjøisen smeltar om vinteren, når det ikkje er sola som smeltar den, seier Smedsrud.

Sjå fleire bilete på Algot Petersons blogg

Her kan du sjå korleis Lance har forflytta seg

 

 

Algot Peterson, Ingrid Onarheim og Lars Henrik Smedsrud. Foto: Gudrun Sylte
Algot Petersen (til venstre) peiker og forklarer oppsettet av instrument og forskningsfasiliteter om bord, før Ingrid Onarheim og Lars Henrik Smedsrud tar turen ut på isen. Dei skal vere stasjonert om bord i fire veker. Foto: Gudrun Sylte

 

Isbjørnvakt

– Men er det nok sjokolade ombord?

Professor Lars Henrik Smedsrud snakkar truleg av erfaring.                                

På kontoret hans ein dag i april førebur Smedsrud seg til reisa nordover saman med Ingrid Onarheim, stipendiat ved UiB og Bjerknessenteret. Algot Peterson fyller inn om oppsett av måleinstrumenta på isen.

 Det er ei utfordring å få utstyret til å fungere under temperaturar på 10-20 kuldegrader. Isbjørn er ein annan risikofaktor.

– Ein bør operere i team på tre. Det bør vere to til observasjonar og sjekk av instrumenta. Det er vanskeleg å gjere det aleine, og ein må ha med isbjørnvakt, seier Peterson.

 

Eittårsis

Hovedmålet for toktet er finne ut meir om korleis sjøisen flyttar seg, korleis den smeltar og korleis vatnet rører seg under isen.

I 2007 og 2012 var det rekordlite sommaris i Arktis. I mars i år vart det sett ein ny rekord: Maksimal vinterutstrekning av havisen var i år mindre enn nokon gong tidlegare har vore observert, sidan satellittmålingane starta i 1979.

I dag er isen i Polhavet om lag  ein meter tynnare enn den var for vel 30 år sidan. Ifølge Norsk Polarinstitutt er det av større betydning  at isen no for tida er tynnare enn før, enn at området med sjøis  er mindre i sommarhalvåret. Når isen er så tynn, er det mest  kun eitt år gammal is. Samanlikna med is som er fleire år gammal, smeltar eittårsisen raskare. Ein av grunnane til dette er at eittårsisen reflekterar meir  sollys enn fleirårsisen.

Medan Algot Peterson sitt doktorgradsprosjekt handlar om korleis vatnet blandar seg  vertikalt  i djupet under sjøisen, følger Ingrid Onarheim varmeinnstrauminga nordover rundt Svalbard  og undersøker kvifor iskanten flyttar seg fram og tilbake.  

Professor Lars Henrik Smedsrud har jobba med sjøis gjennom mykje av  si forskarkarriere, og ser fram til å få litt pause frå kontorlivet om bord på R/V Lance. Han har ikkje vore i Polhavet sidan han akkurat var ferdig med mastergraden.

­– Det er på tide å komme tilbake, mykje har endra seg sidan 1996, seier han.

Og korleis det var det med sjokoladen?

– Det er ein heil palle med sjokolade på lageret. Du lever godt om bord, forsikrar Algot Peterson.

 

 

Andre mediesaker frå toktet:

National Geographics  

I mars var ei gruppe barn om bord, som etterpå gjekk til Nordpolen.

I april var også Kronprinsparet og miljøvernminister Tine Sundtoft på besøk på isen.