Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Erlend med reinsdyr i rundkjøringa på Kvaløya. foto: PoletoParis

Erlend er i gang 

Dei aller første etappane på vegen mot Paris er tilbakelagt. 

Body

Mandag 2. august starta Erlend Moster Knudsen på dei vel 3000 kilometrane gjennom Noreg på vegen mot Paris.

Rute Pole to Paris #northern run

I dag torsdag er han i mobil skygge på Senja, før han når Andøya på lørdag. Følg ruta her

I prosjektet Pole to Paris spring klimaforskaren frå Tromsø til Paris,  medan kamerat og kollega Dan Price syklar frå Australia til Paris. Price byrja sin tur i februar og er no i Bangladesh.

Målet med prosjektet er å skape merksemd og medvisse kring det internasjonale klimatoppmøtet i Paris i desember i år. Langs ruta har både Erlend og Dan innlagte stopp med klimaforedrag. 

 

I den nordlege delen av Pole to Paris spring Erlend frå Tromsø til Bergen i perioden august - oktober,  og deretter frå London via Brussel til Paris i november. Norge på langs-turen til Erlend stoppar i Bergen i oktober med ein klimakveld i samarbeid med Bjerknessenteret. 

Sjå innslag frå startarrangementet på Polaria i Tromsø hos TV2 og NRK 

 

 

Erlend Moster Knudsen avla si doktorgradsavhandling i klimadynamikk på UiB og Bjerknessenteret i mars i år. Les meir om hans doktorgradsarbeid her: Nordpolens skjebne berører været vårt.  

Les også: Med joggesko frå Tromsø til Paris

 

Følg Pole to Paris på FacebookTwitter og Instagram