Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Fra Moana - the Rising of the Sea. Foto: Eilin Holtan Torgersen, UiB

Festspillforestilling og klimasymposium: Moana – the Rising of the Sea

Fredag 29. Mai er det duka for Festspillsymposium om Stillehavet og stigande havnivå.  

Body

 

”For alle som bor på en øy, omgitt av det dype og vakre, men farlige havet, er det grusomt å tenke seg at øya en dag skal slukes av vannmassene. For innbyggerne på de tropiske Stillehavsøyene er dette i ferd med å skje.”

Sitatet over er henta frå Festspillprogrammet 2015. I Grieghallen neste fredag går 29 dansarar frå Fijiøyene på scena med framsyninga Moana – the Rising of the Sea.

Danseframsyninga er blitt til gjennom midlar frå EU-prosjektet ECOPAS som er koordinert av Edvard Hviding, professor i sosialantropologi ved UiB. Gjennom ECOPAS innleidde Hviding eit samarbeid med Noel Keenlyside, professor i tropisk meteorologi på UiB og Bjerknessenteret. 

I det faglege symposiet fredag 29. mai blir utfordringane for befolkninga på Stillehavsøyene belyst med foredrag frå inviterte forskarar frå Hawaii og Stillehavsøyene, klimaforskarar frå Bjerknessenteret, Institutt for sosialantropologi, politikarar og artistar frå Noreg og Stillehavsøyene. 

Symposiet blir leidd av Hviding og professor Tor Eldevik, forskingsleiar ved Bjerknessenteret. Eldevik ser fram til dagen:

– Dette er ein stor dag for Bjerknessenteret der vi kan setje vår forsking i eit større perspektiv, saman med internasjonale forskarkollegaer og ikkje minst i dialog med dei menneska som er direkte råka av et klima i endring.
 

Klikk her for å melde deg på symposiumet 
Her ser du heile programmet

‘Moana: The Rising of the Sea’ – Promo Trailer for the European Tour 2015 from UiB - Universitetet i Bergen on Vimeo.

 

Der Hviding er ekspert på folk og kultur på Stillehavsøyene, er Keenlyside klimaforskaren som kan forklare kvifor havnivåstigninga har aksellerert så voldsomt dei siste tjue åra. Årsaka ligg i eit samspel mellom passatvindane og samspelet mellom hav og atmosfære i tropene.

Les meir om dette fenomenet i Svake vinder kan redde Stillehavsøyene, ein artikkel skriven av Hviding, Keenlyside og Bjerknesdirektør Tore Furevik før Bjerknesdagen 2014. Eit av dei opne spørsmåla dersom øysamfunna i Stillehavet forsvinn heilt eller delvis, er kva som då vil skje med nasjonal suverenitet og havrett

Førestillinga Moana avsluttar ein dag med fokus på menneske og klimaendringar der Universitet i Bergen er vertskap for det tilhørande symposiet.