Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Jobbar for gigantisk Arktis-studie

Har UD med på laget: Fra venstre Are Olsen, statssekretær i UD Bård Glad Pedersen (H) som opna møtet i Washington sist veke, og Øyvind Paasche, leder for Bergen marine forskningsklynge, UiB

Jobbar for gigantisk Arktis-studie

Fleire forskningsskip samtidig, over fleire stader i Arktis, det er nødvendig for å få ein ordentleg referanse over tilstanden i nord.

– Arktis vil gå gjennom store endringar dei kommande åra på grunn av global oppvarming. derfor treng me ein referanse for å ha ein heilskapleg forståing av Arktis, seier Are Olsen, førsteamanuensis ved UiB og Bjerknessenteret.

Forskarar frå fleire land samlar seg no for å få gjennomført eit stort forskningstokt i Arktis, eit såkalla synpotisk studie. Målet er å gå inn med fleire isbrytarar samstundes, rundt fem-seks skip. Perspektivet er etter 2020, sidan dei fleste forskningsfartøy allereie er  booka fram til då.

Så langt er forskarar frå USA, Canada, Tyskland, Japan, Korea, Sverige og Norge med på laget, og det vert jobba for å også få med Russland og Kina.

 

Synpotic Arctic Survey, group photo June 24.
Initiativtakerne til SAS, Synpotic Arctic Survey, samlet i Washington i midten av juni. Fra venstre: Dwight Gledhill, Heidi Marie Kassens, Hedy Edmonds, Kyoung-Ho Cho, Melissa Chierici, Takashi Kikuchi, Kumiko Azetsu-Scott, Steingrimur Jónsson, Kathy Crane, Jim Swift, Leif Anderson, Carin Ashjian, Are Olsen, Amalia Almada, Øyvind Paasche, Eddy Carmack, Sebastian Gerland, Michiyo Yamamoto-Kawai. 

 

 

Eit stort studie som dette er aldri gjort før i Arktis. I slutten av juni var forskergruppa som har tatt initiativet til SAS - Synpotic Arctic Survey, samla i Washington, USA. 

– Dei data me har frå Arktis er stykkevis og delt. Det er samla inn over små område, uavhengig av kvarandre. Då er det vanskeleg å justere for sesongvariasjon og mellomårleg variasjon som påvirkar Arktis. I det nye studiet vil me kunne unngå desse effektane,seier Olsen.

Are Olsen og Øyvind Paasche frå Universitetet i Bergen er blant initiativtakarane til den store studia. No har dei samla ei stor gruppe forskarar og land med interesse for Arktis.

– I løpet av hausten skal me lage ein vitskapleg plan for SAS. Den skal presenterast i New Orleans, under Ocean Sciences Meeting i februar neste år, seier Olsen.