Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Futt for Turspor

Ein fin konvolutt med sløyfe dukka opp i postkassa til Kerim Nisancioglu på Bjerknessenteret. Direktør Tore Furevik (til venstre) følger med når den skal opnast. Foto: Gudrun Sylte

Futt for Turspor

Kombinasjonen ut på tur med formidling av klima og geofag får 1,1 millonar kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen. Pådriver Kerim Nisancioglu gledar seg til vidareutvikling av Turspor-prosjektet.

– Turspor er ein unik mulighet for å formidle viten om vær og klima samstundes som ein aktiverer folk. Det er utroleg flott at me får støtte til formidling av fag på ein slik artig måte som dette, seier Kerim Nisancioglu, førsteamanusis ved Institutt for geovitenskap på UiB og forskningsleder ved Bjerknessenteret.

Like før påske kom gladmeldinga frå Sparebankstiftelsen: Turspor får ei gåve på 1.1 milloner kroner for vidareutvikling av konseptet. 

 

Friluftsliv, forsking og turglede

Kerim Nisancioglu er opphavsmann og pådrivar for Turspor-prosjektet, der ein knyttar saman friluftsliv, forsking og turglede. Formålet er å gjere faginformasjon om natur og naturfenomen tilgjengelege for turgåarar og då særleg barn og unge.

Forskarar og studentar ved UiB og Bjerknessenteret og Skolelaben i realfag har utvikla konseptet saman. Ideen er å lage turar ute i naturen med fakta om geologi, vær- og klima på stader der ein beveger seg gjennom løypa. Tilpassa tekstar og illustrerande grafikk skal vere tilgjengeleg gjennom mobil langs løypetraseen, der ein til dømes kan lese om morenen, isbreen, permafrost, høyfjellsflora eller fallvinder i området.

­ – Konseptet handler om å gjere populærvitskaplege forskningsartiklar tilgjengeleg direkte ute i naturen og på fjellet. Landet vårt er rikt på naturopplevingar og naturfenomen som kan gi enda meir utbytte om me forstår det me ser. Enkelt tilgjengeleg, kvalitetssikra tekstar og god grafikk gjer at Turspor vil gi auka kunnskap og opplevelse ute i våre nasjonalparkar, fjellområde og utfartsstader, seier Nisancioglu.

 

To årlege samlingar

Turspor-konseptet starta opp i 2012, og to turar på Finse og Dovre med tilhøyrande infotekstar er utvikla så langt. Dei har vore utprøvd saman med lærarar og elevar, og ei forbetra utgåve av desse turane vil etterkvart bli tilgjengelege på turnettsida ut.no, som er eit samarbeid mellom DNT og NRK. 

– Med dei nye midlane frå Sparebankstiftelsen kan me no gå i gang med å produsere fleire turar og med tilhøyrande materiale. I tillegg vil me ha to årlege samlingar, ein for tursporformidlarar som forskarar, stipendiatar og lærarar, og ein meir brukarretta for elevar og turgåere generelt, seier Nisancioglu.

 

Les om den første Turspor-dagen på Dovre i 2012: Åpen dag på Dovre
og på Finse i 2013: Kurses i klimakommunikasjon