Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Mottok pris for framifrå forskarinnsats


MELTZERPRISVINNARANE: Forskarane Ole Hjortland, Kikki Kleiven og Alistair Seddon saman med UiB-rektor Dag Rune Olsen under utdelinga.
Foto: Thor Brødreskift

Mottok pris for framifrå forskarinnsats 

Dei unge forskarane Alistair Seddon og Ole Hjortland har fått internasjonal merksemd for forskinga si. 8.mars mottok dei alle Meltzerprisen for 2016.   

8.mars fekk Kikki Kleiven Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling.

– Det tyder så enormt mykje, eg vart berre kjempeglad og stolt. Særleg over at det er mitt eige miljø som har nominert meg, seier Kleiven.

Ho er førsteamanuenis i geologi og er også tilknytt Bjerknessenteret for klimaforskning, og har både utdanning og doktorgrad frå UiB. 

    I grunngjevinga for prisen vert ho skildra slik:

    ”Vinneren av årets Meltzer-pris er kjent for å være en effektiv formidler som bruker en rekke ulike medier i sin formidling; TV, radio, aviser, blogger, kronikker, bøker og foredrag.  Kandidatens aktive profil på sosiale medier gjør at hun tjener som en foregangskvinne for hvordan disse plattformene kan brukes til faglig formidling.”

    Les intervjuet med Kikki Kleiven her.

    Må vere hekta på feltet

    Alistair Seddon og Ole Hjortland fekk Meltzerprisen for unge forskarar.

    Alistair Seddon er førsteamanuensis ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen, og tilknytt Bjerknessenteret for klimaforskning. Han leier eit unge forskartalent-prosjekt etablert av Forskingsrådet. 31-åringen har allereie ein heilt eineståande akademisk CV med mange prisar, forskingsstipend og internasjonale publiseringar.

    Dei siste åtte åra har han fått 14 forskingsstipend og publisert 14 vitskapeleg artiklar og bok-kapitler i internasjonalt anerkjente tidsskrift som Nature og Ecology.

    – Prisen var ei stor overrasking for meg, men eg set stor pris på at jobben eg gjer blir lagt merke til hos kollegaene mine, seier Seddon.

    Han har eitt råd å gi til andre unge forskarar som ynskjer å nå langt.

    – Det viktigaste fellestrekket alle suksessfulle forskarar eg kjenner har, er at dei er heilt hekta på forskingsfeltet sitt og har det gøy med forskinga, seier han.

    Vil formidla logikk

    Ole Hjortland er førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, med sin doktorgrad fra University of St. Andrews i 2009.

    – Å få denne prisen er ein fantastisk motivasjon for å drive med forsking, seier Hjortland. 

    I 2016 ble fekk han midlar frå Forskingsrådet for å leie prosjektet Anti-exceptionalism about logic. Kjerna i prosjektet er ei hypotese om at logiske teoriar kan bli valt ut gjennom den same vitskapelege metoden som teoriar i andre vitskapar. Prosjektet er tverrfagleg og involverer samarbeid med andre disipliner som psykologi, matematikk og fysikk.

    – Planen er at pengene skal bidra til forskingsprosjektet om logikken sin filosofi. Eg er spesielt interessert i å finne nye måtar å formidle logikk på, ikkje minst fordi logikk er mangelvare i den offentlege meningsutvekslinga, seier han.