Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Erlend Moster Knudsen har løpt aktivt sidan tenåra, både orientering og langdistanse. Ei utfordring på etappen Tromsø-Bergen er å finne den rette balansen mellom varme klede og nok mat versus vekt og volum i sekken. Langs vegen håpar han mange nok vil interessere seg for prosjektet og kanskje tilby tak over hovudet for ei natt. Foto. Gudrun Sylte

Med joggesko frå Tromsø til Bergen - og vidare til Paris 

Målet er å skape merksemd om årets klimatoppmøte i Paris i desember.

Body

Erlend Moster Knudsen fullførte nyleg doktorgradsavhandlinga si ved UiB og Bjerknessenteret. Det neste prosjektet han no tar fatt på , er formidlingsprosjektet ”Pole to Paris”.

Kort sagt: Erlend bruker beina (stort sett) frå Tromsø til Paris, medan kameraten og klimaforskaren Daniel Price forflyttar seg med sykkel frå Australia til Paris.

 

Map Pole to Paris

 –  Dette er ikkje politisk aktivisme, sjølv om det er aktivisme i form av å få merksemd kring klimatoppmøtet. Me er klimaforskarar og ønskjer å vise at me ser faren i klimaendringane,  og kor viktig det er at verdas land blir samde om ein avtale for å dempe utslepp av klimagassar. Men me har ikkje nokon meining om korleis dette bør gjerast, seier Erlend Moster Knudsen.

 

Klimaforedrag og Forrest Gump

Innbakt i forflyttinga frå kvar sin utpost i verda og mot Paris, er også arrangement og foredrag. På vegen mellom Tromsø og Bergen planlegg Erlend å halde klimaforedrag på ei rekkje skular, bedrifter og utdanningsinstitusjonar. Pakka i sekken har han med seg nettbrett og kamera for oppdatering av nettsider og sosiale medier, pluss eit Pole to Paris-flagg.

Og for dei som eventuelt skulle ønske å vere med å springe ein etappe, er det absolutt mogleg og svært velkomment.

– Etappane vil både gå langs vegen med stopp i tettstader, men også ute i terrenget med stopp på DNT-hytter. I rein Forrest Gump-stil: Følg med på nettsida for aktuelle etappar å vere med å springe, oppfordrar Erlend.  

Sjølv om alle detaljar framleis ikkje er konkretisert, er eit mål klart: Han skal nå Hemsedal innan 3. oktober der søstera sitt bryllup skal stå.

På den andre sida av kloden starter prosjektet opp den kommande veka. Den 22. april set Daniel Price seg på sykkelen og trillar ut av Brisbane i Autstralia. Erlend med joggeskoa har oppstart i august, og ventar å komme til Bergen andre veka i oktober.
 

Stafett gjennom Storbritannia

Både Erlend Moster Knudsen og Daniel Price er doktorer i polart klima. Erlend disputerte med ei avhandling om Arktis, Dan om Antarktis.

– Polområdene er stader der klimaendringane går raskt. Me ønskjer å dele forståelsen av kor unike desse endringane er og kor står påvirkning dei har på oss no og i framtida. Dette er noko me ønskjer å nå breiare ut med i møte med enkeltpersonar, skuleungdom og via media, enn det me gjer gjennom vitskaplege artiklar. Bakgrunnen for Pole to Paris er at både eg og Dan har ei kjensle av at me i det store og hele ikkje forstår alvoret av klimaendringane eller kor viktig det er å handle for å unngå dei verste konsekvensane, seier Erlend.

I prosjektet er det belastningsskadar som er Erlend si største frykt, reint teknisk. Ei løype på 3000 km frå Tromsø til Paris er lang, sjølv om han ikkje sjølv vil springe heile strekket. Framme i Bergen tar Erlend seg ein pause på nokre veker, før han igjen vil løpe frå London via Brussel til Paris.

– Eg håpar at nokon kan ta med flagget på seilbåt over Nordsjøen til Skottland eller Nord-England.  Me har kontaktar i Storbritannia som kan springe med flagget som stafett til London, seier Erlend.

Saman med kjærasten Oria Jamar de Bolsée som er master i leiarskap innan miljøvern. jobbar dei med å legge brikkene på plass for eit arrangement i London og Brussel og løpsetappar til Paris. Sjølv om Erlend tar pause frå løpinga, vil han likevel ikkje ta pause frå prosjektet. Han vil bruke tida på foredrag og skulebesøk på Aust- og Sørvestlandet.

 

– Sprekt prosjekt

Også Bjerknessenteret støttar prosjektet som eit formidlingsprosjekt fram mot klimatoppmøtet i Paris.

– Dette er eit usedvanleg sprekt formidlingsprosjekt som Bjerknessenteret er veldig glad for å vera med å støtte. Erlend kombinerer her sine store interesser, klimaforsking, formidling og løping,  og me vil med stor interesse følgje hans ferd frå Tromsø til Paris fram mot det viktigaste toppmøte om klima på veldig mange år.  Det hastar meir enn noko sinne å redusere klimagassutsleppa og gjere fattige land mindre sårbare for klimaendringane, og Erlend sitt bidrag vil gjennom auka merksemd på klimaproblemet vera med å dytte i rett retning, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret.

Det faktum at ein stor del av klimaforskarane på Bjerknessenteret også er aktive løparar, dukar for ein klimaforskaretappe inn mot byen den andre veka i oktober.  


 

Erlend Moster Knudsen kan kontaktast på e-post erlend@poletoparis.com eller mobil +47 400 48 664